”Moderne” Skulelærarar.

 

(Del 1 av 2.)

 

Fyrste Møtet.


Olav og Kari.

 

O.: “Goddag!”

K.: “Goddag og! Er denne Mannen ute og gjeng?”

O.: ”Ja det er slikt Godvedr i dag, at det er Synd sitja inne og. Korleis liver de herpaa Mo?”

K.: ”Jau, Takk som spyr, me liver godt. Alt er med det gamle”.

O.: ”Eg høyrer Folk ymtar so smaatt um, at ho Signe, Dotter di, er forlovat no”.

K.: ”Ha, ha, alt fær no desse gamle vita og. Men kven er det med no daa? Eg hev høyrt mange fyrr; men detta er truleg ein ny”.

O.: ”Ja, eg veit no so liti Greide paa, kvat det er for ein Fyr eg. Han skal nok vera Lærar, segjer dei, og so gjeng han nok paa denne Skulen, som er her i Sumar. Og er det sant, han hev forlovat seg her, lyt eg segja med dei hine, at denne Skulen dugar no til einkvart, lell. Ein Skulelærar, det er no ikkje ikkjevetta held det, attaat skal han endaa vera Klokkar!”

K. lægjande: ”Kann so vera det! Eg veit ikkje, kvat, som er mest moderne eg. Me er gamle no baade eg og du og held oss til det gamle. I vaar Ungdom var Skulelærararne litet avgjorde; det var held skralt med dei. Alt dei aatte, det laag i Hovudet. Slik er det væl no og. Dugar ikkje Ungguten til aa vera Jordamann held Arbeidar, lyt han verta Skulelærar”.

O.: ”Jamen trur eg det same du. Kvat kann dei, annat held lesa, skriva og reikna. Dei hev ikkje Vit paa, kor ei Kjærra skal arbeidast eingong. I so Maate  er dei noko Skrapety reint. Og endaa gjeng dei so byrge og kaute, som aatte dei heile Verdi. Nei Kari, lat Signe faa seg ein Jordagut, det kjem ho lengst med”.

K.: ”For meg kann ho taka, kven ho vil. Ho er ung endaa og hev Tidi for seg”.

O.: ”Berre det ikkje gjeng med hennar, som med so mange andre, at ”den, som hev Valet, tek ofta Skalet ”.

K.: ”Nei, det skal me ikkje vona”.

 

 

Andre  Møtet.

 

Olav og Maria (Dotteri hans).

 

M.: ”Hev du voret ute og gjenget no?”

O.: ”Ja, eg var til Mo, som snarast”.

M.: ”Saag du Signe?”

O.: ”Nei, berre Moderi”.

M.: ”Veit du, kor Signe var. Eg vilde snakkat med hennar.”

O.: ”Nei, eg veit vist ikkje, kor ho var. Kannhenda, ho var ute hjaa denne svarte Læraren sin”.

M.: ”So! Nei, eg trur ikkje, ho vyrdast so mykje paa han. Ho er sløg nok, Signe, og kann gjerna snakka mangt; men eg trur ikkje, at ho meinar det ho segjer, stødt”.

O.: ”Kann henda det, eg legg meg ikkje ut i det”.

 

 

Tridje  møtet.

 

Maria og Signe.


M.: “No Signe, hev eg leitat baade høgt og laagt, baade vidt og breidt, men ikkje funnet deg. Det var godt eg raakad deg no”.

S.: ”Ja, det var det! Eg kann fortelja, at Far din hev voret her i dag. Eg sat paa Loftet og høyrde kvart Ord, han sa. Eg lo meg mest krokutt av han”.

M.: ”So! kvat var det, han hadde paa Hjartat i dag daa?”

S.: ”Aa, det var no denne velsignade Skulemeistaren kann du vita. Han vert no plukkat, han, og han er ikkje til anna held”.

M.: ”Segjer du det, Signe? Likar du han ikkje daa? Eg trudde, det var heidt nok millom dykk eg”.

S.: ”Aa, berre so maateleg! Fraa hans Sida er det arjugt varmt, og han hev vel og ei Meining med det. Men eg er no ikkje varm enno, og mi Meining er ikkje so stor enno”.

M.: ”Segjer du det? Ja, du Signe, du Signe, du er no stendig lik deg sjølv. Folk trur no det er vist med dykk, dei, maavita, av di du er som ofta til Lid, der han bur”.

S.: ”Du er der like so ofta du”.

M.: ”Ja, skal me snakka um det, so hev eg voret der oftare og eg; men dei trur nok ikkje galet til meg”.

S.: ”Det kann so vera det. – Eg snakkad med Hellibø eg i dag. Han bad oss koma aat Lid i kveld. Skal me gaa?”

M.: ”Ja, um Anna vil vera med. Og so er der vel litet att paa Flaska enno. Og me skal faa Næs til aa spila, for so fær me ein liten Svingum. Lat oss det”.

S.: ”Aa ja. Hugsar du sist me var der. Daa det rignad, og me vart so vaate paa Heimvegen. Me var i Skjurtearmar, men eg trur ikkje, me ansad det eingong”.

M.: Nei, det gjorde no vist ikkje du daa, for Hellibø hadde nok mykje aa segja deg den Kvelden”.

S.: ”Enn Rinæs daa?”

M.: ”Han snakkar ikkje so mykje han. Men du! Er ikkje Næs og Anna løglege. Det er mest, som dei er rædde einannan. Set dei seg ned, so er det no for det fyrste paa kvar sin Stol, og for det andre, so dreg dei Stolarne lenger og lenger ifraa einannan etter kvart”.

S.: ”Eg og hev lagt Merkje til det. Han likar vist ikkje Anna?”

M.: ”Nei, det kann du vita. Han hadde sagt paa Skulen, eingong dei tergad han for Anna, at hadde han havt Hoffmannsdraapar ved Handi, hadde han voret freistad til aa taka dei inn. Det var skamlegt sagt. Skal tru dei andre er likare”.

S.: ”Det er ikkje godt aa vita”.

M.: ”Hellebø hadde no kallat deg Frøken, han, men kva det skulde tyda, veit ikkje eg. Det var helst Spitord”.

S.: ”Gjev eg. Me kann no altid snakka godt med dei, medan dei er her; sidan er alt forbi”.

M.: ”Men dei hev lovat, at dei vil skriva til sos, og me kann no ikkje mindre enn svara”.

S.: ”Ja, svara vil me. Eg trur no mest, at dei berre segjer, dei vil skriva, og so ikkje gjer det”.

M.: ”Ja du, det er ikkje godt aa vita. Framandfolk, som dei er for oss, so kann dei vera mangeleis, for det meveit”.

S.: ”Ja, men kjære deg, dei er daa Skulelærarar  og maa vel vera skikkelege Folk daa, veit eg. Skuldevera det daa”.

M.: ”Veit du kor dei er fraa du, Signe? Eg hev spurt Rinæs, men han hev ikkej viljat sagt det”.

S.: ”Nei. Eg og spurde Hellebø, men han var lika rædd for aa segja det”.

M.: ”Det maa vera reint eit Avhol daa”.

S.: Veit du, um dei snart skal reisa?”

M.: ”Ja, dei reiser um tvo Vikur. Kannhenda du vil syrgja daa?”

S.: ”Du snakkar! Nei, syrgja skal eg ikkje. So  lite Vit hev eg ikkje lell. Er det noko aa syrgja for det daa?”

M.: ”Nei, det er sant det! Eg veit ikkje, um eg for væl skal tru, du bryr deg um den svarte  Klokkaren, du, som hev so mange andre vænare Friarar”.

S.: ”Enn du daa? Du hev no baade so mange som eg, og eingong til so mange og, du”.

M.: ”Aa nei! det er vel alt for smaatt med det; men so er det no snart nok av det Slaget og”.


(Sluttar.)

 

 


Frå Fedraheimen 23.10.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum