Fedraheim!

 

 

Eg skynar nok det, at det ikkje er so greidt altid aa stagga dei, som skriv i Bladet. Du gjeng so langt, du kann, for ikkje aa støyta Folk. Og det skal du hava Takk for. Men du bør no ikkje vera altfor rædd helder og taka inn alt, som kjem. Soleis tykkjer eg, at du var altfor god mot k. i siste Nr. Var det eg, som var Bladstyrar, so hadde eg letet eit sovoret Stykke utan vidare ganga i Papirkorgi. Iminste burde det stadet fullt Namn under. I Papirkorgi høyrde det heime og ikkje i Bladet. For det, han kjem med, er ikkje anna enn noko stort Tull. Elder finst det Meining skapt i dette aa koma aa tala um ”Hæding av Bibelordet”, naar ein Fritenkjar skriv eit Stykkje um Kvendesaki? Det er visst ingen, som hev tenkt aa løyna, at Ingersoll er Fritenkjar og det vilde ikkje nytta noko helder. Han er ein altfor kjendt Mann til det. Men samstundes veit alle, som hev brydd seg um aa læra han litt nærare aa kjenna, at han er reint eit Mynster som Far og Egtemann. Det er sjeldan aa finna ein so lukkeleg Heim som Ingersoll sin. Og det Stykket hans gjekk ut paa, var ikkje anna, enn aa syna, at skulde det vera Raad aa faa seg ein lukkeleg Heim, so laut ein og fara fint aat med Kona si. Det fanst ikkje minste Hæding av Gudsordet i Stykket.

 

Det er sume Folk, som hev det paa den Maaten, at dei trur, ein Fritenkjar er ei mindre godt Menneskja. Difor vanvyrder dei og alt det han gjer. Til desse Folk ser det ut til, at k. høyrer. Det klokaste ein kann gjera med sovorne Folk er ikkje aa lyda paa dei. For me skulde vera komne so langt no, at Kjættarskapen berre høyrde heime i ei gamal Tid.


 

Din X.

 

 


Frå Fedraheimen 30.10.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum