Kristiania, den 23de Novbr. Studentarne og Norsken.

 

 

Me Maalmenner, me ventar ikkje stor Stydnad i Arbeidet vaart fraa Studentarne, allvist dei, som er fødde i Byarne. Millom Bondestudentarne hev me ein og annan trugen Kar, som gjer det, han kann, for aa faa Norsken i Høgsætet; men helder ikkje dei er mange. Det er ikkje saa greidt, maavita. For aa verta Student maa ein lesa mange Bøker og  alle  desse Bøker er paa dansk. Det finst ikkje ei einaste paa norsk, berre ein og annan Stubben av dei beste Forfattarar, som er sett inn i Leseboki. Det er alt. All Lærdomen sin fær dei inn paa dansk og Læraranne hjelper trulegt til. Paa den Maaten vert Tanken dansk og kva Tanken er, det vert Talen og. Difor er det reint sjeldan aa raaka ein Student, som talar Morsmaalet sitt. Det finst ein og annan, som gjer det, men dei er mest som ”Oaser” i Villmarki.

 

Me vil ikkje klandra dei for dette. Det er paalag umogelegt, at det kann verta annarleis, so lenge me ikkje hev norske Lærebøker og norsktalande Lærarar i Skularne vaare.

 

Men ein Ting vil me klandra Studentarne for, serleg Bondegutarne daa, det, at dei er med og vanvyrdar det norske Maalet. Det er me sinnad for. Me kunne daa i det minste ventat, at Bondegutar hadde somykje Vyrdnad for Morsmaalet sitt, at dei saag med blide Augo paa Arbeidet for aa gjera det til Riksmaal att. Um dei ikkje nettupp vil slutta seg til oss Maalmenn og stydja oss, so skulde me daa venta, at dei sette seg noko inn i Arbeidet vaart og ikkje kom farande med desse tome og meiningslause Motlegg, som me i mange Aar hev høyrt fraa Motstandaranne vaare. Det ser so underlegt ut, naar Bondeguten kjem med desse Motleggi, det er mest, som ein kunne tru, at han ikkje hadde godt Samvit. Kvar Bondeguten maa daa i Hjartat sitt kjenna, at Dansken ikkje er rette Maalet hans, han maa kjenna, at det er umogelegt for han aa finna so gode Uttrykk for det, som rører seg i han i det Maalet, som i det, han lærde av Mor si.

 

I andre Land t. D. Finland, var det Studentarne, som gjekk fyrst i Striden for Morsmaalet. Her er det ikkje so. Det er berre ein og annan av dei, som hev teket Arbeidet upp. Dei, som ber Maalarbeidet her i Landet, er Læraranne. Det er dei, som arbeidar mest for det.

 

 

Sist Fredagskveld vart det haldet Møte i ”den frisindede Studenterforening”. M. a. kom det til Ordskifte um Maalsaki. Ullmann førde Forsvaret paa ein meistarleg Maate. Det er berre ein Ting aa utsetja paa han: han talad dansk. Det er ikkje so greidt for ein Bykar som Ullmann aa tala norsk, men naar ein hev haldet seg i Telemarken i so lang Tid og hev havt Lag med Menn som J. Telnes og Olaf Sveinsson, so vilde det vel lagat seg for han aa læra det. Motstandaranne vaare kjem titt og ofte med Klage yver, at Forsvararanne av Maalsaki ikkje sjølv talar Maalet og det er ikkje Tvil um, at det vilde verka meir. Det er no so, som Garborg segjer i Boki si ”Den nynorske Sprog- og Nationalitetsbevægelse”, at ein gjer klokaste i aa svara Motstandaranne i same Maalet som han sjølv brukar; men – nulla regula sina exceptione  – naar Motstandaranne kjem og segjer, at Maalet ikkje er til, at det er ingen, som talar det, so trur eg, det vilde verka best, um Forsvararanne berre med Maalet sitt kunne visa, at det finst dei, som talar det. Eg trur, at skal det verta regtigt Tak i Maalarbeidet vaart, so maa me Maalmenn tala Maalet likso væl som me skriv det.

 

Ullmann talad varmt for Maalsaki og det skal han hava Takk for. Det er ein Hugnad aa sjaa, at Folk med so store og gilde Talegaavur, som han, tred upp. Han hev Evne til aa verka meir paa Studentarne enn Flesteparten av dei vindturre Professoranne, som det no ofte er ei Plaage for Studentarne aa dragast med.

 

Fraa Motstandaranne kom det inkje nytt fram. Det var det same, som kvar einaste Maalmann hev høyrt minst hundrad Gonger. Det einaste skulde daa vera det, Student Støp, Bondegut, sagde, at Maalstrævet var ”en Efterdønning fra Romantiken”. Det var nytt, etterdi vituge Folk, som hev fylgt litt med i Literaturen vaar, ja um dei ikkje hev leset meir enn Eriksens Literaturhistorie, maa vita, at slik Tale ikkje er anna enn Tull. Naar ein ikkje hev anna aa segja, so gjorde ein klokast i aa tegja, for so slapp ein daa det, at Folk lo aat ein. Ein Student burde hava so mykje Sjølvvyrdnad, at han ikkje talad um noko, han ikkje hev det minste Kjennskap til.

 

  

Eg vonar, at Sansen for Maalsaki etter kvart vil vakna hjaa Studentarne og. Det vilde høva for norske Studentar aa strida for ei so stor Sak som Maalsaki. For det er daa Maalet det fyrst og framst kjem an paa, naar det vert Spurlag etter, um me er eit fritt Folk.

 

L. Stavnheim.

 

 


Frå Fedraheimen 24.11.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum