Kristiania, den 5te Novbr.

 

Luther um borgarlegt Egteskap. Som me veit, so var Luther for det borgarlege Egteskapet, som dei ”lutherske” høgkyrkjelege ikkje kann gaa med paa. Han skriv:

 

Eg finn ikkje eit einaste Døme i det nye Testamente paa, at Kristus elder Apostlarne hev brydd seg um sovorne Ting (det er Egteskapet og andre borgarlege Ting, han talar um) soframt det ikkje var Samvitsspursmaal. Difor vil eg ikkje hava noko med sovorne Ting aa gjera, og bed at eg maa faa vera fri for dei.

 

Eg ræddast og for, at det kann gaa oss, som det gjekk Pavarne. Dei reiv til seg den eine verslege Tingen etter den andre, so dei tilslutt vart Herrar baade yver Kongar og Keisarar.

 

For, um me fyrst byrjar med aa blanda oss i Egteskapsaker, so riv Straumen oss med, so maa me og paaleggja Straffer, so maa me tilslutt døma yver Liv og Gods og vert heilt dregne inn i og yverskylad av verslege Gjeremaal. No veit, Gud vera lovat, heile Verdi, at eg av all Magt arbeider paa, og hev arbeidat paa aa sila den verslege og prestelege Magti fraa kvarandre, for at kvar av dei maa læra, kva dei hev aa gjera og retta seg deretter.

 

 

Jakob  Sverdrup  stod og smeikad seg svært for Bønderne paa Litlehamar. Han talad um Bonden, som ”den brede Grundvold i vort Statsliv” o. s. b. og meinte, at han ikkje var komen til sin fulle Rett enno. Ein Bonde, som var tilstades, skal hava sagt, at han var svær til aa fria til Bønderne, men at det visseleg ikkje var mange, som trudde han.

 

Det same trur me og. Jakob Sverdrup er just ikkje skikkat aa vinna Tillit som Politikkar. Dertil er han formykje Bakstrævar.

 

 

Udover Stupet”  vilde det bera, segjer Stortingsmann Jørstad, um alle Normenn fekk Røysterett.

 

Fleirtalet av det norske Folket skal altso vera so dumt, at um det fekk styra seg sjølv, so gjekk det i Kaos med ein Gong .

 

Jørstad høyrer til dei nasjonale og ”kristne” Vinstremenn. Han er endaa ein av Hovdingarne deira, etter som det ser ut til. Og endaa hev han so stor Tru paa Grunnvollen for alt nasjonalt, det norske Folket!

 

Det kann ein kalle Politikk, det.

 

 

Det er ikkje anna enn skamlaust,  skriv V. G.,, naar Splittararne i Vinstre fortel, at Vinstre fyrst tenkte paa aa styrta Regjeringi paa dei diplomatiske Saker, men vart slegen i Svime av den store Talen hans Sverdrup.

 

For Sanningi er, at det, Vinstre mest arbeidad paa i den Tidi, var aa finna ein Utveg til aa løyna Mistaket aat Regjeringi, utan aa saara Noregs Rett og det norske Standpunktet.

 

Og hadde Presidentarne i Stortinget havt minste Hug aa koma Regjeringi til livs, so hadde dei ikkje taggt etter Talen hans Sverdrup.

 

Dei hadde talat.

 

 

Godt  gjort. Tirsdag heldt Amtsvinstresamlaget i Kristians Amt Aarsmøtet sitt. Chr. Bruun, Skard og Jørstad møtte upp for aa hindra Samlaget fraa aa hevda det gamle Vinstrestandpunktet i Unionsspursmaalet. Dette vart forsvarat av Kaupmann Lunde, Sakf. Baumann, Bladst. Enger og Gardbrukar Teige og Endalykti vart, at Møtet – med Undantak av nokre faae – sluttad seg til Hamarvedtaket med Tilleggsforslaget hans Konow.

 

Til Styre vart det valt berre vinstre, Gardbrukararne Forseth og Torp og Bladst. Enger.

 

Me vonar, at dei andre Amtsamlag i Landet stillar seg likeeins. Lat oss endeleg syna, at det er Aalvor med Noregs Sjølvstende og at me ikkje tarv eta Naadebraudet aat Svensken.

 

Paa same Møte var alle samde um, at Pantelaansrenta burde verta nedsett noko.

 

 


Frå Fedraheimen 06.11.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum