”Laak Helse”.

 

Posten vaar hev denne Gongen voret so god aa lata Avisurne liggja 4-5 Dagar i ein Avkrok, so eg fekk ikkje sjaa Fedraheimen for fyrre Onsdagen fyrr idag.

 

Eg ser der ein Ting i det som eg skreiv um Garborg, som treng noko nærmare Utgreiding, skal ikkje hans Fiendar vrengja det til Skade for Mannen, og hans Vener kalla det for ei Bjørnetenest.

 

Eg skreiv (No. 67), ”at so mykje av det, som støyter og argar oss ved Karen, helst kjem av laak Helse”.

 

Eg skuldar Garborg sjølv aa fritaka han for den Dom, som sume kanskje vilde byggja upp paa dette. Det kunne nemleg takast som so, at eg segjer, at Garborg er ikkje fullt andsvarleg for det, han skriv, det er den laake Helsa, som er Skuld i hans ville Tankar, han er ein helselaus Mann, det er ikkje Sæt paa, kva han segjer, det er Sjukdom alt saman, lat oss kasta det fraa oss o. s. v.

 

Garborg hev tvert imot ei sterk Andsvarskjensle; naar han skriv noko, so er han Mann for det, um det og er noko mykje radikalt. Det kann vera noko, som er forvitnelegt aa granska ut, den Innverknad som ein Mans Helseliv kann gjera paa hans Meiningar; hjaa sume Menneskje kann visst denne Innverknaden vera ikkje so liten. Di mindre vert han, di sterkare Tankemenneskje ein er, og di større, di meir ein gjeng etter Kjenslur og personlege Inntrykk.

 

Garborg er fyrst og fremst ein Tankens Mann, han fær ikkje sine Meiningar so mykje gjennom Stemningar som gjennom strenge klaare Tankeslutningar. Han let fraa fyrst av Heilen arbeida som ein annan Maskine, utan aa lata sin personlege Interesse hava nokor Avgjerd paa Utslaget – og han hev uvanleg skarpt og klaart Tankeverk -; fyrst naar Tanken hev godkjent noko som sant og visst, daa er det fyrst at Mannen og Diktaren kjem med si personlege Interesse og gjev det Lit og Lag.

 

Det vilde soleis vera den, som det høvde minst um, naar ein sagde um Garborg, at Meiningarne hans kom av Helseforhold, so at dei kunne forklaarast utifraa det og finna si Orsaking i det.

 

Meiningarne og Tankarne til ein Mann er noko som eit vitugtMenneskje ikkje vil støytast og argast paa Mannenfor, um dei er nokso radikale.

 

Det, som ein kann hava Grunn til aa klandra, er Maaten ein fører det fram paa, Maaten som ein ber seg i det heile.

 

Det var allvist tvo Ting eg tenkte paa, som dei hev aa klandra Garborg for, og som gjer, at Tankarne hans ikkje kann koma rett til upartisk Dryfting, som gjer Folk harme, so dei ikkje bryr seg um aa forhandla.

 

Det er den illske Tonen hans, som dei segjer anten kjem av personlege Grunnar elder av Hat mot Kristendomen. Dette hev dei togget opp att og opp att i Vestlandsposten no i lange Tider, at Garborg er personleg fornærmad paa Statsraad Jak. Sverdrup og nærer eit glødande Hat til Kristendomen. Og dette skal difor vera Drivkraften i han, at han er hatefullog hemnfus. Og fær ein stemplat ein Mann soso, daa er det greidt, at ein hev stengt for han til Brafolks Øyro.

 

Men no er det det eg meiner, at dette er slett ikkje sant, Garborg er soleis ikkje det Grand personleg, det er det siste Lyte han kann hava, og helder ikkej hatefull. Han hev tvert imot ein overlag mild og vægsam (føielig) Natur.

 

Den illske og beiske Tonen hans er difor korkje Utslag av det eine elder andre, men hev einast sin Grunn i laak Helse, som slike Folk gjerne vil faa, som hev slitet mykje vondt og som hev ein liten Kropp til aa halda ein stor Tanke-eld uppe. Den Nervøsitet, som slikt Arbeid skapar, meiner eg betre og sannare kann forklaara Ilskskapen enn alle vonde Skuldingar.

 

 

Seljor 3dje November.


Ivar Mortenson.

 

 


Frå Fedraheimen 06.11.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum