Professor Helland

 


heldt no Fredagen var det andre Fyredraget sitt i ”Folkeskolelærerforeningen”.

 

Fyrst tok han uppatt ei Beingrind av det fyrste Fyredraget, og so gjekk han laus paa

 

Kolformasjonarne. Kol raakar ein au i dei andre Formasjonarne, men her ligg dei lødd som ein Kornstade. I Newcastle er Tjukkleiken av Kolstaden mest 1000 M. Han ligg i 30 Lag, men berre 20 M. er einaste Steinkol. I Sarbrücken er han 3500 M. tjukk, og ligg i 164 Lag, og Koli er 100 M. tjukk. Under Koli ligg ei Flisegrjot-leira, som ein finn Tre-røter i, og i sjølve Koli finn ein Skorpionar, Kinglar og Fiskar, som er vortet til Stein. Her finn ein au dei fyrste Krjupararne. Trevokstern paa den Tidi liknar mest Ormestampen vaar. Lauvtrei kjem ikkje fyrr mykje seinare, i Krit-formasjonarne. Kolfloi syner, at det hev voret sørkutt og myrlendt, plent som ved Elvemunningar. Det hev voret Varme i Veret, og Vokstren hev voret framifraa gild.

 

Mange meiner au, at Lufti hev havt meire Kolsyra i seg, enn ho no hev. Kol finn ein i England, Tyskland, Belgia, Nordamerika og Kina. I Belgia er Kolstaden 500 engl. Firkantmil i Vidd, i England er han 12000 og i Nordamerika 130,000.

 

Kvart Aar vert det gravet upp 270 Mill. Ton Steinkol i heile Verdi, og den Haugen er verd 4 Mill. Frank. England grev upp det halve, og her er dei djupaste Kol-grøfterne som finst; dei er 1000 M. djupe. Steinkoli vil eingong taka Ende, det er rimelegt; men dei hev reknat ut, at um dei grev seg 4000 M. ned i Jordi, so hev me Kol nok i 5-6 hundrad Aar. Amerika hev meire Steinkol enn England; difor kann ein vera stød paa, at Amerikanaranne kjem til aa faa Yvertaket yver Engelskmennerne i Industrivegen.

 

Etter Kol kjem Dyas-formasjonarne. Her finn ein Koparstein (Koparverket i Harmsfeld). Koparlaget er ikkje tjukkare enn ei Mannshøgd, der det løner seg aa driva. Koparskiferen synar, at Sjøen hev brotet seg inn i Fjellet, og dei Fiskarne, som daa vart med inn, hev rotnat, og so hev Sjøen brotet seg ut att.

 

Dei Formasjonarne, som no er umtalat, høyrer til den elste Tidi paa Jordi, og Dyri ein finn er Fiskar, Krjuparar og Beinlausingar. Pattedyr og Fuglar kjem fyrst seinare.

 

I Triasformasjonarne  kjem me inn i Millomtidi aat Jordi, og daa finn me Pattedyr, Fuglar og Lauvtre. Her hev dei funnet Pantserfirbeiningar(Handdyr), som er vortet til Stein. Bergslaget er Steinsalt, difor kallar dei au desse Formasjonarne Salt-formasjonarne. Øvst i Staden finn ein Pattedyr (Pongdyret). Yver Triasformasjonarne ligg:

 

Juraformasjonarne. Dei hev Namnet sitt etter Jurafjelli. Her yrer det baade av Dyr og Voskter, som er vortet til Stein. Her hev dei au funnet fljugande Firebeinsdyr, som var 20-30 Fot lange, og so den fyrste Fugelen: Archeoperus. Han liknar Firebeinsdyri; for han hev Tenner og Rompebein med Fjør paa; ei Fjør paa kvar Side. Men alle desse Dyreslag er burtdøydde.

 

Kritformasjonarne  er komet til paa djupt Vatn, og her finn ein daa dei fagraste Lauvtrei. Dei likaste Steinlauvtrei finn ein merkjelegt nok paa Grønland. Daa hev det voret likso varmt der, som det no er i Egypten (paalag 20-22 oC).

 

So kjem me til den tertiære  Tidi. Ho kløyver seg i tvo Delar: Deosen(den elste) og Neogen(den yngste). Daa var det Pattedyr i lasse-vis. Men det er berre 1 % av dei fraa den elste Tidi att no. Verlaget hev voret subtropisk (20-22 oC). Alparne vart til paa denne Tidi. Karpatarne og Himmellayafjelli hev hævet seg seinare. I Alparne hev dei funnet Kalkstein so langt som 10,000 Fot upp i Veret. Jordi saag ikkje soleis ut daa, som no. I den yngste Tidi finn dei Elefantar og andre pjuskelege Dyreslag.

 

Det vart fleire og fleire av dei Dyri, som no liver, til lenger fram ein kjem. Tilslutt finn ein Mamut-dyret, Rinocer-uksen og Holebjørnen. Dei trudde fyrr i Tidi, at desse Dyri var til fyrr Menneskjurne; men dette er ikkje sant; det hev dei nyare Leitararne synt paa det klaaraste. Dei hev nok livt paa ei Tid dei, for dei hev funnet Beinknokar i Bergholer, og i Irland hev dei funnet Kjempehjortar, som er voret drepne med Pilar.

 

Dei fyrste Menneskjurne kunne ikkje gjera Leir-kjerald, og all Reidskapen deira var anten av Stein hell Bein. Dei budde i Holer, og Vaapni dei hadde var Klubbar og Slyngjar. Dei stod i det heile paa det laagaste Kultursteget. I Holerne hev dei funnet Dyreteikningar, og det syner at dei dreiv med Teikning daa au.

 

Det vert kaldare og kaldare mot Enden av Tertiærtidi, og daa kjem Istidi  au.

 

 


Frå Fedraheimen 01.12.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum