[Ymist.] Jaabæk og Kyrkja.

 

Jaabæk skriv, at han ikkje vil hava noko med Kyrkja aa gjera. Han trur det same, som Jesus trudde, og i det finn han Ljoset og Livet.

 

Utviklingi i Jesu sanne Lære er utan Ende liksom Vitenskapen. Det er berre den innskrenkade Fatteevnen aat Menneskja, som utgjer Grensa for Utviklingi, medan derimot Kyrkja og Teologarne set upp ei Grense, som ein ikkje maa yverskrida. Her er det faarlege, noko som heile Millomalderen syner.

 

Kvifor hev Skaparen gjevet Menneskja Tankeevne? Tru det er for aa kua han? Nei, men for at ho skal tenkja.

 

Jaabæk vil, at Statskyrkja skal burt, og det er Meiningi hans, at dei Pengar, som kjem inn ved aa selja alt Jordegodset, bør brukast til aa betala Jarnveger og Statsgjeldi med, elder ogso til aa fremja Folkeupplysingi.

 

Presteskapet vart daa ei fri Sak liksom i Amerika, og han trur, at Gudsriket vilde muna ved det. Kristendomen byrjad med Sjølvstyre.

 

Desse Tankar hev, um me ikkje tek imist, ogso Chr. Bruun uttalat, og me trur og, at det er den einaste rette Maaten. Soleis som det no er, er Kyrkja eit ”Rige af denne Verden”, nettupp det motsette av, kva Jesus vilde, ho skulde vera.

 

 


Frå Fedraheimen 23.10.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum