Ymist.

 

Den store Skulekommisjonen byrjad Arbeidet sitt i Slutten av September. Formannen er Rektor Steen. Dei andre er: Presten Balchen, L. M. Bentsen, Liestøl, Ullmann, Bonnevie, Hektoen, S. Nilsen, Liljedal, Fougnar, Hedevig, Rossing og Klokkar Vollan.

 

 

Jonas Lie hev skrivet ei ny Bok, som straks kjem ut. ”Kommandørens Døtre” heiter ho.

 

 

HansJæger er det ikkje slutt med endaa. Straks han var dømt, fortalde Morgenbladet, at han var burtvist fraa Allskulen. Dette var ikkje sant. Jæger hadde teket Studenteksamen, men han hadde ikkje fenget Borgarbrevet. Trast han saag dette i Bladi, gjekk han avstad og vilde faa det, men han vart negtat. No hev han stemt Kollegiet for Retten.

 

Men ikkje nokk med det. Daa Jæger vart negtat Borgarbrevet, vart det straks etter haldet Møte i ”den frisindede Studentforening”. Det var Meiningi aa faa vedteket eit nytt ”Afsky” dennegong mot Kollegiet. Det gjekk ikkje. Dei vart samde um aa samankalla eit aalment Studentmøte, som vart haldet no Onsdags Kvelden. Slutten paa alt vart, at det vart vedteket eit sovoret Framlegg: Studentarne vil ikkje hava meir aa gjera med Jæger og Saki hans.

 

 

TilStiftsmøti, som skal haldast i Haust, vert det no haldet Val Landet rundt. Men etter som det ser ut, bryd Folk seg svært lite um dei. Endaa Bladi hev uppmanat dei til aa møta fram, so kjem det ikkje meir enn 10-20 og i Høgdi 50 Mann. Soleis hev det gjenget i Kristiania og likeins gjeng det allestadar.

 

Ein kann soleis paa Fyrehaand greidt segja, at desse Møti ikkje hev noko aa segja. Nokon Folkemeining hev dei ikkje aa stydja seg til og so vert vel det heile deretter og.

 

 

Raaskap. Høgrebladet Indherredspostenskriv um Oftedals Vitjing av Stenkjær m. a.: ”Vi troede dog, at vi herinde skulde blive fritaget for den Slags religions-kristelige Humbug, som Pastor Oftedal med Støtte af sit Kreatur Kirkestatsraad Sverdrupfarer Land og Strand og gjør Forretninger i, aldenstund han ikke lagde sin Reiserute gjenem Indherred, dengang han for en Tid siden beærede Namsos med sin fede Nærværelsepaa Sydreise fra Nordland”.

 

Baldet hev mykje sovoret, so ein kann tenkja seg, korleis Botnen er.

 

 

I Stavanger er det komet ut eit Paabod, som forbyd Kvinnfolk aa sjaa seg paa Gata etter Kl. 10 um Kvelden. Grunnen til denne Loven skal vera, at det paa det siste hev voret so mykje Styggedom i Byen.

 

 

Ein ung Gardmannsson fraa Enebak hev nyleg fenget 6 Maanadars Straffarbeid, fordi han skaut ein Sau paa Marki aat Grannen. Grunnen til at han gjorde det var, sagde han, at han trong til ein ny Brurgomshat og han totte, det var ein snøgg Maate aa skjota Sauen, og sidan faa Pengar for han. Hatten fekk han og, men Brudlaupet vart det ikkje noko av.

 

 

Eit gamalt Vikingeskip held dei no paa med aa grava ut paa Garden Gunnarshaug ved Salhus, ½ Mil fraa Haugesund. Det ligg i ein Haug, Storhaugen, kring 100 Fot yver Havet.

 

 

Ein Gull- og ein Sylvladning kom nyleg til Frankrik. Dette var Utbyttet av Krigen i Anam, idet ein stor Skat vart teken i Hué. Det var 192 Kistur Sylv og 14 Kistur Gull, og det heile var verdt ikring 6 ½ Million Kronur.

 

 

Solstikk. Ved dei store tyske Soldatuppvisningar vart 196 Soldater angripne av Solstikk. 9 av dei døydde. Tidlegare paa Sumaren er 5 døydde av Solstikk.

 

 

Vali i Bulgaria hev gjenget Rusland imot, som det var aa venta. No vert det ikkje anna for Rusland aa gjera elder anten aa draga seg attende elder ogso halda fram. Og det er ikkje hugat paa noko, ettersom England og Austrike hev stillat seg so paatverkje for det. Fyrsteministaren i Austrike hev haldet ein Tale, som gjeng ut paa, at Rusland maa staggast og likeins hev den engelske Ministaren Churchill talat.

 

Skal Rusland uppgjeva Magti i Bulgaria vert det det same som aa audmjuka seg for heile Europa, og gjer det det ikkje, ja so kjem det i Basketak med baade England, Austrik og vonleg Tyskland med.

 

 

Rom hev 364 Kyrkjur, fortel Reisehandbøkerne, og Forfattararne tykkjer det er Synd, at Byen ikkje hev ei Kyrkja for kvar dag i Aaret. Men no vert det slutt med den Klagingi og, for no skal det byggjast ei ny Kyrkja, som skal uppkallast etter den irske Nasjonalhelgen. Alle Land utan Irland hev si Kyrkja i Rom.

 

 

Plate hadde sagt, at Mannen var eit tvoføtt Dyr utan Fjør. Diogenes ribbare ein Hane, gjekk med han til Skulen hans Plato og sagde, medan han heldt Hanen etter Føtarne: ”Her er Platos Mann”.

 

 


Frå Fedraheimen 16.10.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum