Ymist.

 

Den literære Eigedomsretten. F. Bætzmann, Noregs Utsending paa Møtet i Genf, hev no sendt Melding um Møtet til Kyrkjedepartementet. Det er hans Meining, at Noreg bør verta med so snart som mogelegt, daa det ikkje berre er ei stor Sak, men ei Æresak for Landet.

 

 

Baade i England, Sverik og Danmark er det komet ut Forbod mot aa innføra Kretur fraa Norge, daa det skal finnast somykje Munn- og Klovsjuke millom Husdyri.

 

 

Framhald” skal, etter Vp., vera Namnet paa det nye Bladet, som Skard, Bruun og Jørstad skal gjeva ut. Johan Filseth skal vera Bladstyrar. Bladet skal byrja aa koma i November.

 

 

TurterudmordarenHenrik Janson freistad aa ryma ut av Fengslet Natti til igaar. Han var komet eit heilt Stykke, daa han vart fakkat att. Han hev i Fengslet havt Arbeid med aa plukka Drev, og korleis han no hev boret seg aat, so hev han fenget Høve til aa stikka burt eit Taugstykkje ikkje mindre enn 18 Alner langt. Dessutan hev han fenget Tak i 3 Knivar og ei Fil. Med Fili fekk han burt Jarnstengarne for Vindaugat og derpaa firad han seg ned ved Hjelp av Tauget. Det høyrest mest utrulegt ut, at ein Mann, som sit i eit Rom for seg sjølve heile Tidi, skal kunna koma til aa faa Tak i somykje Verkty, og det syner, kor lite Ettersjaaing der er. Det kann ikkje vera Tvil um, at Indredepartementet freistar aa faa full Greide paa Saki, so at dei slarvne Paapassaranne fær den Straff, dei treng. For det kann ikkje vera Tale um anna enn at soframt dei hadde gjort Skyldnaden sin, so vilde det voret umogelegt for Janson aa ryma.

 

 

Bankchef Herlofsen, som no sit fengslat, skal hava sagt, at han er liksom i Paradis no, mot den siste Tidi han styrde Banken.

 

 

Paa Bakkeved Flekkefjord vart det haldet Møte 7de Oktbr. Det vart ordskiftat um aa forlengja Jæderbanen til Flekkefjord. Dei vart samde um, at Lina burde gaa paa Innlandet um Moi. Flekkefjord Formannskap burde senda inn Framlegg til Departementet um aa lata denne Banelina verta granskat.

 

  

I Danmarkser det ut til, at Einvaldsstyret skal verta raadande att. I den danske Grunnloven finst det ein §, som segjer, at naar Tinget ikkje er samlat, kann Regjeringi sjølv gjeva Lovar, soframt det trengst; men sosnart Tinget kjem i hop, skal ho fyreleggja dei for det, som daa anten vedtek elder forkastar dei. Sovorne Lovar kallast provisoriske, og Regjeringi hev i det siste gjevet ein mengde sovorne. Den eine etter den andre er komet ut og alle hev dei gjenget ut paa aa kua Motstandaranne. No er Tinget samlat, og daa Regjeringi maatte senda Lovarne til det, so hev ho sendt dei til Landstinget, der ho var viss paa aa faa Medhald og ikkje til Folketinget. Men no hev dei vortet liggjande i Landstinget. So tok Folketinget og framsette dei sjølv og forkastat dei, og dermed skulde ein tru, at dei var ferdige. Men nei. Ein Bladstyrar var klagat for aa hava forbrotet seg mot desse Lovarne og i desse Dagar hev Høgsterett dømt han, idet han segjer, at daa ikkje Regjeringi sjølv hev fyrelagt Lovarne for Folketinget, so gjeld dei like fullt endaa. Høgre gleder seg yver Lovsbroti aat Regjeringi, men den Gleda vert nok ikkje lang. Me vonar, at Rettferdskjensla endaa ikkje er burte hjaa Fleirtalet av det danske Folket, og at nettupp dette Lovbrotet maa gjera dei enno motigare. Dei strid for ei god Sak, so dei kann vera visse paa aa sigra.

 

 

Diogenes (gresk Filosof) trakkade med sin skitne Fot paa den fine Kaapa hans Plato (ogso gresk Filosof), med di han sagde: ”So trakkar eg paa Gilda aat Plato!” ”Med større Storlæte”, sagde Plato.

 

 


Frå Fedraheimen 23.10.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum