Kristiania, den 26de Novbr.

 

 

Raaskap. At ein kann vera ei likso god og ærleg Menneskja, naar ein høyrer til Vinstre, som naar ein høyrer til Høgre, det er noko, som alle Folk burde vera samde um. For ein vert ikkje meir Brotsmann ved aa tru paa det ”absolutte Veto” elder paa Kongedømet, enn ved aa tru paa inkje Veto og Fristaten. Dette er noko so klaart, at me tykkjer alle maa vera einuge um det: Men nei. Høgrebladi vaare ligg endaa so laagt, at dei trur, ein Høgremann i det heile er ei betre moralsk Menneskja enn ein Vinstremann. So snart ein Vinstremann kjem til aa gjera noko galet, so tek dei og ber Namnet hans Landet rundt og upplyser paa same Tid um, at han er Vinstremann. Soleis held dei no paa med Skulelærar Svendsen fraa Askim, som me fortalde um sist. Svendsen er no komen att og det hev synt seg, at han ingen Brotsmann er, men at han altid hev voret ein vælvyrd og agtat Mann. Han hev voret Lærar i 41 Aar og Ordførar sidan 1881. Dei skreik ikkje høgt desse Bladi, daa alt dette Ustellet nyleg kom fram nede i Arendal. Daa tagde dei gode Bladi seg, endaa ein skal leita lenge, fyrr ein finn maken til ”Svindel og Bedrageri”.

 

Dette var Høgrefolk, maavita.

 

 

Fyrstedomar i Høgsterett, Thomle, hev teket Avskil og fenget 6000 Kr. i Pensjon. Det maa vera mykje Pengar i Statskassa, ser det ut for. 6000 Kr. um Aaret kunne 10 Arbeidsmenn liva av; men dei kann gjerne svelta og lida vondt dei, berre Embætsmennerne fær det godt. Det hev voret Tale um aa faa Folkestyre her i Landet, me fær nok venta ei Rid endaa paa det.

 

 

Store Ord mettar ingen Mann.

 

 


Frå Fedraheimen 27.11.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum