Kristiania, den 30te Novbr. Kva Svensken segjer.

 

Det kann vera nokso gildt aa sjaa paa, korleis Svenskarne i det heile stillar seg til Fridomen vaar. Me hev so ofte høyrt Tale um dei svenske Brødrar, at det kunne visst vera paa Tidi aa sjaa etter, korleis det i grunnen er med Brorskapet. Mest alle Svenskar er samde um aa negta oss Sjølvstende- og Likskapsretten vaar, soframt me ikkje gjeng med paa aa udvidga Sameiget. Men det finst daaa nokre, som ikkje vil det helder. Dei kallar heile Unionen eit ”Oväsen” og dei ser gjerne, at Framlegget hans Quam gjeng gjenom, for daa trur dei, det skal verta Høve til skilja dei tvo Land aat. Det er Svenska Dagbladet, som er Organet aat desse Folki. Flokken er ikkje stor, men han staakar dessmeir.

 

Eit anna Parti, som er mykje større, stend ikkje langt fraa det fyrste. Det Blad, som her hev mest aa segja, er Nya dagl. Alleh., som vert styrt av Marcellus. Dette Blad skriv, at det gjeld um aa kuga det demokratisk-republikanske Partiet og lata Kongen faa att dei Retter, han hadde fyrr 1884. Det er daa serleg det absolute Vetoet, dei syrgjer so for. Prof. Sars hev i den litle Boki si, som han nyleg gav ut, sagt, at daa Svenskarne i 1885 brigdad paa Grunnloven sin, so ar det eit Voldsverk mot Noreg. Dette segjer Blader er ikkje sant og det er heilt grunnlaust ettersom Sverik fekk Retten til aa leda dei diplomatiske Saker, daa Unionen vart skipat. Difor kom det ikkje noko um dette inn i den norske Grunnloven.

 

Naar so me Normenner segjer, at me hev same Retten til aa brigda paa Grunnloven vaar, som Svenskarne paa sin, so svarar Bladet, at Norges Grunnlov i visse Maatar er ei Kontrakt med Sverike.

 

Tridje Partiet sitt Blad er Stockholms Dagblad. Dette likar Unionen, men det vil ikkje vita noko av, at Noreg skal vera verkelegt likestillat og sjøvlstendigt. Det hev og vortet sinnad paa Boki hans Sars og det skriv skarpt mot ho, serleg naar han segjer, at Noreg maa hava same Retten som Sverik til aa setja inn i Grunnloven sin um dei diplomatiske Sakerne. Her er ein Stubbe:

 

Soframt ein meiner det med Magti, at Stortinget kann sitja i Salen sin og gjera baade dette og hint Vedtaket, so kann dette vera sant nok. For ingen kann hindra Stortinget i aa brigda paa Grunnloven, endaa um dei gjorde det paa den Maaten, at dei vedtok, at t. D. diplomatiske Saker skal verta fyredregne av ein norsk Kongsraad, elder at diplomatiske Utsendingar skal vera norske Borgarar, elder at Kongen alltid skal bu i Noreg, elder anna sovoret. Men aa gjera eit Vedtak er ikkje det same som aa faa det til aa verka, for daa kjem det fleire til, enn det norske Stortinget.

 

Er det ikkje anna det kjem an paa, so kann nok altid Tinget gjera Sars denne Tenest. Men vert det ogso kravt, at Unionskongen skal retta seg etter dette, naar han sit paa Stockholms Slot saman med dei svenske Rigsraadar, som er andsvarlege for svenske Stortinget, so er visseleg Kravet paa Magt større enn Evni, for daa kjem det svenske Stortinget og med. Og me skal taka mykje i Mist, um det ikkje gjeng soleis, at ”Sagen vedlægges Protokollen”.

 

Det er verdt aa merkja seg dette. Stockholms  Dagblad  trur, det er sjølvsagt, at Svenskarne vil negta oss same Retten som dei sjølve hev til aa vera med i dei diplomatiske Saker.

 

Det finst endaa eit Parti i Sverik, dei sokallad ”Venerne vaare”. Dei er no ikkje betre dei enn hine. Dei kann ikkje koma burt fraa Tanken um, at Noreg stend under Sverik. Den held dei paa og difor er dei likso vonde, ja mykje verre til aa skjenna paa Prof. Sars, enn hine. Falske Vener er verre enn ærlege Fiendar.

 

Svenskarne byd oss altso anten aa halda paa den Ordningi, som no er, elder ogso aa utvidga Sameiget med dei.

 

Kva skal me so gjera? Jau, Svaret er klaart, tykkjer me. Vil ikkje Svenskarne gjeva oss full Likestelling med seg, ja so fær Bandet bresta millom oss. Svenskestyre finn ingen Normann seg i.

 

 


Frå Fedraheimen 01.12.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum