”Hundrad Dalar for det Napp”.

 

(Or Dag).

  

Ein heppen Dag, mi sann,

den Dag daa Engelsmannen fann,

at Landet vaart so vakkert var,

at han fekk Hug til her aa vera kvar

ei liti Rid

paa Sumarstid.

Naar berre han fær fiska Laks i Fred,

han leggjer myket Gull i Bygdi ned,

um ikkje alltid det gjeng nettupp so,

som eg hev høyrt um vesle Olav Mo,

og som eg no skal her fortelja,

men med det Fyreord, at eg vil Soga selja

fyr same Pris om sjølv eg gav;

eg meiner: eg slær ikkje nokot av.

 

Det var daa her ein Sumarskveld i fjor,

- det hadde rignt so Elvi ho gjekk stor -

at vesle Olav gjekk avstad

aa prøva Fisken etter Solarglad.

Han byrjad’ under Fossen, fylgde so

langs Elvi, sprang paa Steinom, gjekk og stod,

til han aat Storehylen kom.

Der er, som vel du veit, det beste Rom

aa fiska, for der faa

dei stundom Laksar, som er framifraa.

For fem Aar sidan vart det soleid’s dregen

ein gasta ein; daa han vart vegen,

det vantad’ berre Marki paa ei Vaag;

det er den største Laks, eg endaa saag.

Der stod daa Olav i god Ro og Mag

og ventar, ventar, Taumen henger slag,

og fluga kvikt med Straumen fer aa ransar,

og att og fram paa Baaretoppen dansar.

Men medan so

han stender der i Ro

han høyrde Duren av ei Kjerra, som

med Sprengfart etter Aalmannvegen kom.

Han snur seg for aa sjaa.

Daa -

bit det i, og so med hurr og sverr

or Snella Taumen som ein Elding fer.

Aa!

Ein Storing av ein Laks det vera maa!

I same Blinken kjemer Kjerra dit,

og Mannen, som med Taumom sit,

han stoppar braadt, spring ut

og so aat Elvi ned til Veslegut.

Han spør: ”Eit Napp?”

Ja”, svarad’ Guten rapp.

Sterkt Napp?” sa’ Mannen daa,

han fylgde Fisketaumen til og fraa,

Mykket sterkt Napp?”

Du ser daa det”, sa’ vesle Olav kjapp;

han hadde det med Fisket sitt so ant,

at Engelsmannen ansade han vandt.

No dreg han inn; men med eit Bask og Slag

fer Laksen ut atter til enn eit Jag.

Daa kann ei Engelskmannen styra seg,

hans Hug til Sport vert reint uvinneleg.

Hans Hender brenna, Augo glansa,

med denne Laksen hev han hug aa dansa.

 

Eit Hundrad Dalar for det Napp!” han skreik.

Daa snudde Olav seg og stirde bleik

paa denne Raringen, som snakkad’ so

og ikkje vilde lata hom i Ro.

Han trudde plent, at Mannen ei var klok,

men slepte Troda aat Mylord, som tok.

Ein Time mest heldt Engelskmannen paa,

fyr Maksen endeleg seg giva maa

og uppaa Land,

der snart han ligg forutan Liv og Aand.

Men ut or Lumma si Mylord han tok

ei Notisbok;

deretter mælte han so vandlege og grant,

kor stor den Laksen var paa kvar ein Kant,

og upp han, kvat Dag, kvat Stad

han gjorde denne Fangst ved Solarglad,

og so, kor langt eit Bil

med Fiskingi gjekk til.

Deretter han

or Setleboki fann

ein Hundraddalarsetel ny og raud

og guten honom baud.

I thank yau!” sa’ han og so gjekk sin Veg,

og snart med Dyn og Dur avstad han dreg.

Men Guten han stend atter mesta fraa seg,

paa slike Furdor kann han ei forstaa seg.

Paa Setelen, paa Laksen sin han ser

og trur, han reint fortrollad er.

Daa ropad Mori honom heim til Kveld –

han lær – og græt – og lær, og som ein Eld

med Laks paa Rygg og Setelen i Barm

han skundar heim alt med sin lukkefram.

 

So kjært og dyrt eit Lass

kom ikkje ofte aat ein Husmannsplass.

 

 


Frå Fedraheimen 23.10.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum