Frie kyrkjelege Samfundsformer.

 

Det saag siste Vinter ut til, at dei frihuga kristne Folk i Landet skuld kunna møtast ogso i dei kyrkjelege Spursmaali; det vart sagt, at Statsraad Jakob Sverdrup ikkje vilde setja seg imot Løysingi av Soknebandi o. m. a., og at grundtvigske Tingmenner paa slike Vilkaar nok vilde kunna ganga med paa, at der vart skipa kyrkjelege Sokneraad. Eg totte detta var ei gledeleg Tidend. Eg kunde og kann ikkje tru anna, enn at baade desse Ombrøyterne vilde gjera sitt til, at Samfundstanken fekk veksa seg sterkare millom dei kristne, og det trengst storom. Ja der er vel kanskje ikkje den Ting i Guds Rike her paa Jordi, som der er meir Torv til, for med større Samfunds-Aand vilde der fylgja usegjeleg mykje godt av mange Slag.

 

Der gjeng mang ein og tenkjer paa dei gudelege Ting, men han hev ikkje Ord for deim, han hev ikkje Tilføre til aa tala om deim, og han hev ikkje nokon aa tala til. Og so gror det meir og meir fast i honom elder henne detta: Trui og alt det gudlege, det er noko, kvar ein berre skal hava hjaa seg sjølv og ikkje segja vidare om – andre enn Presten, naar han preikar i Kyrkja, og dei som ellest held Oppbyggingar. Guds ”Rike” kjenner han av Ord men ikkje av Liv, og det er ingen Kjensel, berre ei lærd Lekse, som ikkje er noko verd.

 

Some Tider trengjer Livet seg fram slik, at der vert skapa noko av Samfundsformer; men detta Samfundslivet vert daa so ofte ”separatistisk” og sjukt, trongt, dømesjukt o. m. sl.

 

Kyrkjelivet fær ikkje forma seg fritt og heilt, og so vert Samfundslivet der etter. Det vert noko av det eine elder noko av det andre, meir elder mindre Vanskapningar. Skal her koma noko livsterkt, so maa Kyrkja leggja heile si Magt til. Ho hev visst Kraft til aa faa fram noko, berre ho sjølv vil, men daa maa ho og vilja laga til Formi, Kroppen.

 

Det er slett ikkje mi Meining, at Formi gjev Livet. Nei Livet maa vera der. Men det maa daa hava si Form, om det skal koma fram som eit Samliv. Fekk me fyrst Formi, so hev eg full Tru paa, at denne Formi vart fylld. Vart ho det ikkje, so var det daa ikkje verre i det, ho gjorde daa vel ikkje noko til Gagns, men vist helder ikkje noko til Meins.

 

Ja det er ikkje visst det, segjer some. Fleirtalet kom til aa kuga Mindretalet elder Mindretali, spaar dei. Men det vilde dei ikkje godt kunna, naar Fridomen fylgde Organisationen. Naar dei tvo kom Haand i Haand, so vilde det gro fagre Blomar i Faret deira.

 

At der i Kyrkja er Magt til aa faa fram eit Samfundsliv, det hev eg Tru paa av tvo Grunnar. Fyrst av di, at der i Folket er god gudeleg To, og at der er ikkje so lit av varm og rik Forkynning. Men dernæst av di, at Folket i den siste Tidi ikkje hev lært lite av Samfunds-Aand paa andre Leider (enn det gudelege). Naar den som av eiget Medvit, av sitt eiget Liv kjenner og hev lært aa mæta aandelegt Samliv i Huslyden og Fedralandet, høyrer Guds Riksens Evangelium og tek det til Hjarta, so vil han og hava baade Trong og Kraft til aa liva sitt gudelege Liv i Aandens Samfund med andre. Men Kyrkja maa so ikkje leggja Hinder for deim, anna enn at dei kann faa liva detta sitt Liv baade fritt og heilt.

 

Dette tykkjer eg alle upplyste kristne skulde vera samde um. Men dei er enno noko skjerre for kvarandre. Dei mest frie er rædd, at dei andre vil bruka Magt til aa binda deim, om dei kann, og dei mindre frie er rædd, hine vil misbruka Fridomen.

 

Eg segjer: det er ei kristeleg Dygd aa tru godt om kvarandre. Gjer det! Ingen kann negta, at mange kristne, som fyrr hev vore noko ljosrædde, hev i den siste Tidi fenge Syn for, at ”Ljos er godt”; det hev gjengje so godt med den ”frihuga Politikken”, og dei tek til aa tru, at det vil ganga godt med ”frihuga Kristendom” og. Og vel er det so, at Fridomen kann brukast til di, som gale er; men ein hev Trygd baade hjaa sjølve Folket og hjaa Kristendomen for, at det vil nytja kyrkjeleg Fridom paa den rette Maaten.

 

Derfor skulde no dei kristne Vinstremenner flokka seg saman om desse tvo Slags kyrkjelege Ombøter og gjera Skam baade av Høgrebladi og dei vantrue Vinstrebladi, som skrik, dei eine høgare enn dei andre, mot Jakob Sverdrups Kyrkjelov. Ein maa so godt kunna skyna, at ingen av dei Slags Folk kann lika Loven; men skulde dei frihuga kristne Folk lata seg truga av deim?

 

Eg ser, dei hev det med det desse storlaatne Kristiania-Blad, som jamvæl vil hava Magt til aa setja av Riksraadar (!), at dei vil truga Styret til aa lata vera aa setja fram Kyrkjeloven atter, for kjem han fram, so skal han rjuka. Vil ikkje Styret lata seg truga, so vil dei vel freista truga Stortinget til aa gjera, som dei vil. Forslaget kann ikkje verta vedtekje, segjer dei. Kor veit dei det ifraa? Folket vil ikkje vita av det, segjer dei. Kor veit dei det ifraa? Eg veit ikkje, eg hev set nokon Staden ved Val elder Møte, at Veljararne hev voret imot det. Men eg veit at dei some Stader hev gjeve sitt jaminne til det. Og er det so mange i Tinget tru, som dei kaute Hovudstadsbladi kann lita paa? Eg hev ikkje set det. Derfor maa ikkje det kyrkjelege Vinstre lata seg korkje skræma elder truga; Kyrkjeforslaget kann nok ganga, om der fell fraa some av Vinstres Europæarar; desse kjem daa til standa saman med dei stive Høgremenner; dei Høgremenner, som er mest rimelege, røystar vel helst for Forslaget.

 

Som sagt, eg vart glad, daa det saag ut til, at kristne Vinstrefolk, som hev stade so godt saman i Politikken, og vilde koma til aa standa saman i dei kyrkjelege Saker. Sidan hev no eit og anna gjort sitt til aa rugga den gode Voni; men eg vil likevæl faa setja Von mot Von, og eg vil segja som so:

 

Kristne Vinstremenner! Lat ikkje Dagbl. og Verd. G.og Kristianiap. faa auka det Tvidraget, som er millom dykk, men sjaa til aa verta samde, og bry dykk so ikkje om heile den storfelde Europæismen. Kyrkja vil i Framtidi takka dykk, om de i 1887 legg Grunnen til ein fri kyrkjeleg Samfundsbygning i Fedralandet vaart!

 

k.

 

 


Frå Fedraheimen 27.10.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum