Ymist.

 

Bjørnstjerne Bjørnsonarbeidar for Tidi paa 2dre Delen av Over Ævne, og paa ei onnor Bok, som skal heita Paa Guds Veie.

 

 

Ved Valetpaa Styrarar for Boksamlinga i nedre Størdalen, vart Presten sett utanum.

 

 

Statsraad Jak. Sverdrup vil, etter Vp., vera med i Stiftsmøtet i Kristianssand og. Han skal reisa avstad Måndag komande, og vil soleis kunna vera med paa Møti Onsdag og Torsdag.

 

 

PrestenWettergren preikad paa Torgi i Arendal no Sundag var. Endaa det rignad, var det mykje Folk tilstades.

 

 

Boknytt. Av Kristofer Jansons Bok: Har Ortodoksien Ret”?er 4de Heftet nettupp utkomet og inneheld:

a. Mirakler. - Jesu Undergjerninger. – Mirakeltro i andre Religioner. – Apollonius af Tyana. – Den religiøse Krampebevægelse. – Dødes Opvækkelse.

b. Djævelens Historie. – Den persiske Djævlelære. – Trodde Jesus paa Djævelens Tilværelse? – Djævletroen tar Fart. – Djævlebesværgere. – Inkvisitionen en Følgje af Djævletroen. - Hekseprocesser. – Hvordan staar Sagerne nu? – Den theologiske Djævel er ikke til.

 

Verket vert ferdig i 5 Hefter, til saman 4 Kronur.

 

Av Farrar: ”Bibelens og Kirkens Lære om Helvedesstraffen”, er 2dre og 3dje Heftet utkomet. Dei handlar um Kyrkjemøterne sin Stilling til Læra um Helvedesstraffi.

 

Augustin udvikler denne Lære. – Reformatorernes Stilling til den. – Andre fremragende Mænds Vidnesbyrd. – Kalvinismen. – Skjærsilden. – Skolastikerne. – Kirkefædrenes Vidnesbyrd. – Den almindelige Forkyndelse. – Jødernes Tro om det tilkommende Liv. – Bibelforskningens Principer. – Skriftens almindelige Lære om fremtidig Gjengjældelse.

 

 

Det danske Vinstre, som fyrr hev voret splittat i tvo Delar, hev no sluttat seg saman under Namnet ”Rigsdagens Venstre”.

 

 

Jødarnehev no altid havt Ord paa seg for aa elska Pengar meir enn alt anna. Herum Dagen heldt Jødarne i Malmø Nyaarsfesten sin. Ein fatik Stakkar fraa Kristianstad innfann seg daa i Synagogen for aa vera med i Festen. Dette likad ikkje Forstandaren, ein Ungdom, som ellest er Handelsreisande. Han uppfordrad Kristiantadjøden aa betala 5 Kronur for aa faa vera med, og daa han vilde pruta og tilbaud seg aa betala 2, vart han kastat ut paa Trappi. (SmålandsAllehanda).

 

 


Frå Fedraheimen 30.10.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum