Ymist.

 

Ny Bok paa Norsk. ”Skuggar og Solglytt”, Forteljingar av Jens Tvedt, kjem straks ut.

 

 

Rosmersholm, det nye Skodespelet hans Ibsen, er no komet i Bokhandelen.

 

 

Nye Bøker. ”Samfundsspørgsmaal” av Henry George, Hefte II, Husebye & Co. limit.

Puy: Smaa Ting. Kr. 2.50 og Elisabeth Koren: Fra før og nu Kr. 2.50. Baae hjaa Alb. Cammermeyer.

 

 

Eit stort Handelshus, Christiansen & Co. i Laurvik, hev i desse Dagar spilat upp. Det skal serleg vera eine Delen av Huset, som held til i Kristianssand, som skal vera Grunn til det. ”Den norske Kreditbank” skal hava ein Fordring paa 600,000 Kr. paa han.

 

 

Henrik Janson freistad Torsdag Ettermiddag aa gjera Ende paa seg. Han slog sund eit Spegl, som var i Arresten og freista daa yverskjera Livaari med eit Stykkje av det. Det lukkast ikkje for han.

 

 

6 Syskin  døydde nyleg av Difterit i Næs, Romerike.

 

 

Folkehøgskulen  paa Lister hev 20 Elevar. Lærarar er Thv. Torsvik og P. A. Vesterhus.

 

 

Norsk Kunst i Danmark. Ole Olsen, den unge dugelege Tonediktaren vaar, hev nyleg voret i Kaupenhamn og spilat. Spilet vart motteket med Fagnadrop.

 

 

Kva det kann vera i ein Torsk.  Ei Kona i Oslo kaupte ein Dag ein stor Torsk. Daa ho rispad han, fann ho i Magen ein Pennekniv, ein Fiskekrok og ei Klokkesnor av Nikkel.

 

 

Daniel Seifjer,  Krigsmann fraa 1814, døydde den 16de i Høvaar, 96 Aar gamall. Han var med i Krigen 1809-14 og sat ei Tid fengslat i England.

 

 

Um ”Rosmersholm”  skriv Fædrelandet:

 

Det er af same Kaliber som de, vi nu i det senere er vante til fra Digterne, det vil sige, der opvartes med al den Styghed, som omtrent kan samles paa et Par Hundrede Sider, og det begynder og ender med Selvmord”.

 

 

Yverfall. Ein Arbeidsmann fraa Bruserød i Slagen gjekk heimyver fraa Tønsberg Kl. 7 ein Kveld i hi Vika. Daa han var komet eit Stykkje Veg, kom det springande 3 Menneskjur ut fraa Skogen og kravde, at han skulde gjeva fraa seg det, han hadde. Mannen var ikkje hugat paa dette og so tok Røvaranne og kastad han yverende i ei Veite og tok fraa han det, han hadde med seg. Pengepungen med 11 Kr. i, tok dei og.

 

Røvaranne rymde, daa dei høyrde, at ei Vogn nærmad seg og seinare hev det ikkje voret set noko til dei. (Etter Tunsb.)

 

 

Fraa gamle  Dagar. Tromsøp. hev funnet eit Dikt hjaa eit av Byens eldste Handelshus. Bladet meiner, at dei forstod seg likso godt paa Handelen i dei Tider, som no.

 

Diktet er soleis:

 

Ikke tillaans og ikke paa Borg,

Derved fanges Fortræd kun og Sorg,

Penge paa Disken og Varen ihænde

Giver al Handel den skjønneste Ende;

Thi under Navn jeg erklærer nu her:

Intet paa Væggen jeg opskriver mer.

 

Vil Du, saa kom! – nu er Varerne mine,

Penge hid! – og Du kalde dem Dine. Borgen gi’r Venten, og Venten gi’r Krav,

Manen og Stevnen er Venskabets Grav. nu vil jeg haabe, enhver, som har Ære,

Intet hos mig paa Kredit vil begjære.

 

 

Noreg  er det Land i Norden, der det vert drukket minst. Etter ei Skrift som nyleg er komi ut i Danmark: ”Beretning om Drikfældighedsforholdene i Danmark under Aarene 1871-80” so vert det i Gjenomsnit drukket av kvart Menneskje i Noreg ikr. 5 ½ Liter, i Sverike 12, i Danmark 18 ½ Liter um Aaret.

  

 

Arthur, President i Amerika, hev voret, er daaen. Han vart Varapresident i 1881 og daa Garfield vart skoten av Guitan, fekk han Plassen etter han.

 

 

Dei engelske Fiskerier i Nordsjøen skal i Vinter verta livde av 9 Krigsskip.

 

 

Fatikdomen i London.  I siste Vika i Oktober var det 90,000 arbeidslasue Menneskjur i London elder 22 for kvart Tusund.

 

 

Mange  Tingarar. Le Petit Journal  hev no i alt 900,000 Tingarar, elder ½ Million meir enn noko anna Blad. Det gjeng 3 Millionar Fr. um Aaret berre til Papir.

 

 

Eit prestevenlegt Blad i Frankrik skriv no um Paul Bert: Det var han, denne fortapte Fritenkjaren, som var Orsak til, at Prestarne no vert jagat burt fraa Skularne, Sjukehusi og Klostrarne, og at det no vert arbeidet paa aa faa Kyrkja skilt fraa Staten. – Men no hev Gud hemnat seg. Den som hev bidt ein Prest, skal rivna av Spillsykja (Spedalskhed).

 

 

Til den smukkeste Pige i Venersbrog”  var Utskrifti paa eit Brev, som vart teket upp or Postkassa der. Postbodet skal ikkje ha funnet ho enno.

 

 

For Hus og Hjem” No. 32 inneheld:

 

Standsmæssig. – En amerikansk Brud. (Forts.). – Sundhedspleie. – Usandheder. – Husraad: Løg. At udbedre Galoger. Hvide, grønne eller brunagtige Ølflasker? At pudse Britannia-Metal. – Kjøkkenet: Potetestærte. – The af Nypekjerner. Spiseseddes. – Avertissementer.

 

No. 33:

 

Hvorledes gjør man Hjemmet behagelig for Sønnerne? – En amerikansk Brud. (Slutn.). – Boligen: Valg av Tapeter. Billedet. Trappen. – Haandarbeide: Bordtæppe med paasyede Blomster. At samle brogede Blade. – Kjøkkenet: At sylte Pærer i Edikke. Rødmende Pige. Spiseseddel. – Avertissementer.

 

 

Bladet kjem ut kvar Laurdag i Stavanger og kostar Kr. 1.10 Halvaaret.

 

 


Frå Fedraheimen 27.11.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum