[Kristiania, den 29de Oktober.] Paa Stiftsmøtet

 

uttalad Statsraad Sverdrup, at det borgarlege Egteskapet var det beste. Det er undarlegt, som Tiderne skifter. For eit Aar sidan kallad Oftedølerne det for eit Lyte ved ein Tingmann, at han vilde hava tvungent borgarlegt Egteskap. Iallfald var det ein av Grunnarne mot Øverland i Stavanger Amt. Mange av Oftedølerne derburte meinte, at Øverland maatte vera ein halv Heidning, naar han kunne vera med paa slikt. Kva tru dei segjer no desse Folki, naar dei ser, kva Jakob Sverdrup hev sagt? og kva segjer Vestlandsposten, som hjelpte dei so trulegt?

 

 


Frå Fedraheimen 30.10.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum