[Ymist.] I Danmark

 

held dei paa med Fengslingar og Dom paa eine Sida, Skattenegting, og Pengekrig paa andre.

 

Verst er det i Vendsytsel, der Bønderne i September prylad Gendarmarne. Sidan den Tid hev Brøndeslev voret liksom i Beleiringstilstand og full av Gendarmar, Karabinar og Pistolar.

 

Ein Ettersøkningskommissjon ligg og lurer etter aa faa Tak i dei, som prylad Gendarmarne, og ein Mengde Spionar hjelpe til. Dei freistar seg fram paa mange Maatar.

 

Soleis var det paa Vestkysten ein ung Student, som gav seg ut for aa vera der for aa friska seg upp. Han gjekk lange Stykkjer og talad gjerne med Bønderne, og visste aa tala um alt, men daa dei saag, at han gjerne vilde koma inn paa det, som hendte i Brøndselv, totte dei dette var noko rart, og fekk altid Talen burt paa noko anna. Daa Studenten saag, at han ingen Veg kom, reiste han, og fyrst daa fekk Bønderne vita, kven dei hadde havt aa gjera med.

 

Ein annan Stad kom det ein Mannn, som tilbaud seg aa læra Bondekonurne og Gjenterne moderne Tilskjæring. Alle totte dette var gildt, og fagnad han væl. Men daa han byrjad aa tala um Striden i Brønderslev, var det straks slutt med Gleda. Han fekk ingenting aa vita av dei. Dei sagde, at han nok kunne faa læra dei aa skjæra til, men at dei ellest ikkje vilde hava noko aa gjera med han. Og so sluttad han med den Livevegen.

 

Ein annan Politispion var meir heppen. Han fekk Tak i ein godtruande Bonde og gav seg i Snakk med han um Gendarmarne. Daa Bonden sagde, kva han meinte, det burde gjerast med dei ”ljoseblaae”, sagde Spionen, at dette var Synd. Daa Bonden vart sinnad for dette Forsvaret og lagde til, at han ikkje var rædd for aa syna Meiningi si i Gjerd, og at han fyrr hadde voret i Tak med dei, drog Spionen Politiskiltet fram, og Bonden vart fengslat.

 

Bønderne hev taggt so væl heile Tidi, at Kommissjonen ikkje hev kunnat gjera noko. Rektignok fengslar dei ein elder annan, men dei maa sleppa han ut straks. Det leidaste for Bønderne paa denne Aarstid hev det voret, at Folket hev vortet teket burt fraa Arbeidet med Innhaustingi. Men so hev Grannafolket hjelpt til, det dei hev kunnat. Dei hev liksom vortet samde um aa stydja kvarandre so godt dei kann.

 

Medan dette gjeng for seg, hev Bønderne vortet samde um ikkje aa handla med Høgrefolket i Byarne. Serleg er dette Tilfellet i Horsens, og Æra for det, hev Jens Busk. Han gjorde alt i fjor Avrekning med dei Høgrekaupmenn, han handlar med, og fleire fylgde etter han.

 

I desse Dagar hev Vinstre prentat ei Bok, der Namnet paa alle frilyndte Kaupmenn og Handverkarar i Byen stend. Denne Boki vert gjevi til alle Vinstrefolk der ikring.

 

Dette er nokre faae Døme, tekne med einannan or Skildringarne i danske Blad, um korleis Høgre og Vinstre liver i hop i det ”yndige Land”.

 

(Etter V. Gang).

 

 


Frå Fedraheimen 30.10.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum