Om Ingersolls Hædingar av Bibelordet.

 

Skal me no faa slikt i Fedraheimen og? Kann ikkje han lata vera aa skjemma seg med den Slags Ting og lata Dagbladet, Kristianiaposten og Verdens Gang, som no alle synest aa giva Bibel og Kristendom ein god Dag, hava det for sjølve seg? Eg kann ikkje tru, at Fedraheimenvil giva seg ilag med deim i det Stykket. I so Fall var det best, at me fekk vita det. For deim, som hev Hug paa slike Varor, er det ikkje vandt aa faa i deim, so det trengst so visst ikkje, at nokon lurer deim inn paa oss. Eg saag nyleg, at jamvæl Rationalisten Beecher ikkje vilde hava noko med den munnkaate Intersoll’en; aa spotta kann kvar ein Flaakjeft, og det heilage spottar han helst; men ”Spotti veks paa Kjærleiken si Grav”, og ho gjer berre vondt; men det som vert hædt, hev lagt Aalvor og Trøyst til Menneskja i Hundra-Tal¹) av Aar. Og eg torer nok segja, at dei fleste aalvorlege Granskarar, dei er samde med Cesare Cantu (skulde ikkje han vega upp Ingersoll’en tru?) – naar han skriv: ”_ Mærkelig nok: samtidig med at Videnskabens Forskninger tilsynelagdende skride Biblen forbi og kaste Vrag paa dens Ord, fremkommer der i flere Retningar Vidnesbyrd for dens Paalidelighed og nye Midler til dens beste Forstaaelse_”.

 

Fedraheimenskriv i siste No.: ”at mange vil freista paa aa gjera Ugreide og faa stansad Utviklingi ved Hjelp av Kristendomen, det kann ein no vita fraa fyrr” – og slik som Ordi stend, maa dei vera mynta paa ”det kristne Vinstre”. Men det er ”aa tala usant um Motstandararne sine” ”aa segja slikt, og det hev aldri nyttat eit Parti fyrr”, som Fedraheimensjølv segjer. Men slik som no Fritenkjarskapet breidskar seg, vert det meir og meir naudsynelgt, at her kjem eit ”kristet Vinstre”, og vil Fedraheimen fylgja i det ukristelege Faret aat Dagbladet, Verdens Gang og Kristianiaposten, so kann han ikkje venta, at dei kristne vil ”arbeida for Fedraheimen”. Hermed hev eg visst sagt mange si Meining.

 

k.

 

 

Eg kann ikkje skyna, kva Rett Hr. k. hev til aa lasta, at Fedraheimentok inn Stykket ”Fridomen aat Kvendi” av Ingersoll. Eg las Stykket eit Par Gonger, fyrr eg umsette det, og eg kunne ikkje finna noko, som støytte det religiøse hjaa Folk. Eg totte, at Stykket var so varmt og hjartelegt, at det liksom slog imot ein: dette er skrivet av ein Mann, som hev røynt, kva han skriv um. Det einaste i heile Stykket, som kunne støytta (serleg naar ein vil hava noko aa hengja seg i) maatte vera Samanstellingi millom, kva Bibelen og kva Brahma-læra lærer um Skapningi, korleis ho gjekk for seg. Men dette var berre ei Bisak. Hovudsaki for Ingersoll var aa forsvara Kvendi. Og det skulde han vel kunna gjera um han er Fritenkjar. Det kann ikkje negtast, at det er nettupp Fritenkjaranne, som byrjad Kvendesaki, og det er dei, som hev arbeidet mest for ho hittil. Rett skal vera Rett, og ein skal vera rettvis mot Motstandaranne sine og. Eg kann ikkje skyna anna, enn at naar Hr. k. er so sinnad, fordi Fedraheimentok inn detta Stykke, so er det av di han ikkje er fullt ut rettvis mot onnorleis-truande. For, som eg fyrr hev sagt, det var ikkje noko i Stykket, som kunne støyta, utan ein plent vilde finna noko til aa vringla med. –

 

Det, k. hev aa klandra ved Maalet mitt, skal eg ikkje segja stort um. Eg likar godt, at det kjem Kritikk, naar det trengst og er takksam mot han, av di han nemde det med. Men aa koma med Hædingsord, naar ein kristiserar, det var visst ikkje naudturvelegt.

 

Umsetjaren av Stykket aat Ingersoll.

 

 

Svar til k.

 

Me skal ikkje freista aa negta, at me tenkte paa det ”kristne” Vinstre, daa me i siste Nr. skreiv um Striden i Vinstre. Og det tenkjer me, me hev full Rett til; lat so Hr. k. segja, at det er ”aa tala usant um Motstandaranne sine” somykje han vil. Me hev alt set Merkje nok til det, so me hadde full Grunn til aa skriva som me gjorde. Lat oss berre taka for oss Namnet ”det kristne Vinstre”, det talar for seg sjølv, tenkjer me. Hr. k. skal ikkje kunna negta, at berre dette Namnet er Misbruk av Kristendomen til ”aa gjera Ugreide med”. Alle upplyste Folk, som hev fylgt med i Politikken vaar, veit, at det finst kristne baade millom det gamle og millom det nye Vinstre. Og likeins veit dei, at det finst ikkje-kristne millom baae og. Dei er no ikkje heilage alle, som gjeng i Kyrkja, segjer Ordtøkjet, og likso lite er dei kristne alle Oftedøler helder. Finst det ikkje nettupp Fritenkjarar bland dei, so finst det Hyklarar i staden, og me meiner, at ein ærleg Fritenkjar er ei betre Menneskja, enn ein Hyklar. At Fritenkjaranne helst sluttar seg til det mest framskridne politiske Partiet i eit Land, er noko, som mest segjer seg sjølv. Det er noko, som ein vil finna Døme paa mest heile Heimsoga gjennom. Tenkja seg til kor meiningslaust det vilde voret, um t. D. Bjørnson og Garbrog hadde sluttat seg til det ”kristne” Vinstre elder til Høgrepartiet! Fritenkjaranne trur, at Verdi vil verta betre og betre etter kvart som Tidi gjeng. Dei trur paa Framtidi, trur, at det daa vil verta betre Stell i det heile, og daa kann alle skyna, at dei maaslutta seg til Framstigsflokken. Men um no det er Tilfellet, at det finst Fritenkjarar bland det gamle Vinstreparti, so kann ein ikkje derav slutta, at det er dei, som er Fleirtalet, elder at Partiet igrunnen er gudlaust. Det hev ein ingen Rett til aa gjera, fyrr det syner seg, at Partiet arbeider for aa tyna Kristendomen. Daa, men fyrst daa, kann ein med Grunnkalla Partiet gudlaust. Men, kor mykje det ”kristne” Vinstre vil freista paa og syna dette, so vil det falla for stridt. Det er umoglegt. Det finst ingi Sak, Vinstre arbeider for, som ikkje kjem fullt yvereins med Kristendomen. Korkje Arbeidet for Diktarløn aat Kielland, for aalmenn Røysterett, for borgarlegt Egteskap elder for andre Saker, det skil seg fraa det ”kristne” Vinstre i, er ukristelegt.

 

Men naar dette er Tilfellet, naar altso Motstandaranne aat det gamel Vinstre ikkje kann prova, at det arbeider for ukristelege Saker, naar dei maa medgjeva – og det maa dei -, at det godt gjeng an aa vera ein sann og ærleg Kristen og samstundes arbeida for dei nemnde Saker, naar dette er Tilfellet, kva Rett hev so det mindre framskridne Vinstrepartiet til aa kalla berre seg sjølv for kristent? Kann detta, naar ein skal bruka sunn Sans, verta uppfattat paa annan maate, enn som eit Arbeid for ”aa gjera Ugreide og faa stansat Utviklingi ved Hjelp av Kristendomen?” Kann det tenkjast nokon anna Grunn til at det kallar seg det ”kristne” Vinstre, enn den, at det vil faa Folk til aa tru, at dei sjølv er kristne og Motstandararne altso gudlause? Me kann ikkje, so gjerne me vilde, skyna anna, og daa segjer me, at me hadde full Rett i det, me skreiv.

 

Det er ikkje so rett lenge sidan, Uppropararnne dreiv paa med nett det same. Dei freista daa faa Folk til aa tru, at det var ukristelegt aa vilja gjera Ende paa Selmerstyret her i Landet. Dei gav ut den eine Boki etter den andre, og i alle var Grunntonen denne: det er me, som er dei kristne, dei andre er Heidningar. Me saag korleis det gjekk dei. Dei freista daa grava ei Grav for andre, og daa var det raadlaust anna enn at dei sjølv maatte falla i ho. Og likeins vil det gaa med det ”kristne” Vinstre. Dei vil ikkje vinna langt, endaa dei hev dugande Folk med seg. Folket hev vaknat og det trur ikkje lenger, kva andre segjer. Det vil sjølv faa døma um dei ymse Ting. Og naar det kjem so langt, ja, so er det ikkje faarlegt lenger.

 

Det er ikkje med Gleda me hev set paa, at Menn som Chr. Bruun, M. Skard og Ingv. Bøhn, Menn, som me hev so høg Vyrdnad for, at dei skal stella til noko sovoret som ”det kristne Venstre”. Me veit, at dei sjølv meiner det væl, og at det ikkje er anna enn Kjærleik til Kristendom og Folk; som ligg til Grunn for det heile. Det hev me heile Tidi trutt og det trur me enno. Men samstundes trur me, at dei fer imist. Og difor vil me segja like ut, kva me meiner. Me hev den Trui, at dei sjølv etter kvart vil faa Augo upp for, kor stor Skade dei kann gjera nettupp Kristendomen med dette Arbeidet sitt. For det hev aldri voret til Nytte for Kristendomen, at dei kristne freistar aa forkjetra kvarandre.

 

Bladst.

 

¹) ”Hundruder” (!) segjer den Maalklokingen, som ikkje kunne bida, til han lærde aa skriva norsk, fyrr han maatte lata Fedräheimens Lesarar faa godt av det Ingersollske Lettekornet. Og so slike Maalytingär, som: ”ei ung Kvende”, ”den Kvendí” (III); ”ein tarv ikkje vera rik for aa vera høgsinnat” – han maa vel vera fælt sinna den, som er ”høgsinnat”! Og der er andre rare ”Greider” og. ”Fedrah. skulde passa lite betre paa slike Maaløydeleggjarar. Ja det er no betre no enn i Somar, likevel!

 

 


Frå Fedraheimen 27.10.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum