[Ymist.] Rota upp og Toppen ned.

 

Red. av Finmp., kateket Ingebrigtsen, skuldad i Bladet sitt Bladstyraren av Nordkap for, at denne i Bladet sitt hadde trugat med aa vera personleg mot Kateketen. Herpaa svarad Redaktøren av Nordkap, Lærar Johansen, at han vaagad seg til aa segja, ”at Paastanden er løgnagtig”.

 

Kateketen stemde so Læraren inn for Forlikelseskommissjonen. Dei vart einige, og seinare er det ikkje spurt, at Kateketen hev brydt seg meir um dette.

 

Lærar Johansen hev voret Kyrkjesongar ei Tid for ein annan, som var sjuk og daa denne døydde foreslog Presten, at Johansen skulde vera Vikar til Nyaar. Men det vilde ikkje Bisp Skaar gaa med paa. Han vilde ikkje, at ein Mann, som hadde vaagat aa skulda ein Prest for aa fara med Lygn, skulde faa Løyve til aa vera Klokkar. Han skal fyrst prova, at han hev sagt Sanning.

 

Dette er egte presteleg Logikk! Medan kvar annan vilde krevja, at Kateketen skal prova, at det, han hev sagt um Læraren, er sant og ellest vera Lygnar, so krev Bispen, at Læraren skal prova, at han ikkje hev sagt de Kateketen skuldar han for.

 

Alle Folk med Vit plar vera samde um, at naar nokon segjer noko um ein, so pliktar han aa prova det. Bispen Skaar krev nett det motsette!

 

Skaar er Høgremann og Johansen Vinstremann. Der ligg Forklaaringi paa det heile. Bispen Skaar hev synt, korleis det gjeng an for ein Prest aa faa Rett mot ein Lærar.

 

 


Frå Fedraheimen 06.11.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum