Ymist.

 

 

Mannfolk er Namnet paa den nye Boki av Garborg. Ho kjem ut denne Maanad hjaa Nygaard i Bergen.

 

 

BilæthoggarSkeibrokhev arbeidat Buster av Bjørnson og Prof. Sars. Dei er no utstillat paa Kunstutstellingi. Av desse Buster skal det no støypast i Gibs, og Tingaranne paa NytTidsskriftfær dei for 22 Kr., medan prisen for andre vert 30 Kr.

 

Forleggjaranne er likeins tenkte paa aa faa i stand ei Burtlodding av desse Buster i Februar Maanad. Berre Tingarar av N. T.fær daa vera med.

 

 

Meieriinspektør, Kemikaren Chr. Tobiesen, som med Statens Hjelp hev upphaldet seg 2 Aar i Utlandet for aa studera Meieristellet, er i desse Dagar komen att og hev fenget Plass som Meieriinspektør for Landet.

 

 

Stiftsmøtet i Kristianssand byrjad Tirsdag. 600 Deltakarar. Biskop Smitt vart Ordstyrar og Presten Hauge Varaordstyrar. Fyrste Sak, som vart ordskiftat um, var Egteskapet. Prestarne Kristensen og Lunde talad for tvungent borgarlegt. 11 Forslag um ”Nødcivilegteskap” kom fram. Endalykti vart, at eit Framlegg av Løvland um valfritt Egteskap og at Dissentarar skulde hava Rett til aa stifta ”fuldgyldige Egteskaber inden Samfundet” deira, vart vedteket. Mange Prestar er med.

 

 

VestfoldFolkehøgskulevart opnat Sundag. Det frammøtte 12 Gutar og det er Von um, at det straks kjem fleire.

 

 

I Vadsøy er det somykje Naarisla (Skarlagensfeber) at Skularne hev maattat stoppa for ei Rid.

 

 

Ein ny Aksiebank er sett i gang paa Stenkjær. Grunnkapital 100,000 Kr.

 

 

Norges Venstreforenings Resolution angaaende de diplomatiske Sagers Behandling”. En Redegjørelse af Prof. J. E. Sars heiter eit lite Skrift, som i desse Dagar er komet ut.

 

Prof. Sars hevdar, at Normennerne er skulduge aa gjera alt mogelegt for aa likestilla Noreg med Sverrik. Soleis vil han, at me skal faa eit liknande Paabod i Grunnloven, som Svenskarne i fjor fekk inn i sin, og at me maa gjera det so snøggt ske kann.

 

 

Um Sildefisket i Nordfjordskriv ein Mann fraa Bergen til Dagbl., at det ser godt ut. Fraa Florøy og nordyver til Frøysjøen vert det fiskat mykje. Det ser ut som um Innsiget enndaa varar og at Fisket vil halda seg lenge paa den Leidi, daa Sildi ikkje vert ferdug til aa leggja Rogn fyrr i Desember elder januar.

 

Ein Kvalfangar fraa Bergen hev fenget 3 Kvalar. Fiskaranne er sinnad paa dette, daa dei meiner, det er til Skade for Fisket og det vilde kanskje ikkje vera burte, um det vart forbodet ved Lov aa fanga Kval ved Kysten.

 

 

Sjeldent. 3dje November døydde det ingen i Kristiania, skriv Morgbl.

 

 

Ulukke paa Island. 2dre September gjekk det eit so skræmelegt Skybrot yver Reykjavik og der ikring, at sjølv dei eldste Folki ikkje kunne minnast noko sovoret. Alle Gater var straks under Vatn og alle Bekkjer og Elvar gjekk yver Kantarne. Denne store Vatnflaumen var Orsak til Ulukker mange Stader, idet Straumen førde burt Høyet. Verst var det paa Kjalarnesset, ein Stad like ovanfor Reykjavik, under Fjellet Erjan. Fleire Bekkjer og Elvar, som kjem fraa Fjellet, var ved Regnstraumen vakset til og styrtad ned yver Fjellsidurne og førde med seg Mengde av Sand og Grus. Kl. 2 paa Ettermiddagen vart Bonden paa ein av Gardarne var, at alle Bekkjerne stoppad med eit. Daa han saag upp, var det liksom heile Fjellstykkje dirrad. Han skundad seg straks avstad med alt Husfolket sitt. Paa dei andre Gardarne hadde dei og vortet var det same og soleis fekk dei berga seg tidsnok. Ein halv Time seinare laag heile 9 Gardar begravne under Vatn og Grus. Inkje Menneskjeliv gjekk tapt, men alt det dei aatte, vart øydelagt, liksom det vert raadlaust aa busetja seg paa Mesteparten av Gardarne paa mange Aar.

 

 

Henry George vart ikkje Borgarmeistar i Newyork. Ein annan, Hewit, vart valt.

 

 

I Spaniakann Regjeringi ikkje ”stole paa Armeen”. De er ingen som er snøggare til aa gjera Umbrøyte enn nettupp Offiserarne. Difor er Regjeringi ofte nøydd aa avsetja i mengdevis av dei. Soleis er det i desse Dagar avsette ikring 1800 Underoffiserar.

 

 

Frankrik og Rusland ser ut til aa koma godt yvereins. Fransmannen Labonley hev nyleg vortet fransk Utsending i Petersburg og eit av Landets fyrste Blad, Republique francaise, meiner, at han vil koma til aa faa i stand eit godt Forhald millom dei tvo Land. Det er for aa tyna England, at desse Land bør slutta seg i hop og serleg for aa gjera Ende paa det engelske Herredømmet i Middelhavet.

 

 

Russakeisaren Aleksander skal ikkje vera ganske regtig. Han skal vera plaagat av den Trui, at kor han fer, er det ein elder annan, som vil drepa han. Her ein Dag kom han inn i eit Rom paa Slottet, der det sat ein av Kammertenaranne hans. Denne, som minst av alt, trudde Keisaren var i Nærleiken, hadde gjort seg det maklegt, lagt Sabelen ifraa seg og knappat upp Uniformi. Daa Keisaren kom inn, foor han rædd upp og heldt Haandi for Brystet for at ikkje Keisaren skulde merkja, at Uniformi var uppe. Men denne, som trudde, at han tok etter ein Dolk elder Pistol, tok Sabelen og hogg han ned. Det skal vera denne Sinnsjukdomen, som er Orsak til Aatferdi hans mot Aleksander av Bulgaria.

 

Hadde det voret ein annan Stakkar, hadde dei sendt han paa eit Galehus. Men denne er Keisar, og daa fær han gjera, kva han vil.

 

 


Frå Fedraheimen 06.11.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum