Kristiania, den 26de Oktober. Forhaldet til Sverik.

 

Det hev voret mykje rart i Tankegagnen vaar um Forhaldet til Sverik. Me hev altid høyrt, at Svenskarne berre vilde oss det beste, at dei var vaare Brødrar og at utan Foreiningi med Sverik vilde det voret raadlaust for Noreg aa vera til som Stat.

 

Me hev voret upplærte til aa vera takksame mot Sverik og til aa tru, at dei tvo Folki altid skulde vera samde um alt.

 

Men Livet hev synt noko anna. Gong paa Gong hev det synt seg, at Svenskarne held seg for aa vera det fyrste av dei tvo Land og at det bør hava mest aa segja. Det hev ofte komet fram fraa Svenskarne, at Noreg i grunnen var ein Provins av Sverik og at det soleis var dei, som hadde aa styra og raada.

 

Og Noreg hev maattat finna seg i mykje. I ei lang Rekkja av Aar var her svenske Statshaldarar i Landet. Me hev maattat føra svensk Flagd paa Festningarne og Skipi vaare. Forhaldet til Utlandet styrde Sverik i lang Tid aaleine og me hadde ikkje eit Ord aa segja i Laget. Daa kann ein tenkja, korleis det gjekk.

 

Det kann igrunnen ikkje undra oss somykje, at Svenskarne enno hev denne Meiningi fraa 1814. Ho er ganske naturleg.

 

Saki er den, at straks Kielertraktati i 1814 var avsluttat, so meinte kvar einaste svensk Mann, at no høyrde Noreg til Sverik. Det kunne ikkje vera Tale um anna. Det stod klaart og greidt i Traktati, at Landet skulde ”tilhøre Hans Majestæt Kongen af Sverrige med fuld Eiendomsret”.

 

Det hev me Nordmenner aldri havt noko Tru paa. Me hev sagt, at det, som hende i Kiel, ingenting hadde aa segja. Det vart sagt straks paa Eidsvoll og det var paa den Grunntanken, at Grunnloven vart gjeven.

 

Nordmennerne vilde ikkje hava noko Svenskestyre i Landet. Fyrr vilde kvar Mann gaa fraa Hus og Heim til Grensa for aa verja Fridomen aat Landet.

 

Men Svenskarne hev havt ei onnor Meining og denne Meiningi kjem fram den Dag i Dag. Dei hev aldri viljat finna seg i, at dei tvo Land skulde vera like. Støtt og stendig hev dei funnet upp noko til aa krangla med og til aa terga oss med.

 

Men det gjeng ikkje.

 

Likso lite som Nordmennerne i 1814 vilde finna seg i Svenskestyret, likso lite vil me no finna oss i det. Me krev full Rett til aa styra oss sjølve og me krev aa faa staa tilliks med Sverik i Foreiningi. Me treng ikkje meir til Sverik me, enn det treng til oss, me hev aldri synt, at me stod attende for det og det same vil visa seg heretter og.

 

Me held paa Unionen, daa me trur, at det er godt for baae Land aa staa saman, serleg kva Forsvaret vedkjem. Men me vil ikkje vita av nokor Trælking.

 

 


Frå Fedraheimen 27.10.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum