Ei Fyregangskvinna.

 

Eg vart sæl, daa eg høyrde, at Fru Vullum skulde halda Fyredrag for oss liberale Studentar. Eg hadde enno aldri set nokor Kvinna paa Talarstolen; men kor mykje hadde eg ikkje leset og høyrt om, kor ufjelgt eit Syn slikt noko var og maattevera. Mangein Teolog utyver Landet hadde eg set bli stram um Minnvikerne og arbeida seg upp til heilag Harm, naar Talen kom paa slikt. Og ein Par Presteemner, som eg spurde, um dei ikkje vilde gaa med og høyra paa, saag paa meg med eit fromt medlidande Augekast og murrad um, at dei ikkje skulde hava noko med emanciperte Damur aa gjera. Dei held paa med Paulus maavita. No vel, eg fekk daa gaa dei forutan. – Fru Vullum hadde eg enno aldri set, og hadde nok so smaatt ei Rædsla for, at det kunne vera noko hardt, mannslegt ja kanskje ufjelgt ved henne. Det hender no ikkje so sjeldan, at det vert noko unormalt nettupp ved slike, som stend paa Grensen millom det Gamle og det Nye, - som maa vera ein Slags Prøveklut for dei frambrytande Idear. Men her var ingen Faare forhanden. Fru Vullum kom so naturleg og fordringslaus inn, som var ho i si eigi Stova, og likeso naturleg, litet klemt kannhenda, steig ho upp paa Talarstolen, etter at Ullmann hadde gjevet henne Ordet. Her var ingi ukvinneleg Mannslegheit, tvert imot. Venlege, varme, spilande Augo, ei uvanleg høg, klaar Panne og eit rikt myrkt Haar som ein Krans ikring ho. Det kunne somen godt voret ei from Prestefruge av den gamle Skulen, som skulde segja nokre Ord i ei Kvinneforeining for Skuld den Sak. Og greidt og klaart kom Ordi flytande i velformade Periodar utan ”Svulst” og Afektasjon. Her var ingen Skrik og Deklamation, ingen morske Augnekast, som so mange Herrar uppvartar med; men Varme kom der i Røysti og Loge i Auga, naar ho kom inn paa dei meir hjartelege Sider av Saki. Eg trur ikkje ein Prest eingong med si beste Vilje hadde kunnat finna noko ukvinnelegt her, og lønt vart ho daa ogso med eit Bifald, som ikkje berre kom av, at ho var Kvinna.

 

Eg kann ikkje segja anna enn, at mi Tru paa Kvendesaki vaks ved aa høyra Fru Vullum. Eg fekk ein liten Gløtt inn i, kva det vilde segja for eit Folk aa hava Mødrar og Døtrar, som kunne fylgja med paa Aandslivets Høgder og heilhugast taka Del i Kampen for Framgong. Aa for eit Steg fram, um dei unge Damurne, som gjeng paa Utstelling paa Karl Johan, helder kor dei no gjeng, kunne koma til aa faa Interesse for noko større enn ”Kneblerne til Fransen og Renderne i Bukserne til Løitnant Hansen”, for noko meir enn, naar høgt skal vera ”Pirkerier” med eit Broderi og andlaus Røda um siste Konserten held nyaste Lustspilet. Ja eg er verkeleg so einfaldig, at eg trur, Mor Norig var tent med dei. Og ho skal nok eingong – seint helder tidleg – faa den Gleda aa sjaa Kvinna arbeida seg upp til noko meir enn ei Daudvigt i Lasteromet.

 

- d.

 

 


Frå Fedraheimen 27.10.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum