[Ymist.] Kvendesaki.

 

Dei største Umvølingar, som det offentlege hev gjort sidan 1830 for aa letta Kvinnurne sin Stelling i Samfundet er:

 

I 1839 fekk ”svagelige Kvinder, som ikke kunde ernære sig paa anden Maade”, Rett til aa verta Handverksmeistarar.

 

I 1842fekk ugifte Kvende yver 25 Aar, som ved Søknad til Kongen hadde vortet mynduge under Bustyrar, Rett til aa handla, naar Bustyraren var einig i det.

 

I 1845 vart ugifte Kvende yver 25 Aar mynduge under Bustyrar, d. v. s. dei fekk daa same Retten, som Mennerne hadde millom 18 og 25 Aars Alderen.

 

I 1854vart Kvinna set tilliks med Mannen, kva Arv vedkjem.

 

I 1863 vart Kvinna likestillat med Mannen med Avsyn paa aa verta mynduge. Derved fekk eit ugift Kvende same Retten til aa driva Handel som Mannen. Same Loven fastsette, at Ekkjer og fraaskilde Konur skulde vera fullt mynduge anten dei var unge elder gamle.

 

I 1866 fekk Kvende same Retten som Menn til aa vera Handverkarar.

 

I 1868 byrjad dei aa bruka Kvende ved Telegrafen.

 

I 1869 fekk Kvende Rett til aa verta Lærarar ved Aalmugeskulen, og berre i Kristiania er det no ikring 300 Lærarinner. Ogso ved dei høgare Skularne brukar dei Kvende som Lærarar i dei lægre Klassarne.

 

I 1874 fekk Kvende Rett til aa verta Tonnlækjarar.

 

I 1882 fekk Kvende Rett til aa taka Studenteksamen.

 

I 1884 fekk Kvinna Rett til aa taka alle moglege Eksamenar ved Allskulen.

 

I 1884 fekk Kvinna Rett til aa taka Apotekareksamen og til aa driva Apotek tillike med Mennerne.

 

Enno stend det mykje att.

 

 


Frå Fedraheimen 30.10.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum