Kristiania, den 22de Oktober.

 

Til Lesaranne vaare. Gløym endeleg ikkje av aa arbeida for Fedraheimenbaade ved aa samla Tingarar og ved aa senda Stykkje inn til Bladet. Skriv um Stellet i Bygdi, um Hendingar, Skular, Møter og ellest kva de vil. Um Skrivemaaten ikkje altid er, som han skal vera, det gjer ikkje noko, me skal retta paa det. Skriv berre so stutt og greidt som mogelegt!

 

 

BlantHandelsfolkii dei store Byarne vaare hev det voret mykje Styggedom i lang Tid, ser det ut til av alt det, som hev komet fram paa det siste. Det er ikkje ljose Bilæte ein fær no t. D. fraa Arendal og fyrr fraa Stavanger, Kristianssund, Trondheim m. fl. Den einskilde Mannen hev fenget styrat seg altfor mykje sjølv. Det hev voret altfor lite Ettersjaaing med han. For Framtidi vil det vreta naudturvelegt aa bruka alle Midlar, ein kann, for at ikkje ein einskild Mann skal kunna gjera Folk i mengdevis ulukkelege.

 

Motstandararne av den moderne Diktningi hev altid haldet fram, at Diktararne skildrad Livet altfor myrkt og svart. Det, som hev hendt i Landet dei siste 2-3 Aari, hev synt, at denne Paastanden ikkje er sann. Det hev synt seg, at Diktararne ikkje hev skildrat Livet so svart, som det er. Anten ein tek ”En Malstrøm” elder ”Fortuna” for seg, so vil ein ikkje i desse Bøker finna so fælslege Skildringar, som dei ein no dagleg les i Bladi. Motstanden mot desse Bøker kjem nok berre fraa det, at Folk tykkjer det er leidt, at Sanningi kjem fram for Dagen. Det finst mange her, som vilde lika det betre. Men alle, som elsker Landet sitt og ynskjer, at alle maa hava det so godt som mogelegt, han vil vera Diktararne takksame, avdi dei ikkje er rædde for aa syna fram det stygge i Livet. Det vonde maa burt, skal det verta tale um aa faa det betre; men korleis kan ein faa burt noko, ein ikkje ser?

 

 

Reformatoren Skaar i Hardanger fortel no, at det var ikkje Meiningi hans aa segja, at Steen var Fritenkjar. Det var ei Prenteville!! Ein lyt vel tru det, naar han sjølv segjer det.

 

 


Frå Fedraheimen 23.10.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum