Uttalelsarne paa Litlehamar

 

fell mangeleis. Den gamle konservative Chr. Fougner heldt Forsvarstale for Oftedølerne og gav Vinstre Skrubb. Jakob Sverdrup friad til Bønderne i ein sukkersøt Tale, som nokk Gudbrandsdølerne altfor væl forstod, og Chr. Bruun talad for Stortinget som Landets fyrste Folkehøgskule. – Soleis var det mangt aa høyra, men det merkjelegaste var daa likevæl det, Johan Sverdrup sjølv kom med.

 

Det ser noko rart ut i ein Festtale for den sverdrupske Regjeringi aa halda ein lovtale yver Oftedølerne, som Fougner gjorde. For det er daa noko, som alle veit, at heile Regjeringi sletikkje er Oftedøler. Hadde det voret i ein Fest for ein einskild Statsraad, t. D. Jak. Sverdrup, so vilde dette høvt godt, men Jakob Sverdrup utgjer ikkje heile Regjeringi, um det enn stundom ser so ut. Det einaste,som kann undskylda denne Talen er, kva Fougner sjølv kom med, at det, han sagde, fekk skrivast paa hans eigen Rekning. Han bar sjølv Andsvaret for ho. –

 

Somykje meir forundrad vart me, daa me saag Statsministaren uttala, at det, Fougner hadde sagt, ”aabenbarede et Fællesskab med Regjeringa i Opfattelse af Landets Stilling og Krav”.

 

Me vart reint fjetrad, daa me las dette.

 

Kann det vera mogelegt, at Johan Sverdrup, den gamle og byrge Stridsmannen for Aandsfridomen i Lande, denne same Mannen, som hev stridt for aa faa Dissentarloven gjennom, for borgarlegt Egteskap, ja, kort sagt, for alt, som berre hadde Tæft av Framstig i seg, kann det vera mogelegt, at denne Mannen hev sluttat seg til dei nye Upproparar?

 

Me spør.

 

I talen sin umtalad Statsministaren forutan dei Saker, som no stend paa Vinstres Program, og som heile Vinstre er einig um, som nye Programsaker unionel Utanriksministar og Sokneraad.

 

Alle Normenner er samde um, at Noreg ikkje tarv krypa for Sverik. Noreg er likso fritt og sjølvstendugt som det. Me treng ikkje nokon Naade av Svenskarne, dertil er me altfor byrge. –

 

Men det skal verta Raad for oss aa vera sjøvlstendige, so maa Arbeidet gaa ut paa aa staa so mykje som mogelegt paa eigne Bein. Me maa ikkje gjera Fællesskapet med Sverik større enn høgst naudturvelegt.

 

Det, me hev tilhopes med Sverik, er forutan same Konge, ogso Fællesskap i Forsvar. Det og inkje anna. Noko Fællesskap i diplomatiske Greider er det ikkje Tale um.

 

Statsministaren talar ikkje i Regjeringi sitt Namn. Det er si eigi personlege Meining han ber fram. Og denne Meiningi er motsett den, Vinstre og han sjølv fyrr hev hevdat.

 

Vinstres Program i Unionsspursmaalet hev altid voret det same, som Addressa i 1860 inneheld: jamgod Stelling i Unionen og ingi Utvidking av det gamle Fællesskapet. I 1871 uttalad Sverdrup m. a.:

 

Efterat ikke den norske Regjerings første Statsraad, men Lektor Fredrik Stang har paapeget, at Foreningen alene omfatter Kongen og Kongehuset og Krig og Fred, summerer han dens sande Væsen og alle Nordmænds Forstaaelse af den op paa følgende Maade: ”Det Fællesskab, som Rigerne saaledes i Henseende til Krig og Fred er underkastede, kan derimod ingenlunde udstrækkes til alle udvortes (diplomatiske) Forhold; thi ligesom ikke alle Foreningens Øiemed nødvendigen medføre dette, saaledes er der heller intet i Grundloven, der antyde, at man har tænkt sig begge Riger bestandig at skulle staa i de selvsamme traktatmæssige Forhold til fremmede Stater, hvorved og stundom det ene af Rigernes Interesse nødvendigen maatte lide. Naar Grundloven i Henseende til visse Gjenstande (se §§ 18, 93, 110 og 111) har fundet det passende ved udtrykkelige Bestemmelser at sikre Norge mod alt Fællesskab, bør naturligvis dette ikkje forklares af den Grund, at den skulde have forudsat Fællesskab i alle ikke udtrykkeligen medtagne Materier at kunne finde Sted, hvilket nemlig ligefrem vilde modsige Aanden og Anlægget i den hele Statsforfatning”. Og her var dog det Felt, hvorpaa Fællesskabet nærmest maatte søges, hvis der overhovedet var noget udenfor den dynatiske Enheds- og det uopløselige Forsvarsforbund”.

 

Dette var Sverdrup sitt Standpunkt i 1871, og det same Standpunktet stend me paa den Dag i Dag. Lat oss endeleg ikkje faa meir Samanblanding med Sverik, enn me hev.

 

Forutan unionell Utanriksministar nemde han ogso Sokneraadet, og samstundes nemde han Trontalen. Det maa altso vera Meiningi hans aa freista paa aa gjenomføra dette, so snart som mogelegt. Men me er rædde for, at det gjeng ikkje. Sjølve Kyrkjestatsraaden Blix skal vera uhugat paa det, og daa er det lite Meining i, at Statsministaren skulde vilja setja seg inn for det. Det maa daa fyrst og framst vera Kyrkjestatsraaden, som fær hava med dette aa gjera. -

 

Me skal i næste Nr. koma meir inn paa det unionelle Spursmaalet. –

 

 


Frå Fedraheimen 06.11.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum