Fraa Maalskulen i Kristianssand.

 

Fraa 23de August til 24de September vart det haldet Maalskule i Kristianssand. Læraranne var Stortingsmann Løvland, Seminarlærar Skjefveland og Amtsskulestyrar Mauland fraa Jæren. Paa Skulen møtte ikring 20 Lærarar, og so var der nokre Lærarinnur og andre Gjenter, so det i alt var yver 30 Maalmenner og ”Maalmanninnur”. Dessutan var det fleire Gutar og Gjentur, som berre møtte av og til.

 

Det er sjølvsagt, at det, me fyrst og framst lærde, var Landsmaal. Til Lærar hadde me dei fyrste Dagarne Løvland; men daa Mauland kom, delte dei det so, at Løvland tok Lesning og Mauland Stil og Diktat og Maallæra. Dei fleste Gutarne var landsfødde, so det fall ikkje so tungt for dei aa læra Maalet. Det er løglegt, at norskeSkulelærarar skal trengja til aa gaa paa Maalskule for aa læra seg til aa lesa og skriva Norsk. Men det viste seg, at dei fleste trong um det, og det hardt og. For Seminari og Lærarskularne er strævsame til aa reinska Morsmaalet utor Skulegutarne, og naar dei so vert Lærarar, so er det ikkje ventande, at dei skal kunna bruka sitt eiget Maal noko vidare. Og det viste seg ogso i Samtalemøti, at dei fleste av oss var mykje innøvne i det danske Maalet, og naar me skulde skriva Stil, so vilde Dansken kika fram allestader, liksom naar Fanden er ute og gjeng og altid maa draga paa Hestefoten sin. Det er ikkje so godt aa koma til aa tenkja paa Norsk, anar ein alle sine Dagar hev voret halvvegs piskad til aa tenkja paa Dansk. Men endaa tottest eg merkja, at det gjekk ikkje so tungt helder; for det er so rart med det, ein kjem aldri reint utor sitt eiget Maal, kor mykje ein balar med det. Jamvæl dei byfødde lærde paa dei 4-5 Vikurne aa skriva Landsmaalet nokso godt, og der var stor Skilnad paa Talen vaar, den Tid me sluttad og den Tid me byrjad Skulen. Det hev endaa voret sagt, at Gjenterne lærde Landsmaalet likaso fort som Gutarne, endaa dei – so nær som ei – var fraa Kristianssand, som er kjend for aa vera so Pæredansk. Dette viser, at Landsmaalet slett ikkje er noko framandt for Byfolket, som so mange segjer. Og det er eit godt Teikn, at Kvendi vil vera med, og det Bykvendi. Motstandet mot Maalsaki tek no til aa brotna meir og meir i Byarne og; det gjeng ikkje lenger an aa gjera Narr aat ein, som talar Landsmaal.

 

Mauland var ein hæv Kar til aa læra oss Norsk. Han var norsk i Talen sin og, so det eine høvde med det andre, og han hadde eit framifraa godt lag til aa kveikja Kjærleiken til Maalet og Norskdomen, og me vil alle minnast han med Takk. Han heldt ogso Fyredrag um, korleis Maalsaki hev vakset seg fram fraa fyrst av, og kven som hev voret med og arbeidt for ho, fortalde oss um dei fyrste, som hev skrivet paa norsk, og korleis dei kom til aa gjera Nytte ved aa venja Folk til ”Synet av Barbarar”. Og so fortalde han um Landsmaalsforfattaranne Aasen og Vinje og Janson og Garborg og alle dei andre. Serleg var det forvitnelegt aa høyra paa, naar han fortalde um Garborg, som han hadde kjent fraa han var liten. Me kunne visst aldri faa nokon betre til aa fortelja um Garborg enn Mauland.

 

Løvland heldt Fyredrag um Norig i 1814 og Tidi næmast etter, og me fekk vita mangt og mykje av honom, som ein ikkje fær vita med aa lesa desse vælsignad ”autoriserede” Lærebøkerne i Norigs Soga. Løvland er Sæbygg, so han hev og lett for aa bruka Norsk i Talen sin. – Av Skjefveland lærde me Gamallnorsk, og me rakk ut Leseboki hans Nygaard. – Den sidste Vika var Hans Ross der og heldt Fyredrag um Bygdemaali.

 

Samtalemøte dreiv me hardt paa med. Me hadde Møte tvo Gonger i Vika, og til dei møtte det ogso Folk ifraa Byen, serleg Lærarar og Seminaristar. Me samtalad um mangt og mykje. Soleis hadde me Ordskifte um den ”nyare Diktning”, um ”Fællesundervisning”, um ”Aandsfridom”, um ”Lærarutdaningi” o. s. b. Me var alle samde um, at Seminarutdaningi langt ifraa var so god, som ho skulde vera, og at ho gjorde mykje Ugagn. Paa eit Møte talad me um, kva me kunne gjera for aa fremja Maalsaki, og daa vart det samrøystes vedteket eit Uttal, som av Styret for Skulen skulde sendast til Kyrkjedepartementet. I det bad me, at Kyrkjestyret vilde laga det so, at ein kunde bruka Salmeboki av Blix i Skulen og i Kyrkja.

 

Den 24de Septbr. sluttad me med ein Fest, og til den møtte det forutan Læraranne – so nær som Mauland, som laut reisa Dagen fyrr – ogso Stortingsmennerne Liestøl og Saakvitne, som nettupp daa var i Byen.

 

Det var visst ingen, som tregad paa, at dei hadde gjort den Ferdi inn paa Maalskulen. Ein kunde aldri hava gildare ”Ferie”, og det var visst ingen, som totte anna enn væl um ”Fællesundervisningi”. Naar no berre alle dei Gutarne og Gjenterne vilde gjera noko for Maalsaki – naar dei vilde taka i allesaman, kvar i sin Krins, so skulde me snart sjaa, at det munad. Men det er mange, som kallar seg Maalstrævarar og gjeng paa Maalskular, og so ikkje gjer det Slag for Maalsaki. Slikt noko syner ikkje vidare stor Kjærleik til Maalet. Eg hadde eingong Selskap med ein Lærar, som hadde voret paa ein Maalskule, og som kallad seg Maalmann. Der var ein annan Mann og med, men han var fælt imot Maalsaki, og eg og han kom daa til aa trættast, Læraren gjekk og tagde – sagde ikkje eit Steins Ord. ”Ja, kva segjer no du, Olav?” spurde Mannen honom tilsidst. ”Aa”, sagde Læraren og drog paa det, ”eg er einig med han”. ”Du er einig”, sagde Mannen svivyrdsleg, ”du er ikkje meir Maalstrævar, enn eg er, um du so hev gjenget paa Maalskulen tie Gonger”. ”Jau, eg er Maalstrævar, men eg hev aldri tort arbeida noko for Maalet, for so kjem dei yver meg allesaman”.

 

Aa, ja ja”, sagde Mannen og lo, ”er berre alle Maalmennerne som du, so tarv me no slett ikkje vera rædde, for so vinn aldri Maalsaki”.

 

-i-.

 

 


Frå Fedraheimen 06.11.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum