Kyrkjeferd.

 

 

Naar Vaarherre sender oss ein slik mild lækjande Vaar, kvifor ikkje njota han, tenkte eg, der eg rann ikring uti Rannhaltskov, mitt paa vænaste Fyn nord for Sundborg. Det kann vel raaka til aa vera noko paradislugumt paa Fyn ein slik Maidag for ein stakkars Syndar uppe fraa Jøtunheimen, som er vant berre med nakne, kalde Fjellet. Folket maa vist vera meir ugudelegt deruppe, med di Vaarherre ikkje hev gjort Landet likso feit og lagomt der -. Nei her var det grepa: Vaar, Liv og Ungdom i all Ting, Bøgen sprottet ut, alt staar grønskande, Fuglarne fjukande med Laatt og Leik. Og so ”idyllisk”! Staa der djupt inne i stille Skogen og skimta ei blaa Tjønn millom Lauvet; held kanskje uti Kanten attmed sjølve Herregarden, det morske, gamle Riddarslottet med Lindealleen! Ja, det er no som aa staa aa lesa i Ingemanns og Etlars Romaner, det. Men meir prosaisk maa det vera for ei ærleg dansk Sjel og koma nærar inn til ei slik gamal Borg. Eg tykkjer, ho stend att berre som ei abrikjeleg Skræmsla fraa Storkaksstyret, daa Bøndarne gjekk paa Kne i si eigi Stova. Og det er vist dei, som kjenner, desse Riddarne er til den Dag i dag.

 

-Eg reikad og – drøymde. Det var slikt Tak til det: Kyrkjeklokkurne ljomad rundt ikring – for det var Sundag – Lufti still og skiren.

 

Kom eg so ut av Skogen, forbi Riddarborgi og ut paa Allmannvegen. Fullpakka Vogner av helgeklædde Bondefolk rullad forbi, den eine etter den andre. Og unge og gamle med Salmeboki sveipt i Lummeduken steig tagalle burtetter Vegen.

 

Det maa vera eitkvart framifraa tids i dag, tenkte eg, gjekk innigjenom Lindealleen og fylgde etter dei andre. Jau, det var Konfirmasjon ved Frikyrkja i Ryslinge. Umkring Kyrkja var ingen Gravgard, men ein liten væn Hage med Busker og Tre, som stod friske og grøne. Inne var det alt stappande fullt, Svali full, og nokre sat paa Troppi. Det er godt aa vera smal au ender og daa; eg smaug og klembde meg fram, so eg tilslut kom innum Døri. Det var Krosskyrkje liksom heime, og dei drivande kvite Myrkvelvingarne gjorde Romet ljost og koselegt. I dag var det pyntad med friskt Bøgalauv i Soknhuset og ikring Altaret, og bak Preikstolen hekk gamle Danebrog. Det var ei simpel men hugnaleg Pryda, som gjorde Kyrkja til noko som ei velfeidd Daglegstova.

 

Til baae Kantar stod Døri open, og ein frisk, kveikjande Vaarange strøymde gjennom Gudshuset.

 

So byrjad Salma.

 

Ikkje berre nokre faa pipande Kvenderøyster kveste i --, nei, heile Mugen song, og Orglet let. Det steig og brusad under Kvelvingarne og fyllte Bringa mi, so eg au steig med. Det var Song det.

 

-”Ja”, sa Presten, daa Borni var komne fram; ”det er no Skikk og Bruk, at Presten skal spyrja Borni ut soleis, men eg tykkjer, det var likso lagomt, um Borni spurde Presten, eg. Eg er gamall og klok, og de unge og urøynde, og det er no alltid so, at den som veit litet skal spyrja den, som veit meir”.

 

Likavel vilde han fylgja Skikken, og so spurde han deim kor Jerusalem laag, Genesarets Sjø, Sikem, kor Jordan rann o. s. b. Sjølv gjekk han aa fortalde eit og anna, kva dei hadde havt for seg han og Borni, den Tidi dei hev voret ilag – Brotstykkje um Jesus og dei andre gamle Stormenn i Jødeland. Og so var det gjort. Aa, kor barneblid han saag ut den Presten! Men det beste var kanskje, han forstod aa gjera dei Ting, han for med au barnslege.

 

-Daa Messa var slut steig Songen att. Eit byljande Tonehav fyllte romet; - og so strøymde Folket ut.

 

Men um ein endaa kunne ynskje  seg noko betre, gjera det godt aa koma inn i eit slikt Gudshus, naar ein hev tapt Trui paa aa finna eit Liv i Kyrkja. Dette hadde gripet meg, lyft og kveikt meg.

 

Hadde det voret Aand i Kyrkja heime au, hadde det kanskje voret litt Aand i Folket med. Dei er strævsame nok med aa gaa i Kyrkja, skal eg tru; ikkje for det! Braut dei den Skikken, var dei ugudelege, og det er dei altfor skikkelege til aa vera. Dei gjeng, men veit ikkje kva dei gjeng etter. Og kva fær dei so? Ja, den Timen Presten staar paa Preikstolen er gjerne slem til aa sveva gamle Kjeringar, hellest kann nok det andre gaa an soleis til Sundagsdriv, for dei driv med so mange morosame Aatferder der fram i Koret.

 

Men no paa det siste, hev det vortet Skikk – rettare Uskikk – at Ungdomen der heime hev med seg Lummeflaskur aat Kyrkja, og so ligg dei der bak Muren og slurkar. Og um Joledagen hev dei vel ogso ei Flaska i kvar Lumma, naar det skal vera ret Storhøgtid. Dette t. D. meiner eg beint fram er paa ein Maate Presten si Skuld. Naar ikkje Presten hev noko aa bjoda paa, som Folk kjenner seg sæle og kveikte av, lyt dei halda kvar seg med Kveikjemiddel. Er ikkje det nokso rimelegt?

 

-Ein dag tykte eg, det var grepa heilagt i Krosskyrkja heime. Det var daa eg stod for Presten: Etter me var dugelegt ekserat i dei sjau Bønom og stigen paa Kne upp ved Altaret, skulde eg gjeva Gud Hjartat mitt og Presten Handi mi paa, eg vilde halda det, gamle Folk i Bygdi hev fortald, eg lovad det, daa eg var sjau Vikor gamal. – Men Granbar og Bjørkelauv var ikkje i Kyrkja den Dagen.

 

Kvifor dei ikkje prydar Gudshuset med Lauv og Blomar ei slik Sumarhøgtid? Jau, dei er sløge deruppe, skal ein vita. Vil dei supa av Vaarangen, stryk dei upp i sjølve Lidi. – Men ein Gong veit eg daa, det var Storstas i Kyrkja. Det var ein Sumar Bispen og Prosten og fleire slike vitjad Bygdi. Daa hadde Storkaksarne i Grendi av eigen Pung kaupt ei halv Alen brun Fløiel og breidt paa Bokbrættet uppaa Preikstolen.

 

 

Det høvde ikkje so ille attaat det andre.

 

Kristian G. Prestgard.

 

 


Frå Fedraheimen 24.11.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum