[Ymist.] Amerika-friing.

 

 

(Umsett). Det var mange Bann, som batt meg til ho Betsy. Garden aat Far hennar og vaar Gaard laag jamnsides, og Kyrne deira og vaare drakk seg utyrste av same Brunnen; Krilla braut ut hjaa oss baae paa ein Gong, og Foreldri vaare svav i hop i same Bedahuset kvar annan Sundag. Det var mykje til Syn aa sjaa begge Morerne vaare med uppsette Stakkar i Storvaski staa aa vaasa med Bygdeslarv.

 

Eg brann mest upp av innvortes Kjærleik, men var ikkje god til aa faa fram eit einaste Ord um all den Elden i Brjostet mitt. Eg freistad fleire Gonger, men Tunga berre dirrad mot Tennerne og Hjartat slog som ein Sliurd (?) mot Sidebeini mine.

 

Det var ein logn og roleg Junikveld.

 

Eg og ho Betsy sat og reid paa ein Skigard og aat Smørbraud. Beini slang att og fram og me var raude av Kjærleik baae tvo; nett som det nymaalad Skulehuset vaart. Med den vinstre Handi heldt eg meg fast i ei Skilgardsraje, og den høgre Armen laag kjærlegsfull um Livet hennar Betsy.

 

So segjer eg: ”Betsy, eg tenkjer so fælande mykje paa deg”.

 

Eg trur ikkje Ordet av det du segjer, men seg berre ifraa!” og dermed skok ho seg burtyver Raja ifraa meg.

 

Betsy”, sa eg, ”eg skulde berre ynskja der var Glasrutur i Sjeli mi, so fekk du sjaa, kor eg plaagast. Her brenn Eld!”, sa eg og dunkad meg for Brjostet. ”Her er Verme nok til aa koka alt det Uksekjøtet og alle dei Poteturne som fins i heile Bygdi. Her er ein Eld som...”

 

Dermed glapp Taket i Raja og eg datt hovudstupande ned i eit djupt Møkahol. Eg øydelagde reint dei nye Klædi mine, og den vesle Karsgjerdi, eg hadde, rauk au med.

 

Men ho Betsy drog meg opp att ho, og so rettad ho seg upp, so høg ho var og sa:

 

Seg reint ut, kva det er du vil, Gut. Er det Meiningi di at me skal gifte oss, so gjerne for meg!” – Det totte eg var greid Skuring, og so traavad me heimatt til Gamlefolki.

 

 


Frå Fedraheimen 27.11.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum