Fraa Ringsaker.

 

 

Torsdag den 30te September hadde Lærarforeiningi i Ringsaker Møte. Ikring 16 Lærarar, Soknepresten og Tridjepresten møtte.

 

Fyrst tok dei for seg eit Framlegg um ei onnor Ordning av Lærarforeiningi. Det vart valt eit Styre og dei skulde heretter ha Møte tvo Gonger um Aaret, fyrr hev det berre voret eit.

 

Det, som so vidare skulde takast upp til Ordskifte, var: Folkeskulen og det norske Maalet, framsett av Lærar Olavsen, som ogso sagde nokre Ord um det fyrst.

 

Han hadde sett fram dette Emnet, fordi han vilde, at Læraranne skulde tenkja yver denne Saki og gjera litt meir for norsk Maal i Skulen, enn det vert gjort. Det var ikkje noko Moro aa vera det, dei kallar Maalmann her paa Heidemarki, for nemnde ein noko sovoret som Maalet, so vart ein møtt med det, at det var noko Tull, som dei vilde beda seg frie for, og allerminst vilde dei ha noko sovoret inn i Skulen. Skulen skulde vera fredlyst for noko so ufredelegt som desse Maalstrævarar. Dei vil hovudstup føra inn eit Maal, som korkje Lærarar elder Born skynar. Folk meiner det skal verta ein heil Umstøytt med ei Gong; Folk skal verta forfylgt for Maalet sitt, og det skal verta so ovlag galet.

 

Det var ikkje Talaren si Meining aa ganga inn paa Maalreisingi her i Noreg og det me kallar Maalstræv; han vonad, at det var kjent av Læraranne, og var ikkje Maalsaki kjent, so burde Læraranne læra aa kjenna ho, for det er daa ikkje noko aa blaasa aat lengre, ein maa nok sæte henne litt, - ja sjølv Professor Storm vøler henne ogso so mykje som aa skrive um henne og herme nokre av Landsmaalets beste Forfattarar. Naar ein altso kjenner litt til Maalreisingi her i Landet, so tek ein dette Skræmeskriket med Ro. Maalsaki hev stridt seg fram Tumme for Tumme; teket att ein ørliten Bit av Fedralandet kvart Tiaar. Det maa nok enno nøgja seg med Oskeladdens Rom, men vil taka alt godt i si Tenest, um det enn mangei Gong ikkje er so gildt aa sjaa paa, men ved Hjelp av det vinna fram til Herre i sitt eiget Land. Men skal me vinna fram her, so maa ikkje Folkeskulen setja seg paa Bakbeini, men verta ein Medarbeidar i dette store fedralandske Arbeidet. Aa gjera litevetta her skal ikkje so mykje til. Dei vilde vel spyrja, um dei skulde reisa paa desse Maalkurs, som er so i Vinden no. Ja, han vilde segja, dersom dei kunne koma til, so reis, for dei vilde ha so inderleg godt av det, sjølv um dei meinte, dei var Motstrævarar. Han meinte dei vilde venda tilbake fraa eit slikt Møte med eit anna Syn paa Maalet, idetminste trudde han dei vilde halda meir av Bygdemaalet sitt etter den Tid, og daa er ein ein bra Maalmann; daa kann ein gjera mykje for Maalet i Skulen sin. Det er mange, som utanfor Skulen talar Bygdemaal, men naar dei kjem inn Skuledøri, so talar dei dansk.

 

Det var det me ikkje maatte gjera. Læraren sjølv maa tala norsk og allerhelst Maalføri aat Borni; han maa lata Borni tala sitt eiget Maalføre, venja dei til aa uttrykkja seg greidt og ordentlegt i det og hjelpa dei til aa finna norske Ord og Vendingar, som kann gjera deira Maal rikare.

 

Dette aa tala Barnet sitt Maal i Skulen er ogso Læraranne sin Plikt etter Stortingsvedtaket av 1878; det paalegg Læraranne aa tala Barnets eiget Maal so vidt mogelegt; men dette vert gjort so reint forlite enno.

 

Men Talaren meinte det kunne gjerast mykje meir for norsk Maal i Skulen. Han vilde, at Borni skulde læra aa lesa Landsmaal. Det er slett ikkje so vanskelegt, ja dei lærer det merkjeleg snart; for her finn dei kjende og kjære Ord. Borni tykkjer i Fyrstningi, at det er so rart dette, dei liksom spør: kann det ganga an aa skriva Maalet mitt og daa? Ord, som ein lyt forklaara for dei er mykje lettare aa faa dei til aa skyna, for fordetmeste so hev ein eit liknande Ord i Bygdemaalet, som vel kann hava ei onnor Form, men naar Barnet fær høyra det, stend Tydningi klaart for det. Han totte, det vart meir grundig Lesing, naar ein els norsk, ein gjeng meir paa Yverflata, naar ein les dansk.

 

Fordi at norske Ord maa liggja Barnet nærare enn danske, fordi Barnet betre kann forstaa desse Ord, og derved tenkja meir, naar det les, og fordi det  berre er den naturlege Veg, det, at Barnet fyrst  lærer aa lesa sitt Morsmaal, difor er det me maa sjaa aat, at Barnet fær si fyrste Bok paa norsk. Tal. hadde dessverre ingen eigen Røynsla aa stytta seg til her; men han hadde talat med Lærarinnur og Lærarar, som i mange Aar hev undervist etter norsk ABC, og dei var væl nøgde med Utfallet, ja dei vilde ikkje byta ABC att paa nokon Maate. Tal. nemnde den nye ABC’i hans Andreas Austlid, som snart skulde koma ut. Det var godt um Læraranne gjorde seg kjend med ho, og um moglegt tok ho i Bruk i Skularne. Han trudde nok, at dei vilde tykkja dette var svært radikalt, men dei maatte tenkja yver, um ikkje dette var den naturlege Veg aa ganga og difor den einaste rette. Det er ikkje sant, det Motstrævaranne sagde, at me ikkje vil læra Borni dansk. Aa jau, me lyt nok læra dei dansk enno ei lang Tid, og undarlege Lærarar maatte me vera elders. Men det me fyrst og framst krev, er, at norsk Maal vert likestelt med dansk; men Grunnlaget for Maaldaningi maa vel leggjast paa Morsmaalet, det maa me i Naturens Namn ha Lov til aa krevja. Kann Borni læra aa lesa paa dansk fyrst, so kann dei likso godt faa si fyrste Bok paa svensk, - ja det kann dei, dersom det framande er meir naturlegt enn det heimlege.

 

Tal. vilde, at ein Lærar skulde gjera so mykje som mogelegt ut av dei norske Lesestykkje i 3dje Skuletrin av Leseboki. Det var mykje bra, me hadde dei; han hadde mykje aa utsetja paa Leseboki, og vilde helst ha ei onnor; men her totte han Leseboki var framum si Tid. Dersom Læraren brukad dei og las nokre faae Minuter av kvar Time, so kunne Borni læra aa lesa Landsmaalet, det hadde Talaren røynt. Han vilde i Parantes segja, at det nye Leseverket me hadde fenget, Pauss & Lassens Lesebok, var for rædd norsk, det var ein stor Lyte ved Boki.

 

Men Tal. meinte, at Læraranne paa mange andre Maatar kunne gjera Borni kjent med norsk Maal. Soleis kunne dei læra Borni aa syngja norske Salmar og Songar. Han bad Læraranne gjera seg kjend med ”Norske songar og kvæde” av Heyerdahl og ”Nokre Salmar” av Blix, utkomne paa ”Det norske Samlags” Forlag.

 

Men ikkje nok med dette: i Skrivetimarne kunne ein ogso gjera noko. Dersom Læraren brukad aa skriva upp Forskrift for Borni, daa maatte han skriva Ord og Setningar anten paa Bygdemaalet elder paa Landsmaalet. Tal. let Borni i øvste Klasse skriva Avskrift etter norske Stykkje. Det gjer sitt til, at Borni vert kjend med Maalet. Vidare vilde Tal. ikkje for det fyrste ganga, men at ein paa denne Maaten kann gjera noko for norsk Maal, det var han yvertydat um. God Vilje og litevetta Arbeid maa til, det segjer seg sjølv.

 

Det er sagt og vil verta sagt, at ein slik Maalstrævar maa daa forsømma mykje av det ein Lærar skal gjera; det vert Røre i Undervisningi hans, og Borni hans vert standande tilbake i andre Ting. Det kunne henda. Men Tal. visste ikkje, kva han forsømte med sitt Maalstræv. Han var yvertydat um, at han ved aa taka med dette, berre tok med noko, som utan Bøn maa vera med ved Uppdragingi av eit Barn. Det kann vel ikkje vera formykje, um Barnet lærer aa lesa norsk?

 

Tal. ynskte tilslutt, at Læraranne vilde taka seg litt av Maalet hennar Mor; det kunne henda, at me ikkje fekk sjaa, at Maalet vandt fram til Herre i sitt eiget Land; men dersom Noreg fekk standa som sjøvlstendugt Rike millom Rikerne, so vilde nok Maalet vinna fram, og daa, meinte han, det var godt, at ogso me hadde lagt vaart Arbeid til.

 

 

 

Deretter vart eit Ordskifte, som eg dessverre ikkje ser meg i stand til aa fortelja um ordentleg, daa eg var uppteket av anna. Her er litt i smaa Bolkar.

 

Lærar  Haagstad  totte Olavsen var svært rimeleg, og meinte, at Læraranne vel maatte gjera so mykje som O. hadde peikat paa. Um eit vordande norsk Skrivemaal hadde O. ikkje talat; um eit slikt kunne han ha noko aa segja, men skulde ikkje ganga inn paa det.

 

Pastor  Svendsen  hadde Hug til aa høyra, um Borni hadde noko særs Vanske med aa forstaa det vanlege Skrivemaalet, han vilde høyra eldre Lærarar uttala seg um dette. Imidlertid tok han fat paa Maalsaki i det heile og freistad aa visa, at Maalstrævaranne hadde ein unaturleg Grunn aa byggja paa, fordi dei vilde føra inn eit nytt Maal. Han heldt paa det, han kallad den naturlege Veg. Det Skrivemaal, me no hadde, maatte verta norskare ved aa taka upp norske Ord og Vendingar (i dansk Form?). Han lagde Vigt paa stutt Setningsbygnad. Dessutan meinte han, me ikkje hadde noko Landsmaal, som kunne verta Tale um aa bruka. Dei, som skriv det, skreiv det paa kvar sin Maate; det var ingen Støleik. I det, som vart skrivet, var det for mykje vestlandsk, Austlandet skynad det ikkje o. s. v. Det var dei gamle Grunnar, som vart framlagde att.

 

Sokneprest  Borchgrevink  talad um dei tvo Magter, som hadde Innverknad paa Maalet, Naturen og Folkekarakteren. Han visad, at dei ymse Landslutar uttrykte seg paa kvar sin Maate. Difor meinte han det ikkje var heppent aa tvinga vestlandsk Maalføre paa Austlandet og umvendt. Derimot var han svært glad i, at Borni talad sitt eiget Maalføre. Ja, at dei kunne fortelja t. D. Bibelsoga paa sitt Maalføre var bra.

 

Lærar Olavsen  sagde, at det var undarlegt, at ein skal faa høyra atter og atter dette, at Maalstrævaranne vil tvinga vestlandsk Maalføre paa Austlandet o. s. v. Det vil visst ingen Maalstrævar; dei vil kvar skal talasitt eiget Maalføre, det som fell naturlegt for honom. Men eit Skriftmaal maatte det til, men det skulde daa vel ikkje absolut talast. Det var daa vel ikkje so i andre Land held? Det, at det var so mykje vestlandsk i Landsmaalet hadde sine Grunnar. Det var mest Vestlendingar som skreiv det, og det norskaste Maal hadde me vel ogso der; men han meinte, at me Austlendingar maatte verta meir med, for me hadde ogso mykje godt norsk aa føra til eit norsk Skrivemaal. Det er Pastor Svendsen hadde kallat den naturlege Veg, var vel paa ein Maate for Danskarne, men ikkje for oss. Me maatte ha heimleg Klædnad paa vaare Ord, elders vart dei ikkje naturlege. Han visad til den historiske Veg. Han trudde ogso paa den. Han umtalad Maalstrævet i Sverik paa Kyrkjevølingi si Tid. – Det var undarlegt, at dei kravde av Maalstrævaranne, at dei skulde koma med eit Maal, fuldt utviklat, paa same Tid som dei talad um Utvikling av Maal. Det var sant, at Landsmaalet vart skrivet paa mange Maatar, men det maatte so vera i ei Nydaningstid. Han totte, det Skrivemaal me no hadde, vart skrivet paa likeso mange Maatar, det som vel er so dyrkad? Han totte det spaadde um Uppløysing.

 

Kyrkjesongar  Størvold  totte, at det var naudturvelegt aa tala Maalføre aat Borni; kvar Lærar maatte gjera det. Likeso maatte Borni læra aa lesa Landsmaal, for Landsmaalsbokavlen var so rik, at Borni ikkje maatte vera utestengde fraa han. Men, at Borni skulde læra aa lesa etter norsk ABC, det vilde han ikkje vera med paa.

 

Lærar Nordtorp  talad ogso mot Innføring av norsk ABC, han trudde det vilde verta ugreidt. Forresten trudde han, at eit Maal best utviklar seg, naar ein let alt Stræv liggja.

 

Lærar Baardset  vilde ogso, at Læraren talad Maalføret aat Borni, og at dei vart tilheldt aa tala det so greidt som mogelegt, men han trudde nok, at det trengdest, at det vart sagt, for det vart ikkje altid gjort.

 

Lærar Langgaard  hadde kaupt seg Høyems Bibelsoga for aa finna ei Hjelp i ho til aa fortelja Bibelsoga paa Bygdemaalet, men han hadde ikkje funnet nokor Hjelp i ho; han fann ho derimot svært vanskeleg aa skyna.

 

Olavsen  hadde ogso Høyems Bibelsoga, og fann ei stor Hjelp i ho; det var mykje, han ikkje likad, men det let han liggja. Den bedste Hjelp ein Lærar kunne faa ved aa fortelja paa Barnet sit Maalføre, var aa lesa Bøker paa Landsmaal. Han brukad soleis ”Norges Soga”, naar han fortalde Fedralandets Soga.

 

Møtet sluttad med det, at dei song ei Salme, og Formannen framsagde Truesvedkjenningi.

 

N. O.

 

 


Frå Fedraheimen 01.12.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum