Hr. Utgjevar!

 

Vil De vera so snild og gjeva meg Rom til aa greida ut nokot meir um Skrivemaaten i Landsmaalet.

 

Hægstad segjer sjølv, at det, som eg hermde etter Dag, ikkje var som det skulde; men han trur, at det ikkje ligg meir Lag paa det enn paa so mange andre ”Danismor”. Ja ja, ”Danismor” hev me alle; men den verste Danisme er den, naar det ein skriv, fyrst er tenkt paa Dansk, so ein liksom ikkje kann skyna det, fyrr ein skriv det um paa Dansk, og det trur eg mykje er Tilfellet med Dag. Det er andre og, som hev sagt det same. I Nora fyr 1885 S. 144 skriv Bjarne Biri: ”Dag, som ofte skriv slik, at ein ikkje rett veit, anten ein skal kalla det dansk umsett paa gamallnorsk, eller gamallnorsk umsett paa dansk”. Hægstad tarv ikkje tru, at det er nokot, som ”ligg under”, naar me klandrar Dag; det var rimelegare, at han trudde det kom av, at me gjerne vilde hava Dag til eit fullgodt Blad, som kunne gagna Saki meir, enn eg er rædd, det gjer no. Det er ikkjeMaalformi, eg klandrar, men Stilen, og eg vil ikkje ska Dag, men eg vil hava Hjelp av han. For me treng Hjelp. Eg fyr min Part liver i ei Bygd med eit Maalføre, som er fælt uppblandat med Dansk, og dei fleste Arbeidskararne her er innflutte fraa Sverige. Det er ikkje rart Maalet, eg høyrer, og paa Skulen skal eg snakka reint Bokmaal. Hægstad vil ikkje hava vondt fyr aa skyna, at eg lyt sjaa, um eg kann bøta paa detta med aa lesa Bøker og Blad paa godt Landsmaal, og difyr kann eg ikkje lesa Dag no, men eg kann aldri tenkja annat, enn at Dag vil retta paa det, for det kann han visst gjera. Der er gode Maalbygder umkring der, han kjem ut, so det skulde ikkje vera so vandt aa skriva norsk fyr honom.

 

Hægstad kann vel aldri meina det, ”harmen yver aa vera forskoti” ikkje er ”fullt so galet” som naar eg skriv ”2 ½ Gonger” istadenfyr ”2 ½ Gong”: Det stend i Reiknebøkerne vaare slikt som: 3,7 Gange, og paa Skulen uttalar me det: 3,7 Ganger, og slik hev eg altid høyrt og sjølv sagt det. Men ”harmen yver aa vera forskoti” hev aldri voret sagt i Norigs Land¹).

 

Titta, som eg skriv, brukast fælt mykje mange Stader, likeins Titt” ): en kort Visit. Umake, som stod i Stykkje mitt, vart eg leid fyr, daa eg saag det paa Prent, det hadde aldri komet, um eg sjølv hadde leset Korrektur, og eg tenkte med ein Gong, at no fekk Hægstad nokot aa hengja Hatten paa.

 

Eg vil taka opp att, det som eg sagde sist, at me lyt gjera oss Umak so mykje me er gode fyr. Eg trur, at Bladstyrarar lyt sjaa igjenom kvart innsendt Stykke og retta alt slikt, som er galet, so lærer Innsendaren til ein annan Gong. Tingararne aat Fedraheimenskulde ikkje klaga helder, fyr di Bladet fyr det meste kjem ut berre ein Gong i Vika, for skal det koma tvo Gonger er det reine Uvinna fyr Bladstyraren, skal han gjera det væl.

 

No, Maalsaki er komi so langt, og mange tek til aa skriva og tala Landsmaal, er det rimelegt, det vert mykej Slarv. Ein kann høyra Menner, som all sin Dag hev livt i dei beste Maalbygderne, segja slikt som: ”Eg hev iagtteket den største Hensynsfullheit”, og slikt. Det gjeld no aa passa paa.

 

Det er næstan berre bondefødde gutar, som skriva i Dag”, segjer Hægstad. Ja, dei er ikkje altid aa lita paa, fyr det, um dei er bondefødde. Naar ein Bondegut ikkje byggjer paa sitt eiget, livande Maal, men paa Dansken, so gjeng det, som eg tykkjer det hev gjenget med sume av dei Stykke, eg hev set i Dag; det er ”ein jamn og stød skrivemaate”, men det vert mest liksom dei fint klædde Vaks-Dokkurne, som Skreddaren set i Vindaugat.

 

Der hev nettupp no komet i stand eit Samlag til aa faa Umbot i Maalundervisningi. § 1 lyder soleids: ”Til Grund for Undervisningen lægges ikke Skriftsproget, men det virkelige, levende Talesprog. I de Sprog, viss Ortografi afviger betydelig fra Udtalen, begyndes derfor med Texter i en efter Formaalet indrettet Lydskrift”.

 

Detta kunne vera nokot til aa tenkja paa fyr dei, som skal læra andre aa skriva Landsmaal. Slik hev Austlid gjort i ABC-Boki si. Vil ein læra andre aa skriva Normalmaalet, anten det, som Dag brukar elder eit annat, fær ein visst byrja med aa lata Læresveinarne skriva sitt eiget livande Bygdemaal etter uttala, for ellest vert det lett Knot.

 

Daa Hægstad talar so mykje um Maalformer, so skal eg segja det, at ingen tvilar paa, at ein kann skriva ein god og livande Norsk paa den Maalformi, Dagog Bibel-Umskrifti brukar; men med den Maalformi hev ein lettare fyr aa faa inn danske og svenske Ordelag. Eit Døme paa det. I Markus Evangelium, Vers 11 stend det: ”Du er min Son, den elskade”. Detta trur eg knapt ein kann segja paa Landsmaal. Eg skynar godt, kvifyr Umsetjaren hev sett det slik. Han hev huglagt detta vakre Verset med det Ordelag, som er i den danske Bibel-Umskrifti, og so vil han paa Landsmaal hava det so likt som mogelegt, elder kannhenda han trur, at Aalmugen vilde tykkja paa, um det vart brigdat nokot større paa dei gamle kjære Ordi.

 

Men kor som er, paa Bygdemaal elder Maalformi aat Garborg og Mortenson laut ein stila det annarleis. ”Du er min Son, den elska(d)” kunne ingen skriva.

 

Eg skreiv, at ”Landsmaalet ser tidt ut slik, at dei kann ikkje kjennast ved det”. Paa detta svarar daa Hægstad, at um eg meiner Normalformi (som eg slett ikkje hadde nemnt, og som han ingen Grunn hadde til aa tru, at eg meinte), so trur han ikkje, at denne Grunnen veg so mykje; for der er faa Maalbøker, som Folket likar so godt ”som Kristoffer Janson sine, endaa dei Bøkerna er skrivne paa det stivaste Normalmaalet og ikkje er friet (frittsegjer me paa Norsk, ”Hr.” H.) fyre ”danismor”. ”Ja, Janson fekk Kritikk, og Janson var ikkje so strid, at han ikkje vilde høyra, kvat Folk sagde, og ikkje trudde han det var paa vondt, dei kritiserad helder. Detta gjorde mykje til, at han kom til aa skriva so godt. ”Liv” las han upp i ein Ring av gode Vener, og dei sagde si Meining, og han lydde etter; det er vel ikkje mange Bøker, som hev voret betre endefarne, fyrr ho kom ut, enn denne. Men so vart Boki god og, det var reidelegt Landsmaal, kann henda tungt, men høgtidlegt, som naar ein er i Kyrkja. Sidan skreiv han fyrutan Kritikk, for han vart med ein Gong ein stor Forfattar, men so vart det ikkje fullgodt lenger. So kom Kritikk att, og so skreiv Janson reint utifraa Bøker ”Marit Skjølte” og ”Den bergtekne” og fleire, som er ei sann Pryde fyr det norske Bokriket.

 

Difyr trur eg, Kritikk er god, og det var ei god Gjerning, daa Fedraheimen i No. 62 sagde ende ut til Mons Litlere, at Maalet i Boki hans ikkje var fullgodt²). Betre det enn vera Allemanns Ven og lata Mons Litlere faa Vantakk og Pengetap. Er Mons Litlere ein gild Mann, som me lyt tru etter det gasta Tiltaket, han hev gjort, so vil han lyda etter denne Kritikken, og kann han ikkje sjølv umsetja betre, so kann han faa ein annan til aa hjelpa seg. Men vantar ikkje dei, som kann hjelpa. Med Stilen kunne Ivar Mortenson og Stefan Frich og ymse andre³) hjelpa, og til aa passa paa, at det var ein jamn og stø Skrivemaate, tenkjer eg Marius Hægstad skulde vera god.

 

S.

 

 

¹) Hægstad trur, at naar eg tek paa Stilen i Dag, er det ”ein gamal sjukdom”. ”Me minnast alle, korleides dei yngre maalmennerne _ _ umkring 70-talet tok paa Bergensmaalmennerne fyr det kunstige ”islands-danske maalet deira. Og dei lagde meste skuldi apa ”normalmaalet”, som Bergensararne brukte. So skulde maalføri upp i staden. Men det gjekk ikkje. Kritikken gjorde godt i mange Maatar, den sette av islandsken som mynster _ _ _men normalformi _ _ _gjekk ut or striden finare og sterkare enn fyrr”. Detta er undarleg Tale. Er det Sjukdom det, at me fekk avsett islandsk som Mynster fyr norskt Landsmaal, og at me kom med ein Kritikk, som Hægstad sjølv segjer gjorde godt? Hægstad trur no, at eg vil hava Maalføri fram istadenfyr Landsmaalet, og at det er det, som gjer, at eg tek paa Dag. Nei, vilde eg hava Maalføri fram no, so tok eg ikkje paa Dag, for han vilde daa nettupp arbeida meg upp i Handi. Me tok ikkje paa Bergensararne, fyr di me vilde hava Maalføri fram, men me laut faa fram Maalføri, fyr di Bergensararne skreiv Normalmaalet so ufolkelegt.

²) Eg hev ikkje set Boki hans endaa, so eg veit ikkje annat um Maalet der enn det, som stod i Fedraheimen.

³) Garborg veit eg hev ikkje Stunder.

 

 


Frå Fedraheimen 23.10.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum