Av Aalmenningarne

 

 

hev Norig ei god Inntekt. Dei vert styrat av ”Forstvæsenet”, som difor alt i alt hev umlag 200,000 Kr. Aaret, og dei gjev ei Inntekt av 100,000 Kr., altso vert det 100,000 Kr. forlite, endaa me hev den mest danade og upplyste Styringi, som Landet er god for aa gjeva. Det er ikkje mange, som set burt Jord paa slike Vilkor; men Staten er ikkje van med aa tena Pengar paa Jordi si, og det maa vel vera Grunnen til, at Statsstyret ikkje gjer noko med dette. Det er som sagt ikkje aalment, at Folk tek det paa den Maaten, naar dei set burt Jord, alvist ikkje aat Husmenn. Dei fær ikkje Bitaling for aa bruka Jordi dei, men lyt sjølv ut med baade Pengar og Arbeid attaat, og det vert ikkje lite helder det, naar ein ser paa den vesle Jordlappen, dei hev. – Naar Husmannsstellet vert ordnat eingong, so skulde Folk og kasta eit Auga paa Forstvæsenet til Samanlikning. – Utan noko Forstvæsen maatte daa vel Aalmenningarne gjeva ein 50,000 Kr. Aaret, so mykje kom det daa vel inn, naar dei vart burtbygslat. Men kanskje Forstvæsenet hev stelt det so, at Bønderne, som hev bygslat, hev meir Nytta av Aalmenningarne, enn dei bitalar for? Aa nei, eg trur ikkje det helder, alvist ikkje i Inntrøndelagen, der eg er kjend. Forstvæsenet gjer nok helder, kva det kann der, for at dei som hev bygslat, skal hava so liten Nytte av Bygslingi som mogelegt, og det heng vel i hop med, at Forstvæsenet ikkje vil vita noko vidare av Burtbygsling; men Bønderne hev no som ein Rett til aa faa hava Sæterbeite i Aalmenningen, so det gjeng ikkje paa annan Maate aa faa dei burt enn ved aa stella upp Reglar, som Bygslarne kann verta nøydde til aa brjota, og soleis kann det gaa an aa faa burt ein um Senn.

 

Eg skal freista aa syna eit lite Grand av deira Praksis herinne, Teorien kjenner eg ikkje. Um eg skulde koma i Skade for aa segja noko, som ikkje hev den Samanhengen, eg hev funnet, so er det no altid sopas mange Skogvogtarar, Aspirantar og Asistentar, at det gjeng an aa retta paa det, og no i Vintertidi hev dei det vel ikkje meir annvint med Arbeid helder, enn at dei kunne hava Tid til sovoret, og so kunne dei daa i det sama gjera ei god Gjerd ved aa segja oss ei lite Grand av Teorien sin, t. D. kvifor rotne Tre til Sæterved skal merkast, daa Nytta av Merkingi, elder Grunnen for ho er ei Gaate for einfalduge Folk.

 

Merket millom ein Gard paa Namdalseidet og Aalmenningen er ein liten Bækk. Mannen, som eig Garden, saag seg hag i aa hava ei sag i Bækken og bad Aalmenningsstyret um aa faa setja upp ein liten Dam. Det var nei. Kva Skade kunne det gjera? Fortalt av Mannen sjølv.

 

Paa Grenseskilet millom Bjørnøyr og Beitstaden er det fleire Fjellgardar; nokre Stader er det langt millom deim. Nokre er for fleire Aar sidan kaupt av Aalmenningen, so dei no hev Sjølveigarar, andre er bygslat. Ein Gard ligg so til, at det er tvo Forstasistentar som hev Tilsyn med kvar ein Lut av honom. Paa desse Fjellgardar hev dei um Sumaren for Bitaling teket mot Kretur, mest Gjeiter fraa Sjøkanten, dette hev dei gjort ogso paa denne Garden, og av det hev dei havt ei bra Inntekt, som dei og treng til, daa dei ikkje kann avla Korn elder Jordeple og Høyavlingi mesta er i Myrom. Men eit Aar fekk dei Bod um, at dei ikkje maatte taka imot Gjeiter. Daa vart det trongt. Seinare kom det Bod um, at dei ikkje maatte taka imot noko Kretur fraa andre um Sumaren. Daa vart det trongare. So fekk dei Bod um, at dei sjølv ikkje maatte halda Gjeiter, men slaa i hel deim, dei hadde. Venteleg vert det snart forbodet aa hava Kjyr og Sauer og. Kva skal dei no liva av? Ja det kjem daa vel ikkje Aalmenningsstyret ved daa. Det fær no sine 100,000 Kr. av Staten – for aa sumla med Jordi – for at det skal gjera det som er til Gagn for det norske Folk. Men likavel spyr eg, kva skal dei liva av? Det veks ikkje Korn elder Jordeple, for Avlingi er i Myrom – i Aar fekk dei sleget fælt lite – Gjeiti, det Dyr som løner seg best, fær dei ikkje hava. Bork fær dei helder ikkje eta, um dei vil. Eit slikt Styre skulde voret i 1812, so kanskje me hadde voret fri det seinare. Der hev budd Folk paa denne Staden yver tvo Mannsaldrar, men no saag den Mannen som bur der, ikkje onnor Raad enn aa reisa derifraa.

 

 

Det vert for langt aa skriva um alt det Kjegl, som Folk hev med dette Styret um Fjell, Slaatt og Sæterbruk og meir, det hev eg no helder ikkje tenkt. Etter at desse Skogskularne kom igong, trur eg det hev vortet verre, for desse halvvaksne Menn hev ofte mindre Vit, sjølv um dei hev gjenget paa ein Skogskule, enn dei vaksne Folk som fyrr vart brukt til Skogvogtarar. Eg hev høyrt, at ein Fatikmann herinne eingong vart meldt, for at han hadde teket Bar til Bartnor elder noko sovoret, men han vart frifunnet for Mulkt etter Forhøyret! Men Baret! Det kostar noko aa setja Retsstellet vaart i gang.

 

 

Eg hev tenkt um dei store Fjellviddur, at ogso der maatte det ganga an ”aa rydja og byggja oss Grender” og so eiga ”Rudningen tryggt”, men eg hev teket imist skynar eg no. Det gjeng ikkje an, me maa hava eit Forstvæsen her i Landet og, ja sjølv um me vil vera ”nasjonale” og ikkje ”europæiske”, eit Forstvæsen maa me ha. Me kann ikkje sjaa paa det Tap Landet hev av det, me maa sjaa paa den store Æra det gjev oss, iser dei Gonger det hev Bruk for vaart ”nasjonale Retsstell”.

 

 

Kann ikkje Bygderne faa sine Aalmenninger, so sparar Staten seg ei Utgift av 100,000 Kr. og fær kanskje ei liti Inntekt attaat, og den vilde veksa naar Folk tek til aa dyrka upp noko i Aalmenningom. Lat so Forstvæsenet driva paa noko nyttugare enn aa halda ei staaande Her. Norig vert so ikkje noko Irland lell.

 

 

I. N..

 

 


Frå Fedraheimen 24.11.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum