Til Dei, som styrer i Kristianssand!

 

Fyrr kunde me leiggja med heile Drifter av Naut og Smolog Dage- og Vikevis i Byen. Um Dagjen hadde me Lov til gjæta uppyver Baneheidi, vestyver Groheidi og andre Stadar, - og um Nettarne fekk me Kreturet in i Hagar. Daa kom det Fjelldrifter til Byen, og Folk fekk kaupt fint og godt Kjøt av ungt og innfeitt Slaatr.

 

So var det fyrr, daa eg var Driftehandlar.

 

Men no er det fredlyst, alt det, som finnst; det er godt, Di inkje fredlyser heile Byen, so Bønderne inkje fær Lov til sleppa inn. Men – neimen um eg trur. Ein fær Beite til eit Lamb, um Ein so vilde betala for det! Difor kjem det ’kje Drifter lenger. Di fær ’kje anna Slaatr hell nokle utpinde Vestlands-Skjerkar, - so seige aa eta som Revekjøt.

 

Det vøre Vinning baade for Bonde og Borgar, um Di lagde ut nokle Stykkje av Bymarkje til Beite mot ei liti rimeleg Betaling, og so hadde ein Fehagje med fleire Rom i, som Di laante ut for nokle Skjeling Notti. – So kunde me koma med Drifter um Hausten no som fyrr.

 

Det skjiler ’kje meg, men eg vil i same Rennet nemna ein Ting til:

 

Kjem Di ’kje snart til aa ljota faa ein sers Plass utanfor Byen til Slaatring, for aa faa alt det Sølet utor Byen? Og der laut Di hava Fjosrom for billeg Leige – baade for Slagtarborgarar og Bøndar. Daa kunde Helsevakti (Sundhedskommissionen) sjaa etter, at Dyri var friske og Kjøtet reint. Det skjiler ’kje meg, men var eg Bymann, so vilde eg hava fram denne Sakji au.

 

Toraald i (Krs. Stiftsav).

 

 


Frå Fedraheimen 23.10.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum