Um aa halda Høns.

 

 

(Brev fraa Rogaland til Kr.sands Stiftsavis).

 

 

Det er vel altfor mykje so, at det ikkje er noko nytt lenger, um ein vil fortelja, at her er tronge Tider; for det er vel trongt andre Stader enn her og.

 

Men eg kom til aa tenkja paa, at dei tronge Tiderne kann vera nyttuge, med di at Folk lyt røyna seg og kann finna upp nye Hjelpemiddel til aa stydja att-under med. Naudi driv ei naki Kjering til aa spinna, og dei tronge Tiderne lyt driva oss til Ettertanke og til aa stræva.

 

Her for ei 14 Dagar sidan, daa Stavanger-Marknaden var, daa vart der haldet Aarsmøte i Rogalands Landhusholdnings-Samlag, og der vart daa rødd um ymse Ting, som vedkom Jordbruket. Der kom daa ogso Hønsipaa Tale.

 

Hønsi, ja; kva segjer de um det? Me veit, at dei er smaae, og ikkje so reint skuldlause Dyr, for dei gjerer mangt, som ikkje skulde verta gjort, helst um dei kjem uppi Hagen. Men kunde det verta so, at Inntekterne, som dei gav, var store, so laut me vel finna paa ei Raad til aa halda dei ute or Hagen, og kanskje fekk me tola lidt meir av dei, enn me hev gjort. Og det ser ut til, at her finst Folk, som tener meir paa Hønsi, enn ein skulde tru. Det vart upplyst, at eit einskildt Herad her i Amtet, nemleg Skutesnes, selde for minst 48,000 Kronur um Aaret berre i Hønsegg; men Inntekti av Høns var større endaa, for der seldest sumt til Slagt baade av gamle Hønur og unge Hanar.

 

Skutesnes-Gjeldet er ikkje so lite vidt og Jordi er mykje sunnbytt, so der er mange Menneskje, og fullt av Gardamenn med Gardar og Husmenn med smaae Jordstykkje. Baade Gardamennerne og Husmannsfolk hev i det siste lagt seg etter Høns og tener so mykje, at det vert for heile Gjeldet, som det er sagt. Og so spør Folk: kor skulde dei i desse tronge Tider hava teket det ifraa, som dei hev tent med Hønsi? Det er ikkje so naudlitet, naar 48 Tusund Krunur kann fljota inn i eit Herad, og det vert ein Skilling for den einskilde Mannen, som dregst med det og.

 

Her um Dagen kom eg til aa snakka med ein Husmann fraa ein annan Kant av Rogaland. Han var Husmann, ja, og hadde Hest og 3-4 Kjyr og dertil noko Smale, han maatte altso hava paa Lag so mykje som ein liten Jordamann aa rettleida seg med; men det som han tente best med i desse Tider, sagde han, det var Hønsi. Han hadde i det siste havt eit Tjug med Høns, og han hadde selt for yver halvannat Hundrad i Egg. Livde han til eit anna Aar, so vilde han hava fleire. Hønseflokkarne hev vakset rundt heile Amtet, helst hjaa Husmennerne og Smaabrukaranne millom Gardsfolket. I desse tronge Tider hev det kanskje hjelpt til, at Folk fekk noko til aa liva av, meir enn ein skulde tru. Kven veit, um ikkje dei tronge Tider kann hava lært Folk aa finna ei Inntekt, som dei ellest vandt hadde funnet. Og kanskje kunne det koma til det, at Husmennerne heldt Landet med Egg, so me kunne sleppa aa føra so mykje inn fraa Utlandet!

 

Det svarar seg ikkje aa halda store Hønseri, daa vil Inntekti ikkje hamla upp med Utgifti, men Folk, som bur paa ein liten Jordamole, dei ser ikkje so mykje Sakn i det, som Hønsi et, det er mest berre slikt Smaatteri, som ellest vilde verta uthivt. Og so er det ein greid Skilling aa tena; for Egg er ei Vara, som det alltid vil vera Raad aa verta av med.

 

Ein skal ikkje missmæta Smaating. Ei liti Inntekt attaat dei, som ein fyrr hev, kann gjera mykje Mun. Og det kann verta noko av dei smaae Inntekter og, berre det vert mange av dei.

 

Det er sumt, som Folk lyt hava i Tankarne, naar dei skal velja seg det rette Slaget av Høns. Der er mykje, som kann harma ein Mann, naar han skal selja store Egg for same Prisen, som andre Folk fær for Kjukling-Egg. Men det kann vel ikkje vara so lenge, fyrr Folk læra aa sjaa Skil paa stort og smaatt og kaupa Eggi etter Vigt¹). Naar Folk kjem so langt, daa vil det kunna lata seg gjera aa faa betre Slag og koma til Torgs med vænare Varur.

 

Det er ellest sume Merkje paa, at Tiderne skulde fara til aa besna. Det er berre so leidt med det, at Besningi kjem so seint til Landmannen. Naar Prisarne stig, er det jamt dei Varur, Landmannen skal kaupa, som stig fyrst upp. Gardsprisarne er fælt nedgjengne paa mange Stader, og Folk treng paa aa sjaa seg um etter Inntekt, kor  det kann vera ei liti Inntekt aa faa. Ellest gjeng det verre enn det hev gjenget.

 

¹) I Utlandi skal dei jamt vega og ikkje telja Eggi.

 

 


Frå Fedraheimen 24.11.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum