[Ymist.] Stiftsmøtet for Kristiania Stift

 

byrjad Tirsdag. 500 var møtte fram. Ordstyraren vart Sokneprest S. Bruun og Presten Schiørn.

 

Fyrste Sak, som kom under Ordskifte, var borgarlegt Egteskap. Innleidaren, Presten Knudsen, kom i eit langt Fyredrag til, at Egteskapet burde vera valfritt, men samstundes vilde han, at Kyrkja, naar det var klaart, at borgarlegt Egteskap var stiftat, paa Grund av Vanvyrding av Guds Ord, skulde hava Lov aa halda desse Folk burte fraa Nadverdsbordet.

 

Neste Talaren var Heuch. Han meinte, det vilde verta ei Ulukke for Samfundet um borgarlegt Egteskap vart innførd, anten det so var tvungent elder valfritt. Borni vilde koma til aa verta uppdregne utan Religion og difor vilde me straks faa fullt Heidenskap inn i Landet. Egteskapet var eit naturlegt Forhald og ikkje noko Naademiddel soleis som Ordet og Sakramenter, men samstundes var det stiftat av Gud. Soframt dei ikkje brukad same Framgangsmaaten ved Stiftingi av Egteskapet, so hadde ein ikkje Trygd for, at det vilde koma til aa vara lengre enn andre borgarlege Foreiningar.

 

Soknepr. Arnesen sluttad seg til Knudsen og vilde hava valfritt borgarlegt Egteskap og same Meining uttalad Justitiarius Broch, medan Klavenæs meinte, at tvungent borgarlegt Egteskap var det einaste rette. Han var einig med Heuch i, at Egteskapet var innstiftat av Gud, men ein hadde ikkje derfor Rett aa segja, at Guds Ord krev kyrkjeleg Egteviging. I Ruths Bok var det ikkje Tilfellet. Det finst ikkje eit Ord, som krev kyrkjeleg Vigjing og daa kunne ikkje Kyrkja krevja det helder. Men solengje det er kyrkjeleg Vigjing so bør ho haldast uppe. Den burde ikkje vanvyrdast. Det valfrie Egteskapet likad han ikkje. Dette gjev Folk Lov til aa velja millom kyrkjelegt og borgarlegt, men tok dei det siste, kom dei under Kyrkjetukt, og det gjekk ikkje Staten med paa. Kjem so Staten og segjer, at det skal vera valfritt Egteskap, so kunne ikkje Kyrkja negta aa vigja nokon. Han heldt paa den tvungne borgarlege Vigjingi. Daa fekk Staten sitt og Kyrkja fekk og sitt ved den kyrkjelege Vigjingi. Men daa maatte Statskyrkja hava same Retten som Dissentaranne til aa styra seg sjølve. Kyrkja fekk segja til Staten: vil du taka ditt, so vil eg og taka mitt. Tak du Egtevigjingi, men lat meg faa styra med mine eigne Medlemar.

 

Soknepr. v. d. Lippe uttalat seg for valfritt borgarlegt Egteskap.

 

Heuch totte, at Motstandaranne hans var altfor einsiduge. Dei saag altfor mykje paa Folket, medan han lagde meir Vigt paa Samfundet. Det, han vilde framhalda, var, at Egteskapet ikkje var ei Kontrakt, men ei guddommeleg Ordning. Vart ikkje denne Synsmaaten raadande, so gjekk det attende med Samfundet. Difor var han imot borgarlegt Egteskap. Derimot meinte han ikkje, at den kyrkjelege Vigjing var den einaste Maaten aa stifta Egteskap paa, men at ho høvde best. Det var sant, at Bibelen ikkje hadde noko Paabod um, korleis Egteskapet skulde stiftast, men han umtalad altid Egteskapet som noko høgt og heilagt. Fekk me borgarlegt Egteskap, kom me endaa lægre enn sjølve Heidningarne, for dei giftar seg aldri utan religiøse Formar. Han totte, at baade den valfrie og den tvungne borgarlege Egtevigjingi var like skitne Kjellur baae. Den einaste Skilnaden var, at det tvungne vilde snøggare gjera Egteskapet gudlaust enn det valfrie.

 

Neste Dag, Onsdag, vart Ordskiftet um Egteskapet avsluttat. Talarne den Dagen var Ordstyraren (S. Bruun), Professor Bugge og Jakob Sverdrup. Bruun og Sverdrup talad for det valfrie, Bugge for det kyrkjelege. Statsr. meinte, at det tvungne borgarlege Egteskapet var det beste, men daa Folk flest vilde hava det valfrie, so vilde han uppmana Møtet til aa slutta seg til det. Ordskiftet vart avsluttat ved at Møtet med stort Fleirtal vedtok eit Framlegg, vedteket av Stiftsmøtet i Trondheim og fyrelagt av Heuch. Det var soleis:

 

Stiftsmødet fraraader paa det alvorligste Vedtagelsen af tvungent borgerligt Egteskab; men det anser en Forandring i Lovgivningen om Egteskabsstiftelse for aldeles nødvendig, dog kan det fortiden ikkje gaa videre end til at anbefale Indførelsen af Nødcivilegteskabet”.

 

 


Frå Fedraheimen 30.10.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum