Ymist.

 

30te Oktbr. skal det haldast Fest for Regjeringi att. Denne Gongen skal han vera paa Vetlehamar.

 

 

Til Olav Kirkebergs Folkehøgskule i Vestfossen hev Eikers Heradstyre bevilgat 200 Krunor.

 

 

Christopher Bruunheldt i hi Vika eit politisk Fyredrag paa Haug i Gausdal. Han talad m. a. um det komande Stortingsvalet for Kristians Amt. Jørstad og Kind burde ein velja att, daa baae høyrde til det kristne Vinstre. W. S. Dahl var Europæar fullt ut, men daa han var ein framifraa dugande Politikkar laut ein taka han. Sigurd Blekastad var og litteuropæisk, men daa han og var ein dugande Kar so burde han takast att. Med Mustad var det ingi Raad, han burde kastast. Baade var han full Europæar og dessutan lite tess, og daa var det ikkje noko aa halda paa. Valdrisarne burde finna seg ein dugelegare Mann.

 

 

30 Blad her i Byen hev sendt inn Søknad til Poststyret um aa faa burt Loven um Porto for Brev med Bladpengar i.

 

 

I Arendalhev det voret Forhøyr yver Bankchef Herlofsen, men det skal hava voret styrt so daarlegt, at det maa takast upp fraa nyom att.

 

 

Mordbrann. I Linköping brann det no sist Laurdag upp eit Uthus. 4 Kretur gjekk med. Elden var paasett av Sonen til Eigaren.

 

 

Store mogne Hagebringebærhev dei i fyrre Vika funnet i Kongshamn.

 

 

I Sandnæser det upprettat ein Arbeidsskule for Gutar. Det er i alt 32 Elevar og 2 Klasser.

 

 

Vakkert gjort. Engelsmannen Muntz, som nyleg var i Arendal, hev gjevet 1800 Kroner til Hjelpekassa aat Arbeidarar.

 

 

EinBjørnvart i hi Vika skoten av ein Lap paa Senjenøyi. Han vog 211 Kilo og Fedtlaget var 4 fingre tjukt.

 

 

Ein svevnug Grindpaapassar. Daa Toget fraa Sarpsborg sist Fredag kom til Torsbek, var Grindi stengt og ho vart av Toget støytt i Bitevis, daa det var umogelegt aa stoppa. Det segjest, at Grindvagti sov, skriv Sarpen.

 

 

Paa Bandaksli i Telemork hev ei Høne i Sumar rugat ut Kjuklingar i alt 3 Gonger.

 

 

I det danske Landsting er innvalde Folkehøgskulelærar Ludvig Schrøder og Styraren av HøiskolebladetKonrad Jørgensen.

 

 

Jau, no gjeng det godt. Her um dagen var det nokre Krunarbeidarar ute paa Hovudøyi og arbeidad. Ein av dei saag seg Høve til aa koma ned til Sjøen, fekk Tak i ein Baat og rodde yver til Fastlandet.

 

 

Ein Dansar sagde til ein Spartanar: ”Du kann ikkje standa so lenge paa ein Fot som eg”. ”Det er sant”, sagde Spartanaren; ”men ei Gaas kann det”.

 

 


Frå Fedraheimen 27.10.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum