[Kristiania, den 23de Novbr.] Vinstresamlagi

 

 

Landet rundt vil ikkje Vestlandsposten  no vita meir av. Dei skal burt. Dei hev gjort det, dei skulde gjera, og so hev me ikkje meir Bruk for dei.

 

Me kann ikkje vera med paa dette. Me trur, at dei vil koma til aa gjera endaa meir i Framtidi, enn dei hittil hev gjort. Det vil koma større Stridsspursmaal enn det absolute Vetoet og nettupp daa treng Folket sovorne Samlag, der dei ordskiftast um dei ymse politiske Sakerne og semjast um, kva dei vil skal verta gjort. Vinstresamlagi er liksom Statsraadarne aat Stortinget. Liksom Statsraadarne tel Kongen til aa gjera det og det og er andsvarlege for dei Raad, dei kjem med, soleis segjer Vinstresamlagi til Tinget, kva dei vil det skal gjerast med det og det Spursmaalet og Andsvaret hev dei fullt ut. Me trur, at sovorne Samlag hev ei stor Uppgaave for seg, kva den politiske Upplysningi i Landet vedkjem, og difor so kann me slett ikkje vera med paa aa vilja faa dei burt. Me saag helder, at Talet paa dei aukad og at Folket so mykje som mogelegt var med i dei. Det trengst politisk Upplysning i Landet og ingenting vil vera betre til aa bringa han, enn desse Samtalelagi.

 

Skal det verta eit godt Folkestyre av det, so maa me hava eit godt upplyst Folk.

 

 


Frå Fedraheimen 24.11.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum