Kristiania, den 29de Oktober. Borgarlegt Egteskap.

 

Det er eit godt Teikn, naar det no for Tidi hev vortet somykje Tale um Egteskapet. Det syner, at det finst noko i den noverande Maaten, som ikkje er, som det burde vera og at det hev vaknat ei Trong hjaa Folket etter aa faa ei onnor Ordning paa det heile.

 

Med Undantak av nokre faae høgkyrkjelege Prestar, som hev stirat seg so blind paa Formarne og det ytre, at dei reint hev gløymt av, at det er Livet det kjem an paa, er alle Folk samde um, at det maa koma ei Umvøling.

 

Og det er klaart, at noko maa verta gjort. Slik som det no er, er det reint burti Veggjene. Folk vert likefram tvingat til aa gaa upp til Altaren og lyga. Ja, lyga. For det kann ikkje negtast, at Fleirtalet av Brurfolk segjer ei Lygn, naar dei svarar Ja til Spursmaalet um dei hev ”beraadt sig med Gud”. Det er berre nokre faae, som med full Sanning kann svara Ja paa dette, resten maalyga.

 

Dette medgjev dei høgkyrkjelege og. Det nyttar ikkje aa vilja negta det. Men so kjem dei med Ordalag som dette: ”Ja, det er sant nok det, at mange lyg, men me fær vona, at nettupp dette kann verta Orsak til eit betre Liv for mange. Gud brukar mange Midlar og kanskje dette og kann vera eit av dei”.

 

Dette uttalar Folk i god Tru. Dei meiner det godt, men vert ikkje var, at ein sovoren Tale er meiningslaus.

 

Det er det same som aa skulda Gud for aa vera Jesuit, at han var likeglad, kva Midlar han brukad, naar han berre hadde ei god Meining med det.

 

Men sjølv um det no kunne tenkjast eit sovore Tilfelle, so var daa ikkje det nokor Grunn til aa halda paa det. Det er for det, som er Regel, at Lovarne vert gjevne, og ikkje for det, som er Undantak. Og som Regel kann dette aldri tenkjast, det syner Livet altfor klaart.

 

Egteskapet er ikkje anna enn ei borgarleg Sak. Det vert ikkje nokor Umsnuning paa Menneskja, um ho vert gift. Ho vert den same, ho var fyrr, med Avsyn paa det indre Livet. Det einaste, som det vert Forandring i, er i dei ytre Forhald. Og daa synest det aa vera klaart, at Egteskapet bør stiftast av dei borgarlege Embætsmenn og ikkje av Prestarne.

 

Og um dette er Folk flest samde. Men so er det nokre, som meiner at Folket i det heile ikkje vilde lika, at det kyrkjelege Egteskapet vart avskaffat med ein Gong. Dei held i Grunnen paa, desse Folk, at den einaste rette og beste Maaten, er den borgarlege, men so er dei rædde for aa støyta Folk. Difor vil dei, at det skal ordnast paa den Maaten, at det vert baade borgarleg og kyrkjeleg Vigjing, so at kvar kann gjera som han vil. Vil han hava borgarleg Egtevigjing, er det Raad med det og likeins um han vil hava kyrkjeleg.

 

Dette er det valfrie borgarlege Egteskapet.

 

Den Tanken, som ligg til Grunn for dette, ser i Fyrstningi gild ut. Full Fridom for alle. Men ser ein litt nærare paa det, so gjeng Glansen burt.

 

Det, det i eit folkestyrt Samfund gjeld um, er aa arbeida for, at alle vert stillat paa like Fot i Forhald til Samfundet. Alt maa gjerast so likt som mogelegt. Alle Formar, som uppeheld Ulikskapen, maa burt, skal det verta fullt Aalvor av Folkestyret. Dette maa gjelda Egteskapet og. Det er lite Meining i, at nokre skal til Presten for aa verta gifte og andre til Futen. Lat alle gaa til Futen, det er det eine rette. Presten hev ingenting aa gjera med Egteskapet, kvifor skal so Loven gjeva han Rett til det? Er det so nokon, som vil faa Presten til aa vælsigna Egteskapet deira, so stend det dei fritt. Men lat han ikkje faa ei Magt, som han ikkje hev nokon Rett til.

 

At det tvungne borgarlege Egteskap vil møta Motstand i Fyrstningi, det er noko, som mest segjer seg sjølv. Men det er ikkje nokon Grunn til ikkje aa innføra det. Alle nye Lovar møter Motstand i Fyrstningi. Det er ikkje alle, som tykkjer, dei høver for seg elder likar dei. Skulde ein gjeva Lovar etter kvar Manns Hovud, so visste me snart korkje ut elder inn.

 

Det er desse Tankarne, som ligg til Grunn for Innstellingi fraa Fleirtalet i Kyrkje- og Skulenemndi. Dei same Tankar uttalad ogso Statsraad Sverdrup paa Stiftsmøtet no um Onsdag. Han meinte, ”at det maatte indrømmes, at det borgerlige Egteskab vilde afgive den heldigste Form for Ordningen af Forholdet mellem Egtefolk”, og det meiner me ogso. Men me kann ikkje gaa med paa, soleis som Statsraaden gjer, aa arbeida for det valfrie, naar me trur, at det tvungne borgarlege er det beste. Me vil arbeida for det beste og gjera alt for aa faa det innførd. Og so slepp me den Ugreida aa hava tvo Maatar aa gifta seg paa.

 

 


Frå Fedraheimen 30.10.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum