Kven hev mest Tru!

 

(Del 3 av 3. Fyrste delen.)

 

(Slutt av ”Garborgs  Bondekultur” No. 63).

 

 

Kven hev mest Tru paa Bonden og paa Folket vaart i det heile, anten den som varer og varnar imot alt nytt, elder den, som hugheilt støyper seg inni dei nye Straumar?

 

Det er ikkje den, som berre gjeng og varer. For han varer, fordi han sjølv er rædd og ikkje trur, at andre kann standa seg. Men den, som legg aat, han gjer det, fordi han trur,. han kann berga seg, og naar han maner andre til aa fylgja, so maatte det vera ein rein Mannaøydar, som gjorde det til aa støypa Folk uti Ulukka, og seg sjølv maatte han hata meir enn den Vonde. Og ein slik Mannaøydar er ikkje Arne Garborg. No vil eg ogso gjeva Garborg ein Atest, sidan Vestlandsposten  hev gjevet honom so mange. Den fell ikkje i hop med den, som dei hine hev gjevet; men han er meir paaliteleg. Jamhøgt Verde aa kalla hev den i ein Maate, med di me dømer utifraa same Standpunkt, eg er kristen og Vestlandsposten  kallar seg med det same Namnet. Men større Verde hev min Dom og meir paaliteleg er han, fordi eg dømer utifraa Kjennskap og Forstaaing av Mannen, men Vestlandsposten  dømer utifraa Ukjennskap, Uforstand, politisk og religiøs Dømesjuke.

 

Det segjer eg, at Garborg hev tusund av Lyte og mange ville Tankar, men likevæl er han ein av dei gildaste, likaste og trugnaste Gutar ein skal sjaa i Norig. Og ein Moral hev han stundom so sterk, at eg vert reint skjemd, endaa eg er teologisk Kandidat.

 

Lat no alle Verdsens Teologar koma og segja, at det finst ikkje Moral hjaa ein Fritenkjar, skal eg daa vera so styven, at eg trur meir paa ei gamal Læresetning enn det, eg ser med mine eigne Augo? Elder skulde eg helder gjera meg lik Vestlandsposten, tala vondt um Folk og taka alt i den verste Meining? Nei so illhugad er eg ikkje.

 

Men ein treng ikkje berre taka dette fraa den Sida, anten det er Godviljen elder vrangviljen. Det er reint eit praktisk Spursmaal um, korleis me skal nytta Landsens Midlar. Det er Spursmaalet um, korleis me skal hava Gagn av vaare evnerike Menner, som arbeider for Folket. Og daa er det soleklaart, at det er ingen Nytte saman med Vestlandsposten aa peika burti alt vondt, men halda fram for oss det me finn av godt og stort. Elles kjem heile Folket til aa døy av Vonløyse og Pessimisme.

 

Eg kjenner Gaborg, eg veit at so mykje av det, som støyter og argar oss ved Karen, helst kjem av laak Helse. Og det er daa væl ikkje kristelegt aa fordøma eit Menneskje, fordi han hev laak Helse, veit eg.

 

Tak upp dette Stykkjet i Bladet ditt Oftedal, so er du ein greid Kar.

 

Ivar Mortenson.

 

 

Etterskrift. So var det noko som baade Helleland og andre driv med. Dei skal so endeleg finna Tendensar  i alt som Garborg kjem med, og det er daa Kristendomsfiendskap, som ligg paa Botten.

 

Visste eg ikkje korleis dette sit i oss fraa Barndomen, og mintest eg ikkje korleis eg sjølv hadde det paa same Maaten, fyrr eg fekk betre Kjennskap til sovoret – daa vilde eg harma meg storleg og skriva lange Stykkje imot dette. Men no burde me vera komne so langt, at me berre kann kalla slikt for anten Ukjennskap til Fritenkarar elder Raadløysa paa skikkelege Grunnar. Me skulde vera komne so langt no, at me kunne skyna, at det aa vera Fritenkjar det trengst ikkje endeleg vera det same som aa hata kristendomen. Og Garborg er ingen Kristendomshatar; det tenkte eg ein Kar som Helleland skulde skyna, at det som Garborg fyrst aa fremst arbeider for, det er ikkje aa tyna Kristendomen, men aa faa full Kultur inn i Landet. Det er berre daa han mislikar Kristendomen, naar han steller seg saman med Bakstrævet. Garborg hev ikkje Baktankar.

 

 


Frå Fedraheimen 27.10.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum