”Moderne” Skulelærarar.

 

(Del 2 av 2. Fyrste delen.)


Fjorde Møtet.

 

Signe, Maria og Anna.

 

A.: “Kor stend det til med dykk no, naar Hellibø og Rinæs er reiste heim att?”

S.: ”Berre godt! Me hev ingi Sorg for det. Maatte dei berre hava det so godt som me. Men veit du, kvat Maria hev fengjet fat paa du?”

A.: ”Nei , kvat er no det daa? Eg veig ingenting, for eg liver utanfor alt”.

S.: ”Maria, du lyt lata Anna faa sjaa det, du fekk hjaa Lyngdal”.

M.: ”Ja, det kann ho gjerna. Det er ikkje meir um Lappen”.

A.: ”Kvat er det daa?”

S.: ”Det er ein ”Efterlysning”. Kamraten aat desse Lærararne hadde slik stor Sut, at me skulde syrgja for dei og længta etter dei. Og daa han tykte, detta var galet for oss, sette han seg til aa skriva detta Rablet og setja ein annans Namn under. Han skulde berre vita det, han, som eig Namnet!

A.: ”Er han Skulemeistar Lyngdal og?”

M.: ”Ja, det er han. Han hadde ikkje gjort det utan. Han laut no hava seg ei Raad, maavita, so mykje han fekk syna, kor gild Kar han var aa skriva for seg”.

A.: ”Men kann dykk skyna, kven som hev gjevet han Greida paa alt det daa?”

S.: ”Du kann vel vita, det var dei sjølve, det. Alt, kvat me hadde sagt og gjort, viste han”.

A.: ”Daa var det nett maala, me fortalde alt det, dei sa og, so det kunde koma vidt utyver”.

M.: ”Ja, Signe, det skulde verta Moro det”.

S.: ”Nei lat oss syna, at um dei hev so litet  Vit, at dei fortel det, so hev me sopassa, at me kann tegja”.

M.: ”Det er det klokaste; men me skal hemna oss lell. Me er no ikkje so litet for oss, um me er Bondegjenter. Me kann vera lika gode, um me ikkje hev voret paa Seminariet og leset Pontoppidan og slikt”.

S.: ”Aa ja, væl so gode og! Det kjem fram no, at me er so passa, som dei!”

A.: ”Men seg Maria, korleis fekk du fat i ”Efterlysningen?”

M.: ”Jau, eg raakad Lyngdal, og so var han so ”oprigtig”, at han gav meg den!”

S.: ”Hev du nokortid set slikt Svinabeist til aa skriva. ”Dei Menn med Augarne rettat mot Fjellet, som ventar dei derifraa Hjelpen”. Ja ”hadde me ikkje meir, held desse  aa retta Augarne etter, so var det likso smaaleg med oss, som det no syner seg aa vera med dei. Og so er ”den indre Ro burte”. Nei, me hev den endaa. Han vil ynskja at dei ”beskjørtede” maa verta hjelpte, og so frametter, men Hr. Lyngdal skal hava Takk. Me er same Folki endaa. Dei er no svært gilde likevæl, som vil tru so godt um oss. Du Maria, dei skulde voret med mange Gonger, eg og du snakkad saman um dei, som hadde dei fengjet visst, at me ikkje var fullt so ”troskyldige”, som dei trudde me var”.

M.: ”Nei det skal Gudarne vita, dei ikkje hadde”.

A.: ”Ja dykk tvo hev rektig ramlat upp um dei stundum, so dykk kann takka Gud, dei ikkje høyrde det”.

S.: ”Jau det hadde voret mykje betre, hadde dei høyrt det, Nautapakket, der dei var”.

M.: ”No kann du tru, dei hev Moro av aa snakka seg imillom um oss”.

S.: ”Ja, lat dei det. Dei bar seg, som galne Folk, og ikkje som vituge, difor kann dei faa hava den Moroen attpaa. Dei ber seg vel slik alle Plasser, som her, so mykje dei faar syna, at dei er ikkje noko til Karar. Dei vil vera ”moderne”, ser du, og det lyt alle vera no. Lov og Takk, for me hev betre Gutar att”.

M.: ”No er du harm, Signe”.

S.: ”Ja harm er eg, og det tilgagns og. Du skal vita, baade eg og dykk hev snakka med Gutar fyrr, men Narr for dei hev me aldri voret. Eg trudde held aldri me skulde vortet det, og daa slett ikkje for slike, som var so kloke”.

M.: ”Vilde vera, faar du segja, for etter Aatferdi deira kann me aldri segja, at dei var det. Eg hev no voret saman med mange Gutar, men aldri med slike Naut, um eg so stygt torer segja”.

A.: ”Jau, dykk er harme baae no, høyrer eg.” -

S.: ”Nei, høyr no berre. Er du ikkje harm du daa?”

A.: ”Jau det er eg; men eg vil ikkje vyrda dei so mykje, at eg vil snakka um det, eingong”.

M.: ”Nei du hev Rett i det Anna. Me vil ikkje snakka um det. Lat dei hava den Moro, dei vill, me  er like gode. Men du Anna, det er sant, veit du, kvar dei var ifraa. Det er godt aa vita det, for um me eingong skulde koma dit, laut me laga det so, at me ikkje raakad dei”.

A.: ”Dei er fraa Strilandet”.

M.: ”Kvat segjer du? Strilalandet? Herregud Kjinsokaelv! Me bisnast paa, at dei var so rædde for aa segja det, og det hadde me Grunn for og daa”.

S.: ”Nei hev du høyrt Maken. So det var slikeFolk! Dei hadde vel aldri etet anna held Tosk daa! Ja so vil eg segja, som Gjenta sa: Ein Stril er det  noko aa angra paa, nei daa takkar eg meg ein Svenske blaa! Han er klok og hev Vit, men kvat hev vel ein Stril, som hev etet paa Tosk all si Levetid. Nei! Ein Stril er ikkje noko aa trega paa.

 

o – a + y.

 

 


Frå Fedraheimen 27.10.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum