Hr. S. i ”Fedrah.” No. 66.

 

Ja, gode S., so “gild” Mann er eg daa, at eg vil lyda etter Kritikk. – Godtfolk, les berre Bøkerne og seg, kva de tykkjer. Lærdomen, eg kann faa av det, hev eg Bruk fyr. – No kann eg sjaa mange Feil i Bøkerne, som eg fær Skuldi fyr, naturlegvis, endaa ikkje alt nettupp fell paa meg. Eg leet dessverre ein norsk ”Danske” styra med Trykkrettingi paa ei av Bøkerne, og daa kann de vita, kor det gjekk. Det skal verta betre seinare.

 

Men no vil eg beda Hr. S. skriva, kva han meiner sjølv um ”Forteljingar”, og kva ”Betre det enn vera Allemanns Ven og lata Mons Litlere faa Vantakk og Pengetap”skulde tyda.

 

Kjerleik”  av  Bergtora  hev eg skrivet um fraa svensk. Det skal verta sendt til Ivar Mortenson. Han er nok so hæv og vøler um det.

 

Til alle Maalmenner vil eg senda den Helsingi, at dei lyt gjera so væl og kjøpa dei nye Bøkerne fraa ”Norskmålets bokhandel” og faa dei ut millom Folket. Eg hev fengje 6 Tilbod fraa gilde Maalmenner um, at dei hev Forteljingar og Dikt, som dei gjerne vilde faa utgjevne. Det skal nok bera laust no. Men det vert ikkje kostat Trykk paa dei, skal det vera Von um, at dei vert liggjande paa eit ”Myrkloft” i Naustdal.

 

4/1186.

 

Med Vyrdnad

 

Mons Litlere.

 

 


Frå Fedraheimen 01.12.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum