[Kristiania, den 26de Novbr.] Sokneraadet.

 

 

Soframt Kyrkja var som ho skulde vera, so er det noko, som mest segjer seg sjølv, at det i kvart Sokn maatte finnast ei Utval av Menn til aa hjelpa Presten i aa halda Orden og Tukt millom Kyrkjelyden. Det kann ikkje vera Tvil um, at i kvart Kyrkjesamfund maa det vera so.

 

I den fyrste apostoliske Tidi hadde dei det soleis. Det var Medhjelparar, som foor ikring hjaa Kyrkjelyden og saag etter, korleis det stod til med Kyrkjelivet i det heile. Dette kann me lesa um i det nye Testamentet.

 

Men kann det verta raad med aa faa ei sovoren Ordning istand i Statskyrkja hjaa oss?

 

Me trur det ikkje.

 

Ved aa lesa Utkastet til Lov um Sokneraad, hev me meir og meir komet paa den Tanken, at det er raadlaust aa faa noko sovoret til.

 

Det, som eit Sokneraad fyrst og framst maa ha aa gjera med, er sjølvsagt Kyrkjetukti. Dei maa hjelpa til aa halda Livet i Kyrkjelyden so reint som mogelegt.

 

Men i Lovutkastet stend det ikkje eit einaste Ord um Kyrkjetukt.

 

Og det er heilt naturlegt. Kyrkjetukt i eit Statskyrkja, det gjeng ikkje. Det vilde berre vera aa setja vondt Blod millom Folk og til aa framkalla Kyrkjestyret fraa Millomalderen. So lenge me hev Statskyrkja, der alle  kann og maa  vera med, naar dei nettupp ikkje hev gjenget yver til ei onnor Sekt, der kann det ikkje brukast Kyrkjetykt, utan at det forargar og støyter.

 

Men eit Sokneraad utan Kyrkjetukt, kva Gagn er det i det? Me fattar det ikkje og allraminst fattar me, kva Gagn Kristenlivet  vilde hava av det. Alle dei Ting, som § 11 i Utkastet reknar upp som det Sokneraadet skal hava aa gjera, tykkjer me godt kann gjerast av Kommunestyret. Det er ikkje noko av alt dette, som ikkje det vilde kunna gjera likso godt som Sokneraadet.

 

Jakob Sverdrup uttalad for nokre Aar sidan, at Sokneraad utan Kyrkjetukt var det lite Gagn i. Me hugsar ikkje nettupp Ordelaget, men Meiningi var denne. Og det same segjer me og. Det er meiningslaust aa gjera so mykje Staak berre for aa faa i stand eit Apperat, som slett ikkje trengst.

 

Me kann ikkje frigjera oss for den Tanken, at det ligg noko bak dette. For ellest kann me ikkje fatta alt dette Braaket. Me kann ikkje tru anna, enn at det er Meiningi seinare naar no Sokneraadet er innførd i den Formi det no hev, daa aa faa Kyrkjetukt innførd. Det skal liksom lurast inn. At Folk som Jakob Sverdrup kann arbeida somykje berre for aa faa i stand eit sovoret Sokneraad, som det, som er sett upp i Utkastet, det trur me ikkje. Det maa vera noko bak dette.

 

Me hev inkje mot, at Kyrkja fær den gamle Retten sin att. Me vil gjerne vera med paa aa gjeva den tilbake til ho. Men aa gjera det paa den Maaten, som no er fyreslegjet, det kann me ikkje vera med paa. Me maa hava Kyrkjetukt att, men ikkje soleis, at han raakar dei, som i grunnen ikkje høyrer Kyrkja til. Det er nettupp her Faaren ligg. Fær me Sokneraad, so maa me hava Kyrkjetukt og, men fær me baae desse i Statskyrkja, so vert det raadlaust for onnorleisttruande aa vera til. Dei kjem til aa verta forfylgde nett paa same Maaten som det gjekk i Skotland i fyrre Aarhundradet. Og det hev dei kristne ingen Rett til. Ein Fritenkjar hev same Retten til aa krevja Vyrdnad for si Meining, som den Kristne for Trui si.

 

Den einaste Utvegen trur me vert den aa faa burt Statskyrkja. Det vil koma til aa gaa den Vegen likevæl, det kann me vera visse paa; men det var ikkje verre, um det kunne verta so snøggt som mogelegt. Daa kann dei kristne faa Sokneraad med Kyrkjetukt, nett som i dei fyrste Tider, og daa kann det verta sant Kristenliv av det.

 

 


Frå Fedraheimen 27.11.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum