Meir om Tvidraget.

 

Hovudstadsbladi av Vinstre er sinna paa Sverdrup og Regjeringi, ser eg, og Fedraheimen  diltar med hine; han nøgjer seg ikkje med det aa skrubba Riksraadarne med eigne Ord, men han er saa hank paa deim, at han og maa laana Krut av V. G.  og skjota med. Han giv seg ikkje ein Gong Tid til aa tenkja seg om, kva V. G.s danske Ord heiter paa norsk, men dukar opp med slike Ordtroll som ”Splittarar”, aa ”styrta Regjeringi paa dei diplomatiske Saker” o. m. sl.

 

Han gløymer den gode Fedraheimen, at dei han gjev seg i Selskap med, sjølv er dei rette ”Splittarar”. Det er dei, som brukar Kjeften og skjeller som Kalkunar. Og det er desse Skarveordi, som veld og aukar Tvidraget, meir en noko anna. Hev det vore so fyrr, at baade Partar i Vinstre hev havt Skuld i detta (slik som dei bles opp denne stakars Kiellandssaki t. D.), so er det no dei ”reine”, som hev fengje Fyremonen i det Stykkjet, for alt det at dei (i vondt Samvit?) set Skuldi paa ”Oftedølerne”.

 

Dei hev ikkje anna aa prova denne Skuldingi mot dei siste med, en at dei vil hava fram Kyrkjelovarne. Men vil ikkje Grundtvigsfolket hava fram sine Kyrkjelovar og daa? Vil ikkje dei som strider for aalmen Røysterett, hava fram denne Saki? o. s. fr.

 

Alt detta kann og koma til aa rjuva elder sprengja Vinstre. Men dei held fram sitt likevæl, og dei gjer Rett, tykkjer eg. Dei lit paa det, at gjeng Vinstre sundt i ei Sak, so gror Sprekken strakst i Hop att, om der berre er god Vilje til det.

 

Men berre ”Oftedølerne” skal ikkje faa Lov aa hava fram sitt! Dei skal reidast av som ”Splittarar” og ”Opproparar” og alt fælt. Naar Fougner legg imot den Slags Tull og ”Heimløysor” og meiner paa det, at ”Oftedølerne” er godt Vinstrefolk, so held han, segjer Fedraheimen  i sine ”Uttalelsar” ”Lovtale yver Oftedølerne”, og naar Sverdrup gjev sitt Jaminne til Fougners vituge Ord, ja so hev han og ”sluttat seg til dei nye Upproparar”. Og det av di han enno held paa Sokneraad, som han tala so varmt for i 1869!¹) Sverdrups Meining no um dei diplomatiske Saker "er motsett den, Vinstre og han sjølv fyrr hev hævdat", segjer du. Kann du koma med svart paa kvitt for det? Eg kann no ikkje tru, at det er Meiningi di, at du hev gjort det med di, du skriv opp av Talen aat Sverdrup i 1871? Det er daa nettopp om "den dynastiske Enheds- og det uopløselige Forsvarsforbund", om "Krig og Fred" det her gjeld, for krev ikkje det, at Noreg og Sverige maa havaeinUtanriksminister? Kann du syna, at det er ikkje naudsynlegt – ja det er ei onnor Sak. Men kann du ikkje det, so er det berre nokre Slengjeord desse, at Sverdrup no hev ei onnor Meining en fyrr, av di han no held fram, at Noreg maa haav Krav paa, at Utanriksministaren og maa hava Andsvar for Noreg, som ingi norsk Regjering fyrr hev kravt. Det maa daa vera betre aa hava Hopelag elder Sameige (”Fællesskap”, som du segjer) med Sverige i ein Ting en at Sverige skal vera aaleine om honom, slik at me berre maa retta oss etter di, som Sverige vil, elder som Sverige gjer!

 

Kvi skal du no slik, fyrr du tenkjer deg om, taka paa Sverdrup paa ein so urettvis Maate, berre av di V. G.  og Krp. hev gjort det fyre deg?

 

Vinstres Program hev vore ”Tillit til Johan Sverdrup” ( - solenge han er den, han hev vore, kann du gjerne faa leggja attaat, om du vil. For han er den same han hev vore; kann du syna meg anna, skal eg segja du er god). Den som ikkje lenger vyrder detta Programmet, men gjer beint imot det, den er det, som veld Striden. Naar du soleides talar om dine ”Splittarar”, so segjer eg: Du er sjølv Mannen, du og dine Fyregangsmenner der inne i den storbyrge Hovudstaden.

 

Og det er, meiner eg, den same Tvidrags Aand, som kjem fram i all denne Hakkingi paa Jakob Sverdrup. V. G.hadde sagt, at han smeikte for Bøndarne paa Veslehamar, og so maatte du herma etter (”smeikad seg svært”); det var for di han sagde, at Bonden var ”den brede Grundvold i vort Statsliv”. Men Haugland daa, smeikte ikkje han og, daa han tala om ”den oplandske Befolkning, denne djærve og mandhaftige Befolkning”?

 

Men du torde vel ikkje segja det om honom? Og so hadde ikkje V. G.sagt det fyre. For V. G.torde vel helder ikkje. Men Jak. Sverdrup hev no V. G.  ein Gong dømt, og so skal der klinast og skrikast paa honom stødt og stendig. Og du, Fedraheim, let deg leiga til vera med i det Arbeidet.

 

Du kunde vist gjera det, som betre var. Det er betre aa grøda en aa riva opp, betre aa semja en aa valda Uvenskap, det hev du gløymt; men det er det visst ingen Faare for, at Sverdrup ikkje skal minnast.

 

Ja, det er vel strengt detta kanskje; men du hev no ikkje vore rædd eit Paatak fyrr, du Fedraheim; du er det mest frilynde Blad, eg veit av i det Stykket; eg hev freista andre og, men hev eg sagt noko vondt om deim, so hev dei gjort som han X.’en din sagde, du skulde gjera, men som du ikkje hev gjort: kasta det i Papirkorgi. Og so gjer du det vel ikkje denne Gongen helder (eg lyt smeikja litevetta eg og daa maa vita).

 

k.

 

 

 

er strid han; men me trur no, me skal klaara oss fraa han lell.

 

Det meste, han kjem med, er tome Ord. Verkelege Motlegg er det lite av. Difor so skal me ikkje upphalda oss stort ved han.

 

Dette Spursmaalet um, kven hev valdet Striden i Vinstre, er me paalag leide av no. Me tykkjer, det er klaart, at naar nokre i eit Parti skil seg ut fraa dei andre og lagar i stand eit nytt Parti, slik som det ”kristne” Vinstre hev gjort, at so maa det daa vera dei, som er Skuld i Striden. Det finst ikkje eit betre Middel, det me veit, for eit Parti aa valda Strid, enn aa gjera Krav paa Kristendomen berre for sjølve seg. k. er so kjent i Heimssoga, at han maa vita sopas.

 

k. talar um aa skulda paa Oftedølerne ”(i vondt Samvit?)”. Slik Tale burde han hava for sjølve seg. Det kann gjerne vera, at han sjølv er plaagat av vondt Samvit – som ein tenkjer um andre, so er ein sjølv -; men me er det ikkje, kva Politikken vedkjem. Kva Kyrkjelovarne vedkjem, so kann Oftedølerne arbeida so mykje, dei vil for dei. Me skal ikkje segja noko um det. Men me vil og hava Lov aa segja det, me meiner um dei. Me hev ikkje lastat Oftedølerne, av di dei arbeidar for dei; men me hev lastat dei, av di dei freistar aa gjera dei til meir, enn dei verkeleg er. Hine maa gjerne for oss tenkja, at Kyrkjelovarne hans Jakob Sverdrup vil vera til Gagn for Kyrkjelivet, men me vil ogso hava Lov aa meina det motsette. Og naar Oftedølerne freistar aa trassa dei fram, ja, so vil me arbeida imot dei alt, me kann. Dei fær fyrst prova, at dei vil gagna Kyrkja, fyrr me kann ganga med paa dei. Men det hev dei ikkje gjort endaa, det me hev set.

 

Dei diplomatiske Saker hev me nyleg skrivet so mykje um i Fedraheimen, at me ikkje vil taka dei opp att. Um k. ikkje finn Grunnar nok for Meiningi vaar der, so skal me ikkje vera rædde for aa tevlast med han seinare. Me tenkjer nok, me skal kunna prova, at det er Sanning det, me hev sagt.

 

Vinstres Program hev vore ”Tillit til Johan Sverdrup” og ”Johan Sverdrup er den same han hev vore”, segjer k. Soframt dette er sant – me hev ikkje sagt noko visst um det, berre spurt -, so hev me ikkje noko imot aa halda paa same Programmet. Men er det ikkje sant og hev Johan Sverdrup verkeleg  sleget Lag med dei nye Upproparar, ja so gjeng me ikkje med paa dette Programmet lenger. Med ”Tillit til Johan Sverdrup” hev me aldri meint det same som, at me skulde lata han bala og styra som han vilde, utan aa halda Auga med han. Me gjekk med han som friviljuge, ikkje som Slavar, og kjem den Dagen, at me finn, han ikkje er den same Karen, som fyrr, ja so er det ute med Tilliten og, so vondt det vilde gjera oss.

 

So k. trur, at me var rædde aa segja um Haugland det same, me sagde um Jakob Sverdrup! Nei, daa tek han i mist. Han kann vera stød paa, at hadde Haugland sagt noko sovoret som Jakob Sverdrup, ja so hadde me ikkje tagt aat det. Me er ikkje rædde for aa segja Meiningi vaar korkje til den eine elder andre Statsraaden. Men Talen hans Haugland var soleis lagat, at me ikkje fann stort aa utsetja paa han. Det han kom med um ”Rastløshed” o. s. fr. det kunne voret sagt av ein ”rein” for alt det. Allraminst kann me vera med aa klandra Haugland, for di han skrepte av Gudbrandsdølerne. At dei er ”en djærv og mandhaftig Befolkning”, det synte dei i Amtsvinstresamlaget andre Dagen etter Festen.

 

Berre ein Ting endaa, Hr. k. Naar du ein annan Gong kjem att, so lyt du vera meir Folk, enn du denne Gongen hev voret. Naar du kjem med Ordelag som ”dilta med”, berre av di V. G.  og Krp. hev sagt det” og ”lata deg leiga til aa vera med”, so hev me best Hug aa senda sovorne ”Komplimenter” attende. Det er ikkje ein fri Manns Tale til frie Folk dette. Det syner altfor væl, at den som kann skriva slik um andre, sjølv høyrer til dei, som ”diltar med”. Det er ikkje fri Manns Gjerd aa hæda aat andre sine Meiningar. Me hev ikkje negtat aa taka inn Stykket hans denne Gongen, daa me lyt tru, at han ikkje hev betre Greide paa, korleis han skal skriva mot Motstandaranne sine; men me gjer det heretter, soframt det ikkje vert likare. Me er ikkje rædde eit ærlegt Ordskifte, men Hæding og Vanvyrding hev me ikkje Bruk for.

 

Bladst.

 

¹) ”Sjølve Kyrkeriksraaden Blix skal vera uhugad” paa Kyrkjeloven, segjer dei ! Det er ikkje rimelegt, at det er so. Det er lang Tid, sidan Dagbl. fortalde at Joh. Sverdrup, Stang og Blix samstavad med Jak. Sverdrup om honom.

 

 


Frå Fedraheimen 27.11.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum