Maalfusk.

 

Eg vil byrja med aa takka Hr. S. for det goe Stykkje, han skreiv i FedraheimenNr. 66. Det er ikkje for tidlegt, at vi tek til aa reinska ut alle dei Heimlausingar, som so mange av vaare Maalmenn kjem med. Det er syrgjelegt aa sjaa slikt i ei Ti, daa det just gjeld aa halda Maale reint.

 

Eg har ikkje noko imot, at vi tek upp fraa Dansken og andre Maal Ord, som vi treng um. Eg trur ikkje det er so faarlegt helder um ikkje alle Maalmenn er sams um Skrivemaaten. Det er noko, som vil greie seg sjølv med Tia. Eg trur elles det er for tidlegt aa setja upp ei fast og ferdig Form. Ho kann ikkje bli staa-ande korsomer. Det kjem lite an paa det. Men det, ein mest lyt agte seg for, det er aa skriva Danskumsett paa Norsk – slik, at ein grant kann sjaa, at det fyrst er tenkt paa Dansk og sia umsett.

 

No har eg lesi paalag alt, som har vori skrivi paa norsk Maal radt fraa 1646 tess no. – Det som er skrivi fyrr den Tia reknar ein for Gamallnorsk – so eg trur eg er nokso væl heime i Landsmaalbokavlen. Eg har sett paa Utviklinga fraa Ivar Aasen sette upp Forma si og til dei siste Dagar. Ein fær sanneleg sjaa mykje, som det er Uraa aa svelja ned.

 

Hr. S. talar um Dag. Ja eg synes verkeleg det er paa Ti no aa segja fraa um alt det Maalfusk, som dette Blae har drivi i lang Ti.

 

Ein Forfattar BjarneBiriskreiv um det i Nora for i fjor, men det var lite. Bladstyre for Dagsvara, men gjekk som vanlegt utum Spursmaale og tok til aa tala um Aasens Maalformo. s. fr. plent paa same Vis som i Tilsvare til S. i Fedraheimen. Eg undras, um det ikkje eingong skulde gaa an aa faa sagt ifraa tydelegt aat hr. Hægstad, so tydelegt, at han forstend det, at det ikkje er Maalforma ein vil klandre, det er Maale.

 

Hægstadtalar um, at det er gale, naar S. skriv 2 ½ Gonger istaenfor 2 ½ Gong.

 

Kva skal ein daa segja um slikt:

 

Dei, som skulde hava det nærmaste Tilsynet med at logi vert etterkomi, er naturlegvis presten”. (Dag1885 S. 7.2)?

 

eller:

 

Paaanking av eit einskilt skyn av lagretta er det derimot eit utvalav tri høgsterettsdomarar, som avgjera. (Dag1885 S. 62.2)?

 

Det er baade gramatikalsk urett og so er det reint Unorsk: Paaanking av eit einskilt skyn av lagretta. – Alle Utpeikingar er av meg. –

 

Av slikt kunne eg ramse upp i raevis:

 

Difyre taka dei helder ikkje god uttalelsor fraa embættsmenner elder skyn av sakkunnige i onnor form en som munnlege Vitneforklaringar”. (Dag1885 S. 47.1).

 

Det er kav Dansk – umsett.

 

At Hægstadbrukar Ore ”bidja”, som Aasen sjølv har sagt er ”ubrugeligt”, er ikkje so rart, likeeins at han skriv: ”alle lyt vera samseum” (I. Aasen: ”sams, uden Flexion”). Han brukar baade Evnorog Evnar; vistnog: Kamp(istaenfor Stri; Kamp = Kampestein). Detta er ikkje so mykje aa segja paa. At skjenkjakann brukast til aa tye: gjevanokonsta, det kann vel henda. Men det gjeng ikkje an aa prova, at det er Norskpaa den Maaten, som Hægstad gjorde i Stykkje mot S.¹).

 

Men eit Or som vist(dansk: hvis) tykkjer eg ikkje borde finnas i ei norsk Bok.

 

Eg skal herma ein Bit til:

 

Og daa ein fellande dom, som fyrr umtalat byr vera uttrykket fyr det samstemmige syn paa saki baade av retten og lagretta, so skal retten hava magt til i alle tilfelle, der han kjenner seg forvissad om den sektade si uskuld, aa setja tilside lagrettesskynet og visa saki til ny umhandling fyr ein annan lagmannsdomstol”. (Dag1885 S. 50.1).

 

Med samverknad av sakføraren fyr det offentlege og forsvararen aat den sektade set retten upp eit forsvarsdokument”. (Dag1885 S. 50.1).

 

Er det Meining i slikt?

 

Dei hava gjort munarlege framstig” (munarlege er Adverb.).

 

Berre som eit undantak i paatrengjande tilfelle, handlar domaren av eigi drift”. – ”Naar lærnadenvart teken paa nemmaste maaten”. – ”Den bljuge forvirringi”. – ”I snarheiti”.

 

Dag maa ikkje halda paa aa øyeleggja Maale vaart slik, det vil vi maalmenn innerleg be um.

 

Hr. Hægstad talar alti so mykje um, at ein skal skriva paa sama Maale som Bibelumsetjinga.

 

Skulde ein ha høyrt slikt fyrr?

 

Eg veit ikkje noko Land, der Folk talar eller skriv paa det Maale, som dei har i Bibelen sin. Bibelen har alti sitt eigje Maal og sin eigjen Svip. Han fær alti eit serskilt Maal; men det kann ikkje gaa an aa læra Folk upp til aa bruka Bibelmaale til aa skriva paa. Nei – la oss faa levande Maal!

 

Hægstad er ikkje for gamall Maalmann til aa ta imot Kritikk. Det lyt Folk som er eldre enn han tola.

 

Det er ei vigtig Sak dette med Maale. Det er faarlegt aa læra Folk upp til Maalfusk no i Yvergangstia; det kjem nok av danske og framande Ord og vendingar utyver Bygdenne likevel, um ein ikkje skal faa sjaa dei paa Prent au.

 

Sivard.

 

¹) Hægstad hermer ei Folkevise ”Ramnebrudlaupet i Kraakelund” og segjer, at skjenkja der tyer gjeva. Denne Visa har gjengi Europa rundt, fyrr ho kom til oss. Eg har m. a. set Visa paa Nygresk, Vendisk, Tysk, Hollandsk, Svensk og Dansk. Vi har vonleg fengi ho fraa Svensk. At Orelage:få till skänksfinnas i Trøndelagen vil eg ikkje negta. Korsomer er det reint Svensk.

 

 


Frå Fedraheimen 30.10.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum