Ymist.

 

Ved Folkeskularne i Kristiania er det 10 Yverlærarar, 87 faste og 9 Timelærarar (Gymnastikk og Tekning) og 288 Lærarinnur. Berre til aa løna dei gjeng det Kr. 400,000 um Aaret. Det er i alt 15000 Elevar og 422 Klassur. 51 av desse Klassur er Betalingsskule.

 

 

Borgarlegt  Egteskap. Byfuten i Kristiania hadde her ein Dagen ikkje mindre enn 3 Par aa vigja. Det er mest Utlændingar, som gjeng til han, skriv Dagen.

 

 

Amtskulen paa Sunnmøre  hev 64 Elevar.

 

 

Fraa 28de November  av er Forbodet mot aa innføra Kretur fraa Noreg til England upphevat.

 

 

Framgang”, det nye Bladet paa Litlehamar, hev no byrjat aa koma ut.

 

 

Det siste Diktet  aat Ibsen er soleis:

At leve er Krig mod Trolde

i Hjernens og Hjertets Hvælv;

at digte, det er at holde

Dommedag over sig selv.

 

 

Nadverdspursmaalet. Sundag 28de Okt. var det haldet eit stort Møte i Betania, Stavanger. Emnet var: ”Naademidlerne og særlig Sakramenterne”. Innledaren, Lærar Høie, heldt fram, at Nadverden aldri kunne verta for den Truande det, han skulde vera, so lenge Loven kunne forbyda Folk aa bruka han paa den Maaten, han var innstiftat. Bygmeistar Bærenn uttalad, at liksom me her i Landet i lang Tid hadde arbeidet for aa gjeva Lægfolk Løyve aa preika, soleis maatte me og strida for aa faa Rett til aa bruka Nadverden baade heime og i Kyrkja.

 

Som me veit er Stortingsmann Ullmann sett under Tiltale fordi han hev brukat Nadverden heime i Huset. Saki mot han skal byrja i Januar.

 

 

Bankbjørnen i Aardal. I Aardal (Sogn) hev det i lang Tid faret ikring ein Bjørn og gjort stor Skade. Det er utlovat 200 Kronur til den, som kann fella han. Pengarne stend i Banken og ventar berre paa, at ein elder annan snart skal vinna dei. Ein Engelsmann, som for deruppe i Sumar lovad aa gjeva 3600 Kronur berre for Skindet. Det er noko for Jagarar det.

 

 

Paa eit Møte i Porsgrund vart det vedteket aa beda Komunestyret um aa forbyda alt Drykkutsal.

 

 

I Arendal  er det gode Tider for Sakføraranne. Dei 6, som bur der i Byen, hev fullt upp aa gjera, og fleire av Høgsterettssakføraranne hev det og voret Spurlag etter.

 

 

Ein  Ungkar. I Nordland stend det paa ein Gravstein: ”Herunder hviler Ungkarl Peder Martinus Pedersen, 1 ½ Aar gammel”.

 

 

Kraambudkaren  paa eit Brennevinsutsal her i Byen hev i lang Tid narrat Kauparanne. Han kaupte for eigi Rekning daarlegare Brennevin enn det, Samlaget sel, og blandad i hop dei tvo Slagi. Karen hev tent store Pengar med dette; men no sit han fengslat.

 

 

Bulgaria. Deb russiske Utsendingen Kaulbars er no reist heim att. Stellingi hev forandrat seg, alle Stormagtarne held med Bulgararne, og difor var Rusland nøydd aa gjeva seg. Um det vert rolegt i Framtidi er uvisst. Russakeisaren hev utnemnd Fyrst Dadian ein Stygging og ei Ukjura til Fyrste i Bulgaria, men det vert nok berre med Utnemningi. Bulgarfyrste vert han aldri. Det einaste Landet, som hev stillat seg helder venlegt til Rusland, er Frankrik. Men at Frankrik skulde slutta seg til Rusland for aa hemna seg paa Tyskland, det er meiningslaust. Eit so fridomselskande Folk som Fransmennerne kann ikkje vera med paa aa trælka Bulgararne. Det vilde vera aa øydeleggja seg sjølve.

 

 

Det spanske Stortinget  (Kortes hev byrjat Møti sine att. Sagasta, Fyrstestatsraaden, heldt fram i Talen sin, at Regjeringi vilde fylgja den liberale Politikken i det heile. Han las upp 40 nye Lovforslag, som Regjeringi vilde koma med. Millom desse var Jury og borgarlegt Egteskap. Forslag til Utvidging av Røysteretten vilde ikkje verta framlaggt no. Tilslutt bad han Stortinget stydja Regjeringi til aa hevda ein frilynt Politikk og halda Orden i Heri.

 

 

Paul  Bert  døydde av Kolera.

 

 

Ettermannen hans Paul Bert  hev dei endaa ikkje fenget Tak i i Frankrik. Frycinet hev spurt mange, um dei ikkje vil taka Plassen; men alle hev sagt nei.

 

 

Matrosar burtførde av ein Kval. Ein engelsk Skippar fekk nyleg ei Gaave av Regjeringi i Amerika, av di han hadde bergat 10 Sjøfolk. Desse høyrde til umbord i eit Kvalfangarskip. Ein Dag hadde dei fenget Tak paa ein Kval og slengt Harpunen i han; men so drog han avstad med dei ikr. 10 engelske Mil. So kom han seg laus. Folki var ikkje i stand til aa finna Skipet att, og daa dei vart tekne umbord i Engelsmannen, hadde dei voret utan Mat og Vatn i 48 Timar.

 

 

12 ¼ Tusund Millionar Kr. hev Frankrik i dei siste 15 Aar gjevet ut til Her og Flaate. Som ventande er, maa dette gjera sitt til at Statsgjeldi vert stor. Ho er no i Frankrik 20,000,000,000, - tjuge Tusund Millionar Kr. og større enn i noko anna Land.

 

 

Reginald Hanson  heiter den nye Lordmayoren i London.

 

 

Talet paa Katolikar i England hev teket til aa auka so i det siste, at det ser spelegt ut for dei luterske. Det er 7 Katolikar i Statsraadet, 33 i Yverhuset og 82 i Underhuset. 1051 av dei høyrer til Adelen og andre høge Hus, 142 til Heri og 29 til Flaaten. Endeleg finst det 48 Lækjarar, 72 Romarar og Sakførarar, 12 Embætsmenn i Krigsministeriet og 337 prestlærde.

 

Naar ein høyrer dette, kann ein fatta, korleis Kardinal Manning nyleg kunne segja: ”Segjer eg formykje, naar eg paastend, at det ikkje vil vara lenge, fyrr det engelske Folk kallar seg katolsk?”

 

 

Ein Svenske, F. Lindstedt hev funnet upp eit Apperat til aa vara Folk aat, naar det er Brand, so dei kann sleppa aa verta innebrende.

 

 

Luftskip. I Frankrik er dei no komne so langt med Luftballonarne, at dei kann styra dei, nett som eit anna Skip. Luftskipparen stig upp ein Stad og gjeng ned, der han vil.

 

 

Snodig  Handel. Ei gamal Kona i Danmark selde her ein Dagen Kjøtet av ei Geit til ein Snidkar for ei – Likkiste.

 

 

Stor  Rikdom. Ein Mann av Namn Atevell døydde for mange Aar sidan i London, og hadde etter seg 75 Mill. Frk. Daa det ingen Ervingar kom, tok Retten Pengarne. Nettupp paa Slutten – 14 Dagar fyrr Staten kom til aa taka Pengarne, meldte det seg 10 Ervingar og det viste seg, at dei var egte. Millom desse er det ei Tenestgjente 60 Aar gamal. Ho kjem til faa ikr. 10 Mill. Frk.

 

 

Ved  Mantalsføringi  skulde ei Frua segja Alderen sin.

Eg er 28 Aar”.

Og Son din?”

23”.

 

 

Eit  Kvende, som ikkje høyrde regtig godt kom inn i ei Kraambud.

Kva kostar dette Tyet?”

7 Kronur”.

Sa du 17 Kr.? Daa gjev eg 16”.

Nei, 7 Kronur Frua”, svarad den ærlege Kraambudsveinen.

Ja so, 7 Kronur. Daa vil eg ikkje gjeva meir enn 5”.

 

 

I Fengslet. Til ein Fange:

Kva var Grunnen til du kom her?”

Ei Njosing”.

Korleis daa?”

Jau, eg naus, det vekte Eigaren og han tok meg”.

 

 


Frå Fedraheimen 24.11.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum