[Kristiania, den 22de Oktober.] At Striden

 

i Vinstre skal slutta er det ikkje mange, som trur paa, um det endaa kunne verta Raad med aa faa ei Semja i stand for ei Rid. Men at denne kann vara lenge, det er det ikkje mange, som drøymer um. Dertil er det altfor stor Grunnskilnad millom dei tvo Partiar. Naar me hev fenget fraa oss dei Reformar alle er samde um: Juryframlegget og Herordningi, so byrjar Striden att. Og daa vil han verta hardare enn han hittil hev voret. Dei Spursmaal, som vil koma til aa valda Striden, vil verta mange; men me meiner ikkje, at han kjem til aa staa millom Kristne og Fritenkjarar, som mange trur. Han kjem liksom all Strid til aa staa millom eit Parti, som vil fram og eit som tykkjer, at det er komet langt nok. Dette er den Formi, all Partistrid hev havt fyrr. At mange vil freista paa aa gjera Ugreide og faa stansad Utviklingi ved Hjelp av Kristendomen, det kann ein no vita paa Fyrehaand. Det hev voret Tilfellet til alle Tider og vil verta det heretter og. Men dei, som hev Gagn av dette Arbeidet, er nettupp Framstigspartiet. Det hev aldri nyttat eit Parti fyrr aa tala usant um Motstandaranne sine og likso lite vil det nytta heretter.

 

Dog Fred er ei det beste;

men at man noget vil”,

segjer Bjørnson i April-diktet sitt. Dette er sanne og innhaldsrike Ord. Det er ingenting verre enn, at ein vert leid og trøytt av aa arbeida og gjerna vil hava det rolegt. Livet er ei Strid fraa Vogga til Gravi, og til hardare Striden er, til meir Utbytte fær ein. Eit rolegt Liv er som oftast eit tomt Liv. Eit Folk, som ikkje hev noko aa arbeida for, er daudt. Dette er nettupp det faarlege ved Slutten av ei hard Strid. Folk vert trøytte og vil hava Kvild, og so kjem – Atterslaget.

 

Det finst stygge merkje til eit Atterslag no og, og det gjeld aa taka seg i Akt, serleg etterdi det kjem i Framstigsbunad. Det Jakob Sverdrupske Framstig er ikkje anna enn reint Bakstrev.

 

 


Frå Fedraheimen 23.10.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum