Helsing til Leiv Sandsdalen.

 

 

(Av JohnLie).

 

 

Gud signe deg, du gamle Leiv,

Takk for kvart Boga-Drag!

Spil upp ein Slaat, og tænk eg sit

Inn med deg no i Dag!

 

 

Eg tykjer sjaa kor Guten sat

So stilt i Bænke-Kro

Og lydde etter Slaatten greid

I Far sins Fele-Ljod.

 

 

Eg ser kor Vesslegut var glad,

Han Borke-Fele¹)  fekk -

Kor Vesslebogen leikande

I Takt med Slaatten gjekk.

 

 

I Borke-Fela kann du tru

Der myki vent var gjøymt:

All Laatt og Leik, og Sukk og Graat

Fraa Strengen din hev strøymt.

 

 

Som Treet voks og slo seg ut

I Dronning Ragnhilds Draum,

So aukad han, og fysste paa

Din fagre Tone-Flaum.

 

 

Og Treet voks og slo seg ut

Vidt yver Norigs Land –

No stend i Telemarken du

som fyrste Spilemann.

 

 

Og myki, myki vidare

Dit Gjetord kringum fauk –

Dit Namn er kjendt rundt Norig no

Og Slaatten, som du strauk.

 

 

Og bettre Dikt enn Slaatten din

Hev ingen Diktar drøymt,

Og aldri skal i Norigs land

Den Slaatten verta gløymt.

 

Storslegjen vill er Slaatten din

Som Uver yver Fjell,

So atter fin og drøymande

Som ljose Sumar-Kvell.

 

 

Gud signe deg, du gamle Leiv,

Takk for kvart Boga-Drag!

Spil upp ein Slaat, og tenk eg sit

Inn med deg no i Dag!

 

 

¹) Borke-Fela, det var Leivs fyrste Fele. Far hans, ”Langedragen”, var ein ordgjeten Spilemann. So var der eingong ein Gut fraa Nissedal, og skulde lære aa spila av Langedragen. Nissedølen maa vel hava lagt Merkje til, kor trylt Gutungen sat og lydde etter Slaattarne – for han gjorde ei liti Borke-Fele, og gav Guten. Vessle Leiv vart svært glad i Fela, og sat truleg mangein Gong i Benke-Kroe, fingla og drog Bogen i takt med Spilet aat Far sin.

 

 


Frå Fedraheimen 27.11.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum