Ein Ungdoms Bøn.

 

Eg er so tung i Hugen, kolst skal eg fara aat?

Du Herre-gud maa hjelpa, aa høyr mit arme Laat!

- Skal ikkje eg faa koma, so langt som andre kjem,

skal alltid eg daa vera eit Aandens Fatiklem?

 

- Aanei, aanei! Du gjeve meg Mot og Arbeidshug,

at eg ei her skal ganga um so ein vesall Krug.

Set du i Bringa Eldhug, i Tanken Jarn og Staal,

i Fantasien Bilæt, at eg kann naa mitt Maal!

 

Ja, gjer no det du Fader, som heve skapt meg slik; -

du heve det eg vantar, du kann meg gjera rik!

- So gjeng eg rak i Ryggen og stemner lika fram

og rydjer vekk or Vegen alt gamalt aandlaust Kram.

 

Jon Line.

 

 


Frå Fedraheimen 30.10.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum