Maalstriden i Seljors Komunestyre.

 

I. Afskrift

 

af Skrivelse til Bratsbergs Amt af 7de August 1886 betræffende Sag No. 1 behandlet i Siljords Herredsstyrelses Møde den 30te Juli næst før:

 

Jeg var forhindret i at være tilstede i Mødet 30te f. M.; ellers vilde jeg have søgt at modarbeide Beslutningen om, at Protokollen kan føres paa det saakaldte ”Maal”, hvilket jeg tror let kan blive misforstaaet. Om det skulde blive almindeligt at føre Protokollen i Herredstyrelserne paa Maalet, saa vilde Ordførerne komme til at skrive hver sin særskilte Dialekt, som bare her i Fogderiet er meget forskjellig, og hvilken Vanskelighed for de overordnede Autoriteter, og hvilket Virvar heraf vil kunne opstaa er indlysende. Det forekommer mig derfor, at Beslutningen under No. 1, ialfald ikke bør approberes, medmindre Ordføreren paalægges altid at lade Udskriften, som sendes Amtet, ledsages af en Oversættelse paa det almindelige Skriftsprog. Jeg skal derhos bemærke om Sagen i sin Almindelighed, at der fleire Steder sidder Folk i Herredsstyrelsen, som ikke er inde i Ordførerens ”Maal”, og disse maa vel under enhvær Omstændighed ikke kunne forbydes at fremsætte sine Forslag eller Ændringsforslag (f. Eks. en Mellemsætning i Ordførerens Forslag paa Maalet) paa det almindelige Skriftsprog; Udskriften vil daa komme til at se babylonisk ud.

T. Walløe.

 

II. Skien den 13de August 1886.

 

Fra Amtmanden i Bratsberg.

 

Med Hr. Fogdens Paategningsskrivelse af 7de ds., er modtaget Udskrift af Siljords Herredsstyrelses Forhandlingar den 30te f. M. angaaende

 

1. Benyttelse af Landsmaal eller Bondemaal ved Protokollationen.

 

Med Hensyn til Sag No. 1 har jeg, hvor tiltalende jeg end personlig finder Bygdedialekterne, at burde bede henstillet til Herredsstyrelsens fornyede Overveielse, om det ikke er baade rigtigt og hensigtsmæssigst ved Protokollation af dens Beslutninger at benytte det fælles Skriftsprog, hvori paa Grund af Bestemmelserne i Grundlovens § 82. Love blive udfærdigede, og som ogsaa ellers almindelig bruges ved skriftlig Gjengivelse af offentlige Forhandlinger og Beslutninger. At man bør have et Fællessprog til skriftlig Benyttelse i offentlige Anliggender, synes indlysende, og noget nyt Fællessprog er endnu ikke kommet i stand. En Afskrift af Hr. Fogdens Bemærkninger i Anledning af den her omhandlede Beslutning, bedes medsendt Skrivelse til Formandskabet.

 

 

III. Avskrift

 

av Innlegget fraa Ordføraren i Møtet den 21de Oktober:

 

I Repræsentant- og Formannskapsmøte den 30te Juli d. A., der 16 Medlemar av 26 møtte, vart det samrøystes vedteket, at Ordføraren skulde hava Lov til aa faa Protokollen paa Lands- elder Bondemaal.

 

Landsmaalet elder ”Maalet” er og ofte kallat Bondemaalet, for di, at det var Bønderne, som sat atte med det som Arv fraa den Tid, daa Noreg var fritt og sjøvlstendugt under vaare gamle norske Kongar, daa det norske Maalet vart brukat baade i Kyrkje og paa Tingstad. Paa det talad vaare gamle norske Kongar; vaar Adel – vaar Intilligents – og det heile Folk, og paa det vart alle vaare Sogur og Lovar skrivne. Landsmaalet elder Maalet, som det no vert kallat, er det eigentlege norske Maal og det, som ligg vaar gamle norske Tunge elder Gamallnorsken nærast. Minst ¾ av det norske Folk talar det, og no held det paa aa fornorska det aalmenne Bokmaal elder det danske Maalet, som kom inn under Danskeveldet.

 

Landsmaalet treng seg no endaa sterkare meir og meir inni Byfolks og vaar Embætsstands Daglegmaal elder Umgangssprok, so at, dersom ein no vilde reikna ut alle dei verkelege norske Ord, som vert talat heilt inni Byarne, og av vaar Intelligents og leggja dei til det Maal, som Bonden talar elder Landsmaalet, so vilde der vera att berre ein liten Brøk aa reikna av danske Ord mot norske. Det er soleis i Grunnen ikkje Rett aa kalla Lansdmaalet Bondemaalet berre, liksom det var Bondens Maal einaste. Nei det er det Maalet som me eig alle i hop, Byfolket, Embætsfolket og Bønderne, det er vaart Fedramaal, vaart sanne og eigentlege norske Maal, og dette Maalet hev i livande Tale gjennom fire hundrad Aar, og no i minst fireti Aar uppigjenom voret dyrkat av Vitenskapsmenn, av store Diktarar, voret brukat i Bøker og Avisur, som me no alt hev ein god Bokavl i Landsmaalet. Landsmaalet elder vaar gamle norske Tunge hev soleis utviklat seg historisk og logisk som eitkvart anna Kulturmaal. Difor bevilgar me no pengar til ein Professor i Landsmaalet ved Allskulen vaar, og til Maalskular Landet rundt, difor er det vedteket av Stortinget under 9de Mai 1885, Side 737, at Landsmaalet skal ”sidestilles med Skriftsproget til offentlig Brug”. Tvo Stortingskomiteinnstellingar er alt skrivne paa detta Maalet, og dei er godkjende av baade Storting og Regjering, so me no hev baae Statsmagterne med oss paa det, at Landsmaalet kann brukast baade i Skulen og til offentlegt Bruk. Det er no ”sidestillet med Skriftsproget”, so den av Amtmannen nemnde Grunnlovs § 82 no snart kann verta utfyldt baade etter Aand og Bokstav, ved det at det norske Maalet vert uppteket til offentlegt Bruk, so det meir og meir maa verta Sanning av det, som Grunnlovs § 82 byd, at alle ”Lover skal udfærdiges i det norske Sprog”. No er alt den Tidi komen, som vaar gode Prest Landstad spaadde um: Or Skulen vart vaart norske Maal jagat ut, men i Skulen maatte det inn atter, sagde han. Landsmaalet hev Dialekter, som so mange andre sjøvlstenduge Skriftspraak, hev det til Dømes Tysk, Fransk, Engelsk o. s. b. Det er nettupp det, at Landsmaalet hev Dialekter, som er Landsmaalets store Lukka, det vitnar um, at det er eit livande Maal, og det er nettupp Dialekterne, som gjer Landsmaalet so rikt og leidugt, daa Dialekterne er slike Maalkandler, som gjer eit Skriftspraak rikare og fyldugare, og gjer, at det allstøtt kann verta eit livande Maal, som kann fylgja med i kvar Tid. Det er nettupp vaart aalmenne Skriftspraak elder Dansknorsken si Ulukke det, at han ikkje hev Dialekter. Difor er det no, at vaart aalmenne Skriftspraak no allstøtt maa laana ny Livsmakt av Landsmaalet, og det er denne Laaningi uppigjenom, som gjev det nokon Rett til aa heita Dansk-norsk; men difor vert det og meir og meir i seg sjølv eit Maal, som døyr ut. Og vaart Rettsmaal, som litet og ikkje hev laant av Norsken, er difor eit stivt Maal med mange ”babyloniske” Setningar, so der titt maa Autoritetar til aa greida dei. – Det trur eg vaar nye Skattelov millom anna er eit godt Døme paa.

 

Vaare Dialekter heng ihop med Landsmaalet logisk og gramatikalskt, det er den sama Setnings-bygnad og dei sama Ordi i Dialekterne som i Landsmaalet, det er berre Uttala som det er meir elder mindre Skilnad paa. Siljords Dialekten til Dømes er so god, at um han vart skriven ortografisk, so vilde der ikkje verta so stor Skilnad millom han og Landsmaalet, som det no er millom Bjørnsons Skrivemaate og Rettsmaalet.

 

Men naar Futen og Amtmannen synest tru, at det er Dialekt, eg skriv, daa tek dei imist; det er Landsmaalet, eg hev ført Protokollen paa, det Maal som Vinje, Aasen, Garborg og fleire brukar og det, som me no alt hev ein Bokavl paa. Det kann vera litt Skilnad paa Skrivemaatarne, men Ordi er allstøtt dei same gamle kjende greide norske Ord, so ein med Maalet mindre godt kjendt allstøtt vil finna Tydnaden i Aasens Ordbok, og Skrivemaatarne er det i Landsmaalet ikkje større Skilnad paa, enn det er i Dansknorsken, som no held paa løysa seg upp i ei Mengd av Reiglar, medan Skrivemaatarne i Landsmaalet held paa meir og meir aa renna saman. Det vilde soleis for meg vera umogelegt aa kunna skriva so rett og rigtig vanlegt Forretningsmaal, som naar eg fær Lov til aa skriva paa Landsmaalet. Og eg trøystar meg hugheilt med, at eg skal koma godt utav det baade med Futen og Amtmannen, um eg fører Protokol paa Maalet, for baae tvo er dei norskhugat og bondekjære Menn, som likar Maalet og les det flytande. Eg vaagar meg til i det heile aa kunna skriva Maalet so greidt, at der skal ikkje finnast ein vitug og heimekjendt Autoritet millom Lindesnes og Norkap, utan han skal kunna skyna det, so sant han berre vil. Av Amtsformannskapsforhandlingarne vil ein sjaa, at baade eg og Nils Botnen hev skrivet paa Maalet, og det hev voret godteket av tvo elder tri Amtmenn. Blom (konst.), Rye og Arneberg, alle hev dei leset det flytande og skynat det mykje godt. Landsmaalet er som sagt av baae Statsmagtmagter ”sidestillet med Skriftsproget”, men eg hev enno ikkje set, at der hev fylgt noko Paabod um, at der skulde fylgja med nokor Yversetjing paa dansk. Naar Futen segjer, at ”Udskriften vilde komme til at se babylonisk du, om der kom et Forslag eller et Ændringsforslag (f. Eks. en Mellemsætning i Ordførerens Forslag paa Maalet) paa det almindelige Skriftsprog”, daa trur eg ikkje, Utskrifti vilde verta meir babylonisk, enn det er babylonisk aa taka inn Futens Setningar paa Skriftspraaket, som eg her hev gjort millom Landsmaalet, og um eg so hadde teket med ein Setning elder Millomsetning av Svensken, so hadde det endaa ikkje vortet babylonisk. Iminste vilde ei slik Utskrift, som Futen nemner ikkje verta meir babylonisk, enn naar som titt hender, at der vert teket inn i Bøker og Blad paa Skriftspraaket Ord og Setningar av Tysk, Engelsk, Latin, Svensk, Norsk o. s. b., elder naar no det engelske Rettsmaalet enno slæpar paa franske Ord fraa den Tid, daa Franskmenn raadde England. Nei daa er der mykje meir av det babyloniske i vaart aalmenne Rettsmaal, som ofte vrimlar av Framandord og lange babyloniske Setningar, so Lækfolk titt maa faa Tak i ei Ordbok elder ein Autoritet for aa faa vita Meiningi. – Me hadde den gode Trui, daa me tok denne Avgjerdsla um Maalet, at korkje Fut elder Amtmann vilde setja seg imot, og me vonar enno, at dei helder vil hjelpa til med, at me kann faa bruka det Maal, som Statsmakterne hev godkjendt, og det som me Bønder bedst kann greida oss med, som og er det Maal som § 82 i Grunnloven krev. Det nroske Maal, som me eig alle i hop og held gjævt. I Landsmaalet talar me bondefødde best og det kann me læra aa skriva godt og naturleg med lite Stræv aa reikna, medan ein Bonde, gjennom ei heil Livetid, langt og trottug Arbeid, mest aldri vil kunna læra aa skriva Dansknorsken godt og naturleg, daa Naturen ogso her so gjerne vil ganga yver Upptuktingi. Me heldt det difor for ei Ære for Bygdi vaar, at Seljords Heradstyre kunne vera det fyrste Heradstyre i Landet, som tok til aa bruka det norske Maalet i Heradsprotokollen sin. Me gjer dermed vaart til so fraa det smaae, aa reisa det gode, gamle, norske Maal, og dermed vaart Folk upp til Sjøvlstende og Heider som eit fritt sjølvstendugt Folk ved Sida av andre sjølvstenduge Nasjonar, so at me kann utvikla oss i det Element, som er naturlegt for oss. So gjorde vaare Brødar Svenskarne, daa Kristieren den 2dre hadde fenget Magti i Svea. Dei kastad, daa dei gjorde seg frie under Erik Vasa, Danskemaalet ut or Skularne og Protokollarne sine. Difor segjer me Storting og Regjering Takk og Æra for det dei hev gjort det, Tidi no krev, for det at dei hev ”ligestillet” Landsmaalet med Skriftspraaket, og naar utanlandske Maalkunnige hev lete væl um Landsmaalet og segjer, at det er kraftegt og ledugt og væntljodande og regelbundet Maal, so burde daa visst no Nordmenn heidra det og setja det i Høgsætet som ein heilag Arv fraa Fedrarne vaare og skyna, at det er Kjøt av vaart Kjøt og Bein av vaare Bein.

 

20de Oktober 1886.

 

Jørund Telnes.

 

 

 

So godt som alle Formenner og Repræsentantar fraa Hovudsokn og Anneks var samlad. Dei vedtok samrøystes aa halda paa si gamle Avgjerd og hevda Bruken av Landsmaalet i Protokollen.

 

 


Frå Fedraheimen 30.10.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum