Er det Synd aa lasta Johan Sverdrup?

 

 

For ein Høgremann er det greidt, at det kann ikkje vera nokor Synd, daa er det liksom berre som vera skal.

 

Men no for ein Vinstremann daa? Ja det er sume, som røder so, at ein mest skulde tru, dei heldt det for ei politisk Synd, som ikkje var liti endaa.

 

Han hev fenget høyrt Vondord nok fyrr, meiner dei, og han hev havt so mykje aa dragast med, og me hev sjølve havt nok Stræv, fyrr me vann so langt, at me fekk han til Landsens Styrar, so at me kann ikkje vera fullglade nok, og Hjartat vaart maa vera so fullt av Takk og Kjærleik til han, at me maa spara han for alt, som kann saara elder meinka han i det vande Arbeidet hans. Ja at um det var Veilur og Lyte nok aa finna, so skulde me likevæl døyva dei med Gløymsla og lata alt drukna i Kjærleikens djupe Hav. Han skal vera komen utyver dei Tiderne, daa ein legg Dom og Kritikk, Maal og Samanlikning paa Folk, Domen yver han skal alt vera avgjort ein Gong for alle i det norske Folket, ein Dom, som segjer, at Johan Sverdrup skal me berre halda av og æra og fylgja i alle hans Fotspor. Hans Namn er det einaste tryggje Merkje, me hev aa samla oss ikring, naar motstridande Meiningar møtest, og naar Folket samlar seg paa Valdagen.

 

Det er seint her i Landet, fyrr ein Mann kann vinna seg full Tillit millom Folket, men hev han ein Gong vunnet seg upp og Namnet hans hev fenget god Klang, daa sit han og fast i Sadlen og kann fara aat utruleg mykje som han vil, utan at Folket argar seg paa han.

 

Han gjeng Frikar.

 

Men dette Frikarsbrevet skulde me ikkje vera for fluse til aa gjeva. Det kann endaa ganga an i private Forhold, der ikkje mange hev Skade av det; men naar det gjeld heile Landsens Styr og Stell, daa er det ikkje verdt aa forhasta oss med aa skriva noko sovoret Frikarsbrev, men lata Mannen gjelda for det han er, og døma hans Verde etter dei Gjerningar som han gjer Tid for Tid og ikkje lata gamle Minne gjera Augat dimt.

 

Kjærlegt Auga ser ikkje Lyte”, segjer dei gamalt. Og det sit den Tru i Folket, at Kjærleiken er so lagad og bør vera so lagad jamvæl, for elles var det ikkje nokon rett Kjærleik.

 

Det kann ganga godt ei Stund med denne Trui, men fær ein so ein Gong sjaa med upplatne Augo og daa, so ramlar alt ned vonom snøggare. Det spørst ikkje so mykje etter Sanningi som etter den gode Trui, men sluttar den, so kverv Hildingi burt, og Sanningi kjem fram.

 

Det skulde daa væl vera likare aa byggja paa full klaar Sanning heile Tidi, veit eg, og lata Hildringi høyra dei til, som enno ikkje hev komet til Vit og Ettertanke sjølve. Daa vilde alle Forhold vera sterkare og det som Kjærleiken vilde missa i Brand og Offerrøyk det vilde han taka Munen sin att i Varme, Traustleik og Klaarskap.

 

Aa bruka Kritikk og Dom og Maal paa den, som ein elskar elder held gjæv er soleis ikkje nokor Synd imot Kjærleiken og Takksemdi, men rett det som gjev dei Sanning og Kraft.

 

Allvist naar det gjeldst ein Embætsmann. Til høgre Embætsmannen er, til verre er

det um me set personlege Kjenslur til Mannen høgre enn Umsynet til Embættet. Til høgre Stelling, til meir Kritikk maa det fylgja, skal det ganga godt.

 

Statsraadarne og allvist Statsministaren er difor dei Embætsmenner, som etter si Stelling bør fylgjast med mest Ettrgransking og Kritikk. Det minste Ord og Vending fraa han dreg nemleg store Fylgjur etter seg.

 

Lat oss difor aldri vera so rædde og vare um aa kritisera og døma Statsraadarne, um dei og er av same politiske Grunnsynet som me.

 

Kritikken er det, som skal gjera Standpunktet greidt og som skal klaara Folkemeiningi.

 

Ein fullsam, ærleg og hugheil Kritikk det høyrer ikkje berre med til dei Retter ein norsk Statsborgar hev, det høyrer ogso med til hans Pligter. Den som tegjer for lenge, endaa han ottast, han fær bera tungt Andsvar, um det gjeng galet. –

 

 


Frå Fedraheimen 24.11.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum