Prestval.

 

(Innsendt).

 

Framlegget um ”Menighedsraad” set som vigtugaste Gjerdi aa velja Prestar. Det skal koma til gaa betre med Samhug og Samstræv millom Prest og ”Menighed” daa, meinar Kyrkjedepartementet. Det kann vera noko i dette, naar ein tek ”Menighed” som eit Samband av Folk med eins Samhug, eit og sama Livssyn, ei og sama Meining um Maaten til aa fremja alt som er godt, nyttugt og rettvist. Tek ein Orde ”Menighed” einstydegt med Sokn elder Prestgjeld med sine Byte etter Fjord elder Fjell, so trur eg ein tek i Mist. Me kann taka eit Døme: I eit Prestgjeld er det paalag like mange av ”vakte”, Grundtvigianere og andre Statskyrkjemenner. Kvar av dei tenkjer at dei sjøvle er dei sterkaste og set upp kvar sine Menner til ”Menighedsraad”, men naar Valet er yver, so er baade Grundtvigianarne aa dei vakte sette utanfyre. Det vert straks Prestval, og ”Menighedsraadet”, som tykkjer det er best aa faa ein snild og umgjengeleg Mann til Prest, ein som ikkje er for paahengjen i nokon Maate, men er rimeleg paa Løni naar han skal døypa Born, gifta Folk elder kasta Jord paa ein avliden, bryr seg ikkje um anten han er nokon Kar til si Prestgjeld elder ikkje. Um han let dei faa Preiker som turt Høy er dei det same. Ein Mann etter dette Maalet fær Prestkallet. Vil det so verta noko Samhug og Samstræv med ein slik Mann og dei tapande i Vali? Det er ikkje til aa venta. Denne Mannen, som no i Grunnen berre er Prest for den Tredjeluten av Folket i Prestgjelde, som heve valt ”Menighedsraadet”, han sit inne med Prestgarden og alle Inkomor, og dei, som vart dei tapande, fær Lukka til aa bitala denne Mannen, som dei i det minste maa tykkja ikkje er noko tess. Men det verste er: dei hev ikkje Lov til aa faa seg ein annan Prest som dei kann hava Samhug med helder. Ei slikt Tilstand kann ikkje gjera Folk nøggde. Men soleis kann det godt verta etter Framlegget um ”Menighedsraad” og Prestval.

 

 


Frå Fedraheimen 27.11.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum